mandag 21. mars 2016

Ullstinden (1078 moh)

21.03.16 Ullstinden har rykte på seg for slake bakkar og stor utsikt - og både Kristin og eg vart freista. Nybegynnarfjell og skredsikkert - betre vert det ikkje!

Skiing to Ullstinden east of Tromsø. Nice and easy slopes, Avalanche safe route and a full view of the Lyngen Alps from the summit. 950 meters run in great powder snow from the top to the car. Ullstinden is now on my favourite list!




Første glimt av målet frå Skittenelv


Fantastiske Lyngsalpar i syne allereie på parkeringsplassen  

Stor brøyta parkeringsplass med parkeringsvakt og 30 kr/dag.

I trøya oppover bakkane! #påskestemning


Dit skal vi!


Diamantsnø og appelsin. Sittegrop og sol. Lunsj. #Påskestemning


Råare variantar av Lyngsalpane dukka opp.

Diamantsnø, alpefjell, skikøyrerar. Spanske gloser. Er vi i Norge? Er vi i alpane? Nøgde spanjolar høyres nett ut som nøgde nordmenn. Jiiiihaaaa!


Seige bakkar og nydeleg utsikt heile vegen! #Påskestemning


Siste kneika og så vakkert at det nesten gjer ilt.


Toppen! Fantastisk utsyn i alle retningar. Lyngsalpane og fjorden var fantastisk!

Panorama


Fine fjell sørover og. Er det Oteren i horisonten?


Iskaldt på toppen. Det vart fjellduk. Sydentemperatur inni - Nordpolen utanfor.

Pudder! Sjekk svingane! Herleg! (Foto: Kristin)  


Rå utsikt! Fine bakkar. Perfekt puddersnø. GLIIIIIIS.


950 høgdemeter med pudder! #Påskestemning


Kart

Kristin sin endomondo: Totalt 11,3 km og 950 høgdemeter.

Ullstinden er på favorittlista mi. Fantastisk utsikt, fine bakkar med slak køyring. Knallføre frå toppen og heilt til bilen. Hit går eg gjerne fleire gonger!
Kristin fabla om sommartur med telt og midnattsol på toppen, som og må vere heilt fantastisk her!


Velkomst hos Kristin :) Ikkje noko sak å vere påsketurist her!





2 kommentarer: