mandag 11. mai 2015

Snønipa (1827 moh)

4.-6. mai. Snønipa har lokka meg sidan eg fekk høyre om den midt på 1990-talet. Det har aldri passa eller vorte prioritert før no. I sekstida på måndagen gjekk vi frå Utvikfjellet. Opp skitrekket og innover mot stølane. Veret var grått, men greit.

Skiing over the Myklebustbreen glacier to Snønipa (1827). This mountain is part of the boarder between Jølster and Gloppen municipalities and the highest mountain in both of them. The trip started on a wonderful day, the view from the summit was great, then surprisingly it all ended up in a storm and pretty rough conditions. No pictures from this last part of the trip... This area has a lot of qualities; picturesque mountain summer farms, real wilderness, stunning landscapes and a population of wild reindeers. 

'
Støyvastølen var første overraskinga på turen 

Stølen var fantastisk vakker! Velstelte sel, og ikkje noko moderne hyttekrimskrams. Utsikta frå stølen var formidabel. Eggenipa midt i mot. Konturane av fine små vatn under snøen. Hit vil eg tilbake på sommaren! Dette er kanskje den aller finaste stølen eg har sett. 

Støyvastølen

Det gjekk skispor vidare innover. Det var dårleg lys, og periodevis white out. Vi skulle ikkje så langt, så vi kava ikkje. Therese fekk auge på noko dyr i fjellsida. Reinsdyr! Eg visste at det var villrein i Sunnfjord, men det var likevel ei kjekk overrasking å sjå dei med sjølvsyn. Etter ca 8 km slo vi opp teltet ved Sanddalselva sør for Nuken (ca klokka halv ti).

Morgonstund har gull i munn! 

Det var ein fin morgon. Sol, kaldt, vindstille og breen låg og venta på oss. Vi visste at turen var lang og at det skulle verte gråare utover ettermiddagen, så vi starta tidleg. 7.30 var vi i gong. Inga mobildekning, og ikkje noko oppdatert vermelding på oss. 

På hard skare gjekk vi inn og opp mot Steinegga, og inn på breen mellom egga og varden 1545 moh. 

Tidleg lunsj, og fin utsikt over Breimsbygda og Utvikfjellet.

No starta vi for alvor innover breen. Ei slak men seig mote. Vindforma snø. Uendeleg kvit horisont. Eg skjønna fort at eg hadde undervurdert Myklebustbreen. Eg trudde vi skulle på fjelltur med litt bre. Dette var ein bretur. Ein skikkeleg bretur.

Into the white and blue... 

Fjell låg rundt oss på alle kantar. Sunnmøre i nord, Ålfoten og Nordfjord i vest. Sogn og Sunnfjord i sørvest og Jostedalsbreen med Jotunheimen bak i aust. 

Vi fekk assosiasjonar til Grønland og polferder på veg innover breen. Det var langt og krevjande. Ikkje for kroppen, men for hovudet.  

Det første synet av Snønipa!

Stemninga steig då vi såg Snønipa i det fjerne. Det tok likevel nesten to timar å gå bort. Føret vart stadig betre, og hard vindforma snø vart lausare snø og tendensar til puddersnø. 

Sjølve toppen av Snønipa

Snønipa er den råaste snøskulpturen eg har sett! Heile toppen var glasert og låg som ein diger koloss oppe på platået.Det var ein isande kald vind, og arktiske forhold. Vi måtte gå rundt halve toppen for å finne ein stad der vi kunne komme opp. Opp skulle vi, og opp kom vi!

Meg på toppen (Foto: Therese Moe Øye)

Panorama frå Snønipa (Foto: Therese Moe Øye)

Mot Sandal og Utvikfjellet
  
Mot Oldedalen og Jostedalsbreen.

Mørke skyer bygde seg opp i aust og kom grueleg fort nærare. 

Resten av dagen vart udramatisk dramatisk. Akkurat nok til at ingen av oss tok eit einaste bilde. Nede frå toppen reiv vi av fellene og sette avgarde. Vi kom ca 5 kilometer tilbake før veret innhenta oss. Det kom vind, vindrosser og snøfokk. Skyene kom og gjekk, og varierte frå lette og kvite til svarte. 

Vi kom til eit punkt der vi måtte ete. Det var ingen stad å finne le, og ingen teikn til at veret skulle lette. Tvert i mot. Vi laga levegg og grov ei djup grop i snøen vi kunne sette oss ned i. I vindsekkane der nede fekk vi livd og ro nok til å ete skikkeleg. Ein real og godt med sjokolade. Det var berre å psyke seg opp, og halde fram vidare. Av og på med feller. Snøen vart kram. Det var ingenting att av dei harde Sastrugi-formasjonane vi hadde gått på innover. Det var whiteout, og vi gjekk på kompasskurs. Det kom byger, men innimellom kunne vi sjå formasjonar utanfor breen. Vinden i ryggen gav oss puff framover. Til tider så bra med puff at eg vart skremt.     

Etterkvart skulle vi ned frå breen. Det fauk rundt beina på oss så eg nesten ikkje såg mine eigne ski. Snøfokk og heftige vindkast. Likevel var det ikkje kaldt. Det måtte vere mange plussgrader i lufta. Vi visste begge at det var rimeleg kritisk å komme seg ned av breen på rett plass. To skjerpa damer bauta seg nedover. Det letta litt, og vi fekk konturane av fjellsidene i Svartebotnen. Dit skulle vi ikkje. Kuven på Nuken vart eit godt landemerke for oss, og vi såg nok i han til å halde retninga så måteleg. Då vi stod ved varde 1545 var vi heilt sikre på kvar vi var og korleis komme ned frå breen.
1-0 til oss. 

Her måtte vi berre ta av skia og vasse i snøen nedover. Snøen vart våtare og våtare. Det regna. Vi sank til knes. Vinden reiv i oss, og sekkane med ski på gjorde oss til gode vindfang. Eg har vore på trivelegare tur. I basecamp hadde vinden teke med seg ein heil del. Snøen her nede var heilt utan bindingar. Det flaut rundt oss. Med ski sank vi ned til knes. Utan ski var det ikkje råd å komme seg fram. Vi leita etter utstyret mitt eit par kilometer nedover dalen. Då kom det nokre kast som gjorde at vi miste fotfestet med hagl som trengte seg gjennom marg og bein. Då let vi utstyr vere utstyr og tok oss til næraste støl. Der var det heldigvis ein falleferdig sommarstøl som var åpen. Vi hadde tørre ullklede, rikeleg med mat og fjelldukar i sekken. Skulle vi overnatte i løa eller gå ut til bilen? (ca 8 km og over eit lite fjell). Det vart overnatting.

Lærdom? Ja, masse. Først og fremst fekk vi stadfesta at vi klarar oss fint sjølv om forholda vert heftige. Dei som flirer av min tunge dagstursekk kan berre flire. Utan nok mat og klede kunne dette fort ha vorte langt meir utriveleg. Om det var heftige forhold og adrenalinet pumpa, så var vi ikkje ute av fatning. 
...............................................

Ny dag, og sol og fint. Det hadde vore nokre minusgrader i løpet av natta, så sørpa frå dagen før var nesten snø att. Det gjekk fint å komme seg ut til bilen. 

På heimveg (Foto: Therese Moe Øye). 

Då vi kom til bilen hadde vi gått ca 48 km og 2100 høgdemeter på turen. Eg ringte lensmannen og meldte frå om tapt utstyr, slik at ingen skulle leite etter oss om dei fann noko etterkvart. Vi såg på kvarandre og flirte. Jaja. Det vart no mykje tur, denne mai-veka. Det er kjekt med botnsolide turkameratar når det dreg seg til. Tusen takk for turen Therese!   

Vi har gått i Svartebotn vilreinområde. NRK Sogn og Fjordane har nyleg laga ein fin dokumentar om villreinen i Sunnfjord. Link til programmet "Villrein i vest"

Eg har fått ny respekt for dette området. Skikkeleg villmark. Hit vert det fleire turar. 

Verobservasjoner tysdag 5. mai frå Klimavakten på meteorologisk institutt:
Midtstova (1162 moh) hadde opp i 29,4 m/s (sterk storm) i middelvind og vindkast på 35,2 m/s
Myklebustfjellet (715 moh) hadde opp i 22,2 m/s (liten storm) i middelvind og vindkast på 29,4 m/s

Etterord: Med ei god reiseforsikring ordnar det meste seg. Gjensidige var profesjonelle og eg fekk erstatta det meste av utstyret. Elles hadde det sett svart ut for friluftsliv og telting denne sommaren.

1 kommentar: