torsdag 2. juli 2015

Ulstein rundt - formtest

1.juli. Av ein eller anna grunn er eg påmeldt Tripp trapp triathlon i august. Eg er usikker på om det skuldast Mildrid sine evner til pedagogisk overtaling eller 40-årskrisa. Heldigvis så er det fleire eg kjenner som skal vere med på galskapen. Eg vaklar mellom å tru at "dette går greit" og "dette overlever eg aldri". Vi avtalte testtur og dagen kom med tropevarme og sommarsol. Oppmøte etter jobb, og vi vart einige om at det fekk klare seg med to etappar.

Testing and training before Tripp Trapp Triathlon in August. Straight from work to Ulsteinvik. Kayaking 21 km, then hiking 12 km and about 950 meter elavation. The best summer day so far in 2015, so it turned out to be a great trip as well. We think we'll survive the triathlon now, which is the primary goal.

Før. Vi har trua. 

Sommarleg padling! 

Avtalen var lite dilling og jamnt sig og heller skikkelege pausar. Det var ein frisk motvind heile vegen, som eg tippar varierte mellom 5-9 m/s. Vi fekk ikkje noko gratis slik sett. Når det er utåleleg varmt i T-skjorta med frisk bris på sjøen, ja då er det sommar, og det går litt greiare med motvindspadling!

Idyll

Her er ryggen vi skal gå etterpå frå høgre mot venstre. Kongsvollen er høgaste toppen i Hareid kommune og Blåtinden høgast i Ulstein. Vi må berre padle rundt eit par andre fjell først for å komme til start. 

Det var langt. Det vil seie - eg er ute av padletrening.  Kjekt og keisamt på same tid med transportpadling i motvind. Det er godt å kjenne at ein kan halde trøkket over tid og padle på. Eg glapp inn og ut av god framdriftsteknikk, så det er mykje å hente her. Vond skulder var betre enn frykta. Drikkeposen på 1,5 liter var tom etter to timar, så vi måtte fylle i Kjeldsund. Vi runda neset lengst sør og såg Eiksundbrua i det fjerne. Den kom aldri nærare, så det vart ei mental øving på slutten der. 21 km på 3,5 time inkludert vassfyllingspause i Kjeldsund. 

Eiksund med utsikt til Liadalsnipa. 

I Eiksund vart det ein real, litt sjokoladekake og ein god pause i solveggen. Badeliv, mykje padlarar ute, og småbåtar som tøffa omkring. Reine sørlandsstemninga!

Eiksundbrua

Mildrid leda an oppover bakkane, og eg måtte gjere mitt beste for å følge på. Det var veldig greit å bevege seg etter nokre timar i kajakk. 

Blåtinden! (1 time 20 minutt)

Teambilde! Vind, varmt og herleg! 
Klokka var ti om kvelden, men sola varma framleis godt.

Ulsteinbassenget og Herøy. Flott padleområde som vi hadde kryssa tidlegare på ettermiddagen!

Innover mot Ørsta

På veg over til Kongsvollen steig månen opp. Solnedgang på eine sida, fullmåne på andre. Heilt greit.  Vi brukte ca 50 min mellom toppane. 

På toppen av Kongsvollen og utsikta nordaustover. 

Her er det ein liten "Besseggen" vidare, med Bukketrappa som første kneik. Ryggen er kjempefin, lett å gå, smalt, men ikkje for smalt, bratt ned på begge sider og fin utsikt heile vegen bortover. 

Ryggen opp mot Kongsvollen sett frå Kvamstua. 
Her såg vi bilen og skulle "berre" over myra tilbake. 

Nede ved bilen 00.05. Henting av kajakkane og logistikk med ferge heim att. Det går fint an å sove litt i bilen på Hareid. Har gjort det før. Kjem til å gjere det igjen. 

Oppsummert: 31 km unnagjort. Formen kan verte betre og mengdetrening i alle disiplinar framover gjer berre godt. Uthaldenheita er bra, og vi kjem til å klare å gjennomføre prosjekt Tripp Trapp Triathlon, med tida til hjelp. (Trur vi..)

Heile ruta

GPS info: 

Total: 31,3 km - 7 timar og 28 minutt
Padling: 21 km - total tid 3t 26 minutt - tid i rørsle 3 timar  19 minutt. Snittfart i rørsle 6,3 km/t
Gåing: 10,3 km - total tid 3 timar 24 minutt - tid i rørsle 3 timar og 3 minutt - snittfart i rørsle 3,29 km/t. Høgdemeter opp: 966, høgdemeter ned 736. 


1 kommentar:

  1. Vert andpusten berre av å lese.....imponerende innsats jenter! Eg skal heie på dokke, men aldri i livet om eg begir meg ut på nokke slikt sjøl!

    SvarSlett