søndag 15. mai 2016

"Verfast" på Tunes - Pinsepadling dag 2

15.05.16 Vest for Knivskjellodden - og meir som eit "point of no return" for oss - ei lita strand med ei stor historie. Vi landa kring midtnatt, og var eit heilt døgn på Tunes. Innhaldsrikt og flott. Nok tufter og spor etter folk til at fantasien fekk bryne seg. Noko av det vi spekulerte i viste seg å vere sant, etter å ha googla litt i etterkant.

Magisk på Tunes

Ingen vil gå å legge seg. Båling og sosialt i Finnmarksnatta. På slike dagar er Finnmark betre enn Syden. 

Ragni fortalte historier om Tunes-brørne, og ei av dei kan lese her: http://nordkappsagn.blogspot.no/

Kva har dei kokt her? Tran? Kval?

Litt soving og morgonstund har gull i munn! Her var det berre å dra ut soveposane, slumre i sola og ta eit morgonbad!!

Beviseleg uti og eg tippar det vart totalt 8 svømmetak. Kristin og eg naglar mai-badet her.   

Welcome to Tunes, Finnmark! Knivskjellodden stikk ut bak der. Bading på 71 grader nord er ikkje å forakte. 

Fleire enn oss som kosar seg på stranda. 

Kulturminne - opptrekk av noko slag

Gamle tufter. Kva var det her?

Tømmer, ved og søppel. Det står ikkje på. 

Menneskeskapt grop. Gamle kokeovnar? Lignar på kvalgrytene eg såg på Svalbard i fjor. 
Desse låg og på rad og rekke i terrenget. 

Naturleg jettegryte

Det var utruleg spennande å gå rundt her. Ein kunne sjå for seg familiar, fiskarar, slit og kvardagar. Kyrkja på Tunes er nemnt første gong i 1589. og kirkestaden er truleg frå siste del av 1400-talet. Sjølve Kyrkja stad på Kjerkestappen, medan gravplassen/kapell var her. Kring 1520 budde det 21 familiar på Tunes, og bygda hadde rykte for å ha "store fine jorder etter Magerøystandard". 
Kilde: Kirkesteder og kirkebygninger i Troms og Finnmark før 1800 av Vidar Trædal

På kyrkjegarden (Foto: Kristin)


Dei fastbuande. Foto: Knut-Magne

Lurer du på kva dette er for noko?

På Gaphaugen 56 moh - utsikt mot Gjesværstappane. Kjerkestappen i midten. 

VHF og mobildekning. Vermelding på alle kanalar. 

Meldinga var stigande vind, frisk bris 10. Alle har vore ute i ymse ver før, og hadde ikkje noko å bevise. Beslutninga vart å overnatte på Tunes ei natt til, og prøve å runde Nordkapp dagen etter. Ikkje dårlegaste plassen å vere "verfast". Sjølv om veret eigentleg ikkje såg så gale ut, vart vi overbevist om at beslutninga var rett då vi såg ein snurravadbåt i aksjon seinare utpå kvelden. Den gynga og kva godt. Det hadde vore ruskut å leggja utpå med 22 kg glasfiber. Om veret ikkje var dramatisk, så har eg ein funksjon på kameraet som heiter dramatisk:   

Vesterkeila mot Gjesværstappane

Tunes med kyrkjegarden til venstre (murane viser som ein firkant) og Knivskjellodden bak

Kajakkar på vent

Ventebål

Ventebollar (Inga nød på Tunes anno pinsa 2016)

Kristin - optimist før legging!

Sidan veret var greit bestemte vi oss for overnatting under åpen himmel. Det var skikkeleg lurt - NOT, for ca 5 minutt etter elgging ausa det ned. Eg trakk fjellduken over hovudet og prøvde å gje blaffen. Oppsummert: Ein søv betre i telt når det regnar. 

Nordkappmuseet har kulturminnevandringar til Tunes, og stadfestar at det er hustufter frå steinalder og middelalder, kirkegard frå middelalderen, gardshaugar og spor etter kvalfangst både for 100 år sidan og moderne tid her. 

3 kommentarer:

  1. What a great place that is Lene; I could spend many hours exploring there! I love the image effects on some of the images too. Please, please could you add a "translate" button so I can more easily enjoy your words?!

    Hva et flott sted som er Lene ; Jeg kunne tilbringe mange timer å utforske det ! Jeg elsker bildeeffekter på noen av bildene også. Vær så snill kan du legge til en " oversette " -knappen slik at jeg lettere kan nyte dine ord ?!

    :o)

    :o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Google translate bar is put on the right hand side now. Norvegian comes in two different written language styles, and I enjoy writing the minority one. So Google translate doesn't understand my tekst very well I'm afraid. Unfortunately. :)

      Slett