onsdag 27. mai 2015

Råkeneset - Pinsepadling i Solund 2015

22. mai. Pinsepadling i Solund er nesten ein tradisjon no. Det same er trøbbel med logistikken... Denne gongen var det Kristin som måtte sjå 3 ulike ferjer gå i frå seg, vere innom Rutledal 2 gonger og låne startkablar for å komme seg av ferja i Solund. Eg trur ikkje det hjalp at resten av oss sat på Solund bryggje med ei betre fiskesuppe og ein ualminneleg triveleg gresk/solundsk vert og hygga oss medan ho sleit med ankomsten.

På vegen ned styrtregna det, og heile Solund var full av fossefall. Det rann vatn overalt. Køyreturen frå Krakhella til Hardbakke vart ikkje mindre spektakulær av det.

We went to Solund for the Pentecost holliday. The weather was unpredictable, so we went for the DNT-cabin Råkeneset the first night. This is a typical westcoast fishermans farm from the period 1800-1950. Råkeneset is a cultural heritage site, and legally protected. This is also a great starting point for padling in the archipelago of Solund. 

Fordelen med forseinkinga var at det skein opp og vart skikkeleg fint då vi skulle pakke i kajakkane.

Førsteinntrykket av Hardbakke

Pakking av kajakkar i sentrum

Teambilde: Obligatorisk før start. No er vi klare for Pinsepadling! 

Det var stabilt ustabilt ver denne helga, og sjølv om vi berre skulle padle nokre kilometer opp til Råkeneset denen ettermiddagen fekk vi med oss 4 årstider og eit dramatisk lys- og vasshow. 

Sygni fortalte om forsking som viser at nordlendingen kjenner fleire blånyansar enn folk sørfrå. Eg er sikker på at det er ingen som sler vestlandingane på grånyansar!

Inn i eventyrlandskap i Solund

Grått vart etterkvart til vått

Så kom lyset...

Det var godt å komme fram til hytta. Husmannsplass og enkel standard, men likevel, tak og vedomn og mykje trivsel i veggane. 

Råkeneset er ein typisk husmannsplass i Solund og viser korleis husmenn levde til fram på 1950-talet. Det er dokumentert folk på Råkeneset frå 1785, men det har truleg budd folk her lenge før det og. Husa er frå 1870-talet, då budde det ein familie med 4 born her. Trine Råke var den siste som budde på Råkeneset. Ho heldt til her fram til 1961, og då var ho 85 år gamal. Råkeneset vart freda av Riksantikvaren i 1989, og offisielt opna som turlagshytte (Sogndal turlag) i mai 2009.

Råkeneset frå sjøsida

Frå landsida

Stova

Sygni si elggryte til kvelds - kjempegodt! 

Vi tok tidleg kveld med ambisiøse planar om ein tidleg morgon og fantastisk padledag. I morgon, i morgon.... 

Transportetappa Hardbakke - Råkeneset

GPS-info: 5,6 km. Totaltid: 1 time 15 min. Tid i bevegelse: 1 time og 4 minutt.
Snittfart tid i bevegelse 5,2 km/t Maksimum fart 8 km/t

2 kommentarer: