mandag 16. mai 2016

Nordkapp - Pinsepadling dag 3

16.05.16 Litt avventande frukost på Tunes. Legg vi ut herifrå med vind og straum i ryggen, er det ingen veg attende før etter vi har passert Nordkapp. Vermeldinga var bra, sjøen såg fin ut, og vi gjekk heilhjarta inn for "Kappa".

Point of no return. Avgang Tunes. 

Nordkapp! 

Halo og Nordkapplatået. Godt teikn?

 
 
Breie glis på heile gjengen! (Foto av meg: Knut-Magne)

Litt sjø ved Knivskjellodden, men ikkje meir enn at det vart einhandssjølfie
og teambildefotografering...

Knivskjellodden rett bak. Foto: Knut-Magne

Foto: Knut-Magne (med Ragni sitt apparat?)

jepp. Nordkapp ja. Ingen tvil. 

Vinden løya som meldt, det vart flatt hav, og vi kunne padle under og inntil Nordkapp. Rått fjell rett i havet. "Ringenes herre"-aktige formasjonar. 

Under platået

Nordkapphornet

Hornvika med sti opp på platået. 

I Hornvika vart det rådslaging. Vi kom fram til plan F - og då vart det turisme med stor T. Fin sti/turveg opp bratta i Hornvika. 

Kongesti og kongefolk i Hornvika. No som i gamle dagar. Foto: Kristin.

Quiz: Kva skjer her? 

Gåande gratis. Møringane kosar seg på begge sider av kameraet OG gjennom bommen.

Vi gjekk gjennom heile senteret. Krigshistorie, fuglefakta, thai-monument, og porselen til både kaffien og etterpå.  

TEAMBILDE! Vi erobra Nordkapp frå alle kantar denne dagen. 
Kulast nedanfrå i kajakk, spør du meg. 

Godt nøgd med Nordkapp 

Siste etappe for dagen mot Lille Skarsvåg. 

Glidelåsar for ente gong. 

Havblikk i grått over til Lille Skarsvåg. Det såg ut som berre stein, men ein oase med innlagt vatn openberra seg. For ein leirplass som gøymde seg mellom steinane! 

Ferskvatn - berre å fylle rett i frå kajakken. 

Idyll og perfekt leirplass.

Godstemning i tarpen - frå middagslaging.... 



...til sjampis-spretting ved midnatt. John Ivar sørga for salutt ved inngangen til nasjonaldagen.  
Det var mange gode sangstemmer i gjengen denne gongen, så det var allsang og fleirstemte tonar i tarpen utover kvelden. Veldig hyggjeleg lag. 

Litt søppelrydding - meir enn rikeleg med plast her og. 

Lille Skarsvåg Hilton Hotel. Utsiktssuita. 

Kristin sin endomondo: 24 km

8 kommentarer:

  1. Härlig berättelse o vilka bilder från paddlingen! Stort tack för delning!

    SvarSlett
    Svar
    1. Bare hyggelig - koselig at andre kan nyte glimt frå turen og.

      Slett
  2. Flott skildring og jeg må si at jeg ønsker at jeg var i lag med dere, så ut som en utrolig flott tur.

    SvarSlett
    Svar
    1. Flott tur, men labert hengekøyeterreng da ;)

      Slett
  3. Wow, well done Lene, that's a proper headland to paddle!

    :o)

    Kind Regards

    SvarSlett
    Svar
    1. Yeah - we're really lucky to get calm sea and great conditions for paddling!

      Slett
  4. Fantastisk flotte bileter! Misunneleg, men vel vitande om at eg hadde daua av skrekk held eg meg til akkurat det; å være misunneleg! :)

    SvarSlett
  5. Godt gjennomført Lene & co ������ Det hadde vært no førr mg det der��

    SvarSlett