onsdag 22. april 2015

Kjeringi Open - vaorens vidlaste eventyr

17.-19. april. Øyremerkt helg til Sognetur, Jorunnbesøk og Kjeringi Open. Eg lada opp med halsbetennelse, antibiotika og ei veke med nærare 40 i feber. Det såg svart ut ei stund. Heldigvis livna eg til i tide, og det vart tur! Kristin og Jarle fylte bilen med utstyr.  Eg bestemte meg for å droppe løpet, ta det som ein fjellskitur og sjå an kreftene. Vi susa gjennom vakkert Vestland frå sveleferge til sveleferge. Nysnø, sol og gåsungar på trea. Vi akka og oia oss over kor fint det var.


We had signed up for the “Qadrathlon” "Kjeringi Open" in Sogn. The drive was stunning; Fjords and mountains, snow, sun and spring. The westcoast of Norway at it's best. Saturday morning we started early to get to the top of the mountain "Kjeringifjell" (meaning "Woman Mountain") at 1314 masl. The competition started here at 13.14. First downhill, then crosscountry skiing, before running. The last leg is cycling. The finish-line is down by the fjord. If you do all legs you can call yourself Superwoman afterwards! Great fun and a very good excuse to spend the weekend with our friends here.    

Gjensyn med gamle vennar var stas og fredagskvelden vart vi sittande og diskutere løp, lage strategiar og prate "tudlesognamoal". Eg angra veldig på at eg hadde lagt att utstyr og takka nei til startnummeret mitt. At ein skal vere så snusfornuftig!

Vekking 6.30. Avgang "heime" 07.45. Det var ein fordel med erfarent bakkemannskap. Logistikk og lokalkunnskap var gull verdt.

Syklane klare til siste etappe

På Kleppa med resten av utstyret. Utplassering av joggesko, på med fjellski og bæring av langrennsutstyr til neste vekslestasjon. Forventningsfulle.  

Langrennsutstyret plassert i båsar her. 

Opplegget var ekstremt velorganisert. Dette kunne dei, arrangørane.

No la vi i veg på preppa løype oppover fjellsida. 

Fine løyper

Fjordutsikt innover

Disco-hola. Her var det lunsj. 

Humøret på topp - formen grei. Sognefjorden utover 

Maur? 

Det var triveleg å gå i flokk og følgje oppover fjellet. Alle tok det  med ro, og hadde tid til å nyte utsikt, sol og ein prat. 

Nesten oppe

Løypa gjekk over nokre haugar, og toppen var småkupert. Vi måtte ta høgde for å gå opp nokre kneiker på nedoverturen og. Berre dei aller beste kom til å ha nok fart til å suse over.

Flott utsikt!

Toppen: Kjeringafjellet (1314 moh)

  Organisering på toppen

Potensielle superkjeringar! Klare til innsats.

Klar, ferdig, GÅ! 

Starten

På eit blunk var alle ute av syne. Eg fekk fjellet for meg sjølv nedover. 
GPS-info, fjell-etappa: 6,6 km, 853 høgdemeter fall, 114 meter stigning. Trym Nygård Løken var raskast på denne etappa med 7min 24 sek. Det er rått! Eg brukte 29,5 min på fjellski (snitt 13,4 km/t, maks 40 km/t). 

Kristin og Jarle jobba seg målretta gjennom etappene og kom seg i mål med hederlege tider. 
Dei nye Superkjeringane i Kystverket! 

Eg tok det meir med ro. Snarveg til stadion i staden for langrennsløypa, gjekk rett på sykkel på Kleppa, og stakk innom "heime" på vegen. Vi hadde gløymt å sette "sprudlevatnet" på kjøling om morgonen, og nokon må ta ansvar for dei viktige tinga. Det kan ikkje vere berre leik og moro.

Jorunn, Arnt Ola og ungane hadde kosa seg på kaia medan dei venta på målgang. Det var opplegg for ungar, utstillarar, griling og underhaldning i målområdet. Eg sykla ut, og vi vart sittande der nokre timar. God stemning. Ungdommane frå Danseverkstaden og Roar Werner med "Kjeringi Open - sangen" var høgdepunkt. Kanonarrangement! Berre blide folk å sjå. Eg trur Kjeringi Open totalt sett er det mest velorganiserte arrangementet eg har vore på. Byråkratbygda leverar! 

Sognefjorden!

Sjølv utan startnummer hadde eg komme meg frå fjell (1314 moh) til fjord (0 moh) på godt under to timar (og totalt utan krefter etterkvart, så det var i grunn greit utan startnummer).

Blomar på frukttrea. Lam i bakkane. Snø i fjellet, vår i bygda. No er det vår! 

Litt prega av ein ekstremt lang og innhaldsrik dag laurdagen, toppa med sein kveld på Sognefjord hotell - veldig kjekk helg i lag! 

Tusen takk til Jorunn og Arnt Ola for at vi fekk komme på besøk! Det var kjekt å sjå at de har fått det så fint, og ei veldig hyggeleg helg! Eg har fått augene opp for at Leikanger er ein brukbar plass. #Trivselsfylket

Eg veit kor eg har tenkt å vere 16. april 2016. Sjåast vi?
 #Superkjering. 

Film frå Kjeringi Open 2015 (Verd å sjå! 3 minutt med "heile konseptet")
Link til Kjeringi Open på Fjellfant.com (Kristin sin versjon)
  
Kart frå: 
 http://www.kjeringi-open.no/INFORMASJON/Kart/LOEYPEKART

Hugs til neste gong: 
- God tid fredag ettermiddag - kjekt å sosialisere 
- Skismøring er avgjerande - preppe ski, glider på randoski, festesmøring langrennsski
- To lunsjar på veg opp er lurt
- Sette frå seg sykkelen i rett gir og sjekke bremsene dagen før
- Ingen grunn til å være forkjøla før eller under denne helga, det kan vi droppe neste gong

mandag 13. april 2015

Påskepudder i Norangsdalen

31.03  Du veit du er tidleg på'an når mjølkebilen tek same ferga. Morgonsendinga på radioen var om redningsaksjonen om natta - på det same fjellet vi skulle på! Det var omlag ein million grunnar til å møtast tidleg, så åtte presis var vi på plass øvst i Norangsdalen. Ny dag, solrik og fin og ikkje meir stress no.

Skiing (randonnee) in Norangsdalen. We reached for Kvitegga. At 1200 masl we decided to stop. The view was stunning and we were already in the heart of the alps. Further on, the the snow turned to ice, and the forecast said more clouds in the afternoon. 900 meters run in sunshine and powder snow was far more tempting than getting to the top. And what a ride! The best downhill ever! 

Norangsdalen vidare nedover. Fivelstadnibba til høgre.

Snødalen opp mot platået som går innover mot Kvitegga som ligg til høgre utanfor bildet

Vi var først. Det var spor etter redningsaksjonen frå natta før, men elles stilt i dalen. Sola varma allereie i bjørkeskogen. Skia på frå bilen. 

Sva og gammal snø

Det er sjeldan eg gler meg til nedturen frå første steg. Pudderføre, store slake bakkar, godt lys, jau det kribla. 



Høgdemetera skal no gåast uansett, men flott føre og fin utsikt på vegen er heilt greit.

Fleire folk i fjellet. Meir utolmodige enn oss..

Etterkvart vart det hardt. Knallhardt. Iskald vind. Vi diskuterte litt. Klokka gjekk. Vi tok lunsj og såg an korleis det gjekk med dei andre medan vi togg i oss skivene. I bratta over breen sleit sjølv dei spreke karane med feste og bautinga. Nokre tok av skia og bytte til skarejarn eller broddar. 

Karane i bratta, rett før dei må av med skia. 

Vi vart einige om å gå på utsiktspunktet på ca 1200 meter over havet, nyte utsikta og suse nedover pudderet att. Vermeldinga sa overskya til ettermiddagen. Om vi gjekk for toppen ville vi bruke lang tid og sannsynligvis få flatt lys nedover att. 900 høgdemeter med pudder i strålande sol freista meir enn å kjempe med isen vidare. Eg trur eg held på å verte ein skikkeleg vinterentusiast når eg vel skiføret framom toppen. Kvitegga ligg der til seinare ho. 

WOW for ei utsikt!!!

Norangsdalen med stolte tindar! Slogen, Smørskredtindane og Skruven m. fl.

Teambilde for dagen! Det var ein skikkeleg FANTASTISK turdag. 

Therese med toppen på Kvitegga bak. Ja, eg skal dit. Ein gong. 

Vi trippa og var ivrige. Av med fellene. No altså. No skal det nytast!! Eg har ikkje hatt godt føre og godt lys på same tur i år, så det var på høg tid!

Juhuuu! SKIGLEDE!!!

Det var berre herleg!!

video
Smakebit av paradis! Therese nyt nedoverbakkane

Det varte dessverre ikkje evig, og brått var vi i skogen. Skogskøyring for å mørne låra skikkeleg fekk vi med på kjøpet.. 


Kjempekjekt på tur. Godkjensla heile dagen. For eit terreng! For eit føre!! Dette er ein av dei finaste skiturane eg har vore på! Kjekt å helse på Felicia - håpar det vert fleire turar på oss! 

Framleis tidleg på dag. Framleis sol. Vi sette oss i bilane. Cruisa dalen. Leika turistar. Åt sesongens første ute-is på Urke. Sunnmøre!!! Livskvalitet!

Frå Fivelstad mot Kvitegga

Urke. Slogen. Greit å kikke på under is-etinga. 

Stålberghornet og Jakta frå ferga. 

Eg har mykje ugjort her med både ski og fjellsko. Mange timar, tre ferger og to sveler seinare seig eg saman i sofaen heime. Gråveret har komme innover. Påskeveret er usikkert. Det gjer ikkje det slag.  Svisj, svisj, svisj. Eg er framleis høg på svingane ned Snødalen.