torsdag 18. juni 2015

Torsdagspadling med KYBIL

18.06. Bedriftsidrettslaget til Kystverket (KYBIL) har kajakkar, og i år har det vore litt interesse for padling. Fin gjeng med mange ferske men entusiastiske padlerar møtte opp. Eg tykkjer det er litt vanskeleg å vite kor mykje informasjon ein skal gje, og kor mykje folk skal få finne ut sjølv. Så det vart ein god kombinasjon. Etter eit bad og verdsrekord i kanting før eg i det heile var komme på meg på sjøen trur eg vi fann balansen ganske greit.

Klare for action!

Kystverket har stor variasjon i flåten.

Seglbåtane på veg inn etter regatta - no er det vår tur!

Hurtigruta ut Breisundet
 
Snirkling ved Tyskholmen

Blid gjeng! 

Veldig artig å treffe nye kollegaer og sjå andre sider av dei eg jobbar i lag med til dagleg. Det er kjekt å vere på sjøen i lag, og oppleve byen frå ukjente vinklar. Koseleg! Nokre gode historier, veldig mange gode spørsmål, og eit par fine A-HA-opplevingar på fleire. Lovande padletakter. Eg håpar resten av gjengen hadde det like bra som meg. 

Ingunn hadde lånt seg tørrdrakt og eg hadde lova å vise ho litt om redning. Vi runda av med kameratredning og eigenredning. Det gjekk som smurt, og det er greit å sjå for alle. Eg har ambisjonar om å lure med dei fleste på å prøve redningar i løpet av sommaren. 

Vi padla ca 3 km 

1 kommentar:

  1. Takk for ein flott kajakk tur!!! Flink kajakk instruktør du Lene som til og med overraska oss med smil, utpå sjøen:-) Helsing fersk kajakkpadler:-) 

    SvarSlett