lørdag 9. mai 2015

Storebjørn (2222 moh) - den vakraste vårskituren!

2. mai. Morgonsol og pakking. Vi for vidare innover fjellet til Krossbu. Det var det ein million andre som gjorde og, så det var trangt om parkeringsplassane. Vi la i veg innover dalen og opp mot breane. Strålande sol. Godt og varmt. For eit landskap. For eit skiføre! Glisa gjekk heilt rundt frå første stavtak.

Still in Jotunheimen, skiing to Storebjørn 2222 masl. Crossing Leirbrean glacier. Wonderful day and great landscape. Anders celebrated his birthday on the summit. The run was epic. Powder snow. Long and wide hills, perfekt for mountain skies (me and Therese) and telemark skies(Anders). 180 degree view over the Sognefjell Mountains all the way down. This is the best skiing I have ever done. We'll be back!


Inn mot breen. Store Smørstabbtinden først, Leirbrean vidare innover. 

Skikkeleg vårskitur! Berre lekkert!

Mot Smørstabbreen og Fannaråki

Lunsjutsikta mot Sognefjellet (Foto: Therese Moe Øye) 

Store Smørstabbtinden (2208 moh), Kniven (2133 moh) og høgde 2077 ruvar aust for Leirbrean

Sokse (2189 moh) som også vert kalla "Puppane"

Bjørneskaret på ca 2000 meter

I skaret får vi første skikkelege utsikt til Storebjørn. Markert og spesiell topp. Den er utruleg kul. Litt magisk. I tillegg er den fasinerande 2222 meter høg.  

Storebjørn (2222 moh)

Maurtue opp denne dagen. Vi gjekk med skia på til siste 20 høgdemetrane. På denne breen er det ei bregleppe som er vanskeleg å komme over seinare på sommaren, men med så mykje snø såg vi ikkje spor etter sprekka.

Kule spor (og eg må berre innrømme at ingen av dei er mine, for den første delen av denne bakken GJEKK eg ned)

Utsikt sørover frå toppen - resten av Jotunheimen. 

Anders hadde bursdag - og Therese sørga for at det vart feiring med ei toppøl!

På toppen!

Meg på bandet ned att (Foto: Therese Moe Øye)

Det vart ein episk nedtur. Det klårna opp. Sol. Puddersnø. Lange store bakkar. utsikt over og ned på Sognefjellet. Fjell i heile horisonten medan vi susa nedover breen. Det må opplevast. 

Frå Bjørneskaret og ut mot breen på returen. Magisk. 

Nedover og nedover - men likevel på toppen av verda!

Teambilde!

Her er beviset - eg KAN stå på sti (Foto: Therese Moe Øye)

Eg var framleis blid då eg kom ned. Denne turen kunne godt ha vart lenger. Mykje lenger! Denne dagen var nedturen minst like fin som oppturen!

Vi heiv opp telta - og held fram bursdagsfeiringa på Krossbu. Koseleg hytte og triveleg vertskap. Hit kjem eg gjerne igjen! 

Hytteliv har sine fordelar. Eg er framleis høg på turen. (Foto: Therese Moe Øye)

Nok ei fantastisk teltnatt i fjellet. ned mot -20 grader om natta. (Foto: Therese Moe Øye)

Storebjørn: Ca 16 km t/r og 1300 høgdemeter. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar