fredag 29. mai 2015

Stokkevågen - Avløpet - Lågøy. Pinsepadling i Solund 2015

24.-25. mai. Søndag morgon. Vind og regn. På eit eller anna tidspunkt MÅ ein stå opp for nokre naudsynte ærend. Vi hadde det ikkje travelt, og vart einige om ein lang føremiddag med slaraffen. Litt migrene som måtte pleiast, og vi andre hadde vel ikkje vondt av å slappe av litt. Det var utruleg deileg å berre dorme, sløve, sove litt, drikke litt te og la timane fare.

Lazy days in Solund. Exploring the sounds and islands by kayak is just perfect. All types of weather, exciting bird life and amazing to see the places people have been settling. 

Leirliv!(Foto t.h: Mildrid Flø.) 

 Eg fekk låne stormcag'en til Mildrid for å gå ut. Ein storleik skal passe alle - utanpå vesten. Eit fantastisk plagg. Vi vart einige om å innføre ordet padleanorakk i staden - og ein slik ein står på ønskelista. 

Klokka 13.00 tok vi oss på tak for å ete, pakke ned, og komme oss på sjøen. Det var framleis mykje ver. Før vi hadde komme oss avgarde stilna det heilt og letta opp. Kor mykje flaks går det an å ha?

Klar for tur!

Vi såg etter fleire teltplassar i Hossvågen. Der vi hadde campa var klart finast. Flaks igjen. Vi for sørover til Brattholmen, for å komme inn i Dalesundet på veg nordover att. 

Rånøyna

Det letta meir og meir, og vi tok ein beinstrekk på Tangeneset. 

Tangeneset sentrum

Frå Tangeneset og nordover mot Værlandet og Alden. Ospa ligg framom med eit karakteristisk "hakk"

Vi såg terner og ørn og diverse fuglar, men det som overraska meg mest var gauken som gol på dei ytste holmane. Mykje fugleliv i Solund!

Den friskaste padlinga denne dagen (mellom Tangenesosen og Stokkevågosen) var ikkje mykje å skryte av. Litt medsjøpadling nokre hundre meter vart det. (Foto: Mildrid Flø).

Her fekk eg endeleg fortelje historia om stokken og sjørøvarskatten i Stokkevågen! Eg hadde gledd meg i dagesvis til å fortelje den. Så då var stemninga satt og praten gjekk høgt om skattekister, kaperfart, slit og armod i tidlegare tider. 

Sist gong eg var i Stokkevågen (ca 2001) kom eg langs stien, og hugsa det som ein open og lys plass mot havet. No kom vi padlande inn under nokre bratte hamrar, og uhygga stod som eit gufs i mot oss. Fint, men skremmande, Ulikt dei andre plassane vi har vore innom i Solund. 


Stokkevågen, med tunet litt oppi lia. 

I fleire år vart det arrangert internasjonale ungdomsutvekslingar her. Det er ei sterk kopling mellom desse utvekslingane og framveksten av eit kajakkmiljø i Askvoll, men det er ei anna historie. For spesielt interesserte: Link til videoar frå utvekslingane. Sjekk Hafs 2001. 

Naustet = restaurert grindbygg. 
Ove Losnegård er aktiv trearbeidar og kystkulturentusiast som har hatt mange ulike roller i fleire tiår. Han har vore med på restaureringa i stokkevågen og eit spennande samarbeid med arkitekthøgskulen i Bergen om byggeskikk på kysten. 

Alt vi hadde var vått, og vi hadde lyst til å spele spel kring bordet på Råkeneset utover kvelden. I alle fall eg. Så vi let telt vere telt og for tilbake til husmannsplassen "vår". 

Der fekk eg oppleve årets første og truleg einaste orreleik! Damene han tiltrakk seg var oss, så eg er litt usikker på om han bomma på målgruppa. Neste morgon var han på att igjen, og brusa seg skikkeleg opp. Artig!


Pinsepadling med orrfuglleik!

Måndag og siste dagen. Kjipt med tidsfrist på padletur, men slik må det verte. 



Sygni med husmannsplassen på Råkeneset bak åra. 

"Der ingen skulle tru".. Det er fleire av sorten i Solund. 

Hmm. Må sjekke om Kystverket har fått ny merkestandard.

Vi for nordover. Eg klarte ikkje å finne att teltplassen som Nina og eg brukte på Bardøyna. Dvs fann han - på tredje forsøk. Solund er navigasjonskrevjande terreng! Mora til Mildrid hadde kjentfolk på Avløypet, så vi padla for å helse på. Alle desse stadnamna som går att, kva betyr dei? Avløyp, Stroka? Nydeleg utsikt over til Gåsvær og Ospa, og ope hav att. Eg likar i grunn det aller best. 

Triveleg treff på kaia! 
Vi fann rette hytta, rette folket og fekk helsa på. Her har dei eit skikkeleg ferieparadis og med 2 x Romany er dei godt skodd for ekspedisjonar i øyriket! Neste gong må vi ha tid til ein kaffi og ein lengre padleprat! 

Slik såg det ut då vi for... (Foto: Ellen Ekvik)

Ørna følgjer med

Sørover forbi Lågøy

Fin gard. Storbonden på Lågøy? 

Ståande buffet i Gåsevågen!

Kort pause, sjekk på klokka, sjekk på kartet. Vi hadde rekna på det dagen før, og måtte vere på Hardbakke ferdig pakka til 13.30 for å rekke ferga. 
Kva gjer vi no? Vi har litt ulike kajakkar og såg at vi måtte jobbe som team for å rekke inn att. Tauelag og målretta teamjobbing var planen. Kajakkane plassert etter fartspotensiale (lengde). 

For ein gjeng! Det gjekk veldig fort og vi klarte å halde farta jamnt oppe. Litt allsang vart det utpå der  med både stev, barnesongar, ein kanon og diverse army-inspirerte vers som: 
Padle, padle, utan stans,
Vi må komme oss til lands! 

Padle, padle, padle på, 
Dinna ferja vi må nå!

Tanken om ei padlesongbok er født. Har DU tips til songar som berre MÅ vere med?

Tauelaget har fullført - og med glans! (Foto: Kristin B. Bjørkedal)


Speglblankt på Hardbakke (Foto: Kristin B. Bjørkedal)

Vi heldt momentet oppe, som det heiter på teambuildingsspråket, og pakka utstyr og kajakkar på bilane i løpet av 20 minutt. DÅ ser vi at vi har bomma med ein time i berekninga vår. Vi er ein HEIL time for tidleg ute... Jaja. Ikkje så mykje å gjere med det. Så i tillegg til personleg padlerekord med full kajakk så vart det ein time å vente på ferja. Eg trur vi kan flire av det om ei stund. 

Ha det bra! Det enda godt!

Dryg køyring til Ålesund, og eg var heime ved midtnatt. Men det er SÅ verdt det! Solund er ein fantastisk stad. Synd det er bittelitt for langt unna. Det vert fleire turar, om ikkje så brått!

Pinsepadling i Solund - alle 4 dagane


For spesielt interesserte: 
GPS dag 3: 19,5 km. Total tid: 4 timar og 43 minutt. Tid i bevegelse 4 timar.
Snittfart tid i bevegelse: 4,8 km/t

GPS dag 4: 17,5 km. Total tid 3 timar og 55 minutt. Tid i bevegelse 3 timar og 10 minutt Snittfart tid i bevegelse: 5,5 km/t.
Siste timen: snittfart 6,6 km/t - tauelag og fergetidspress.

Kart dag 3 og dag 4

2 kommentarer: