tirsdag 31. mars 2015

Surfesymposium Hoddevik 2015

27.-29. mars. Det vert mykje "Trivselsfylket" på meg denne våren, og eg klagar ikkje! Herøy Kajakk Klubb stilte mannsterke på surfesamling i Hoddevika. Gloppen padleklubb arrangerte og instruktørar frå God-Tur skulle hjelpe oss å knekke nokre nye kodar.

Skrekkblanda fryd og høg puls allereie i bilen. Eg grugleda meg. Kor store forhold vert det? Kor kaldt kan det verte? Korleis sitt rullene etter bassengsesongen? Det var ikkje få spørsmål som svirra i hovudet.

Surf symposium for kayaks 2015. Wet fun in Hoddevika this weekend. This is a wonderful beach, with great surf. Link to surf- forecast HoddevikI learned a lot and have a few things to work on during summer. I think we all want to go back for more!

Hoddevika (Foto: Stadt Naturguiding)

Det var ein spent og kjekk gjeng som etterkvart samla seg på Stad surfing. Vi måtte velje grupper etter kor våte vi var villige til å verte. (Gruppene funka fint, men den våtheitsskalaen rauk i alle endar i løpet  av 30 min)

Christer og eg for ned og sjekka forholda om morgonen. Friskt, men stranda er klar for kajakksurferar. 

Eg er optimist før start, og gjengen frå HKK er klare!

Morgonmøte med Ronny før start. 

Sygni og eg har igrunn tenkt litt over HMS og surfing før. Etter diverse episodar med hol i kajakkar, og nokre uføresette supersurfar så er vi ganske gode på å lage avtalar om mønster og sikkerheitssoner. Etter 5 minutt på stranda så såg det ikkje ut til at nokon tenkte på slikt. 

Alle mann alle!!! 




Det var artig og vi bytta på å vere på sjøen. 
For det første på grunn av plassen. For det andre har ingen kondis til å vere på sjøen hele dagen. For de tredje er det utruleg lærerikt å sjå på kva andre held på med og. 

Første velt og rulla satt! Så vart det litt ymse. Første dag: før lunsj: ca 50% rullesuksess. Etter lunsj ca 75%. 

Gruppedisiplinen kan diskuterast. 

I forhold til kor disiplinerte vi var på sjøen skjedde det ikkje så mykje gale. Nokre få episodar som ein kunne trekke litt lærdom av vart det, men sopass må ein vel rekne med.

Hallvard rydder i troppane

Christer i farta! 
Vår første felles padleøkt saman - måtte det verte fleire slike!

Det slang ein og anna "ekte" surfar. 
Eg fekk ikkje med meg nokon skade på "neoprenselane", men det var sikkert delte meiningar i den leiren om å få 20 kajakkar i leik i surfesona. 

Våte, blide og trøytte folk runda av dag 1 med å "deige" seg i sofaen og vente på middag. Nydeleg mat frå vertskapet på Stad surfing etterkvart. Praten gjekk lett og stadig høgare utover kvelden. Eit av høgdepunkta var då Henrik drog fram celloen (og kina-pytonslange-instrument) og held mini-konsert. Det gjorde seg med litt kultur, og det var ei fin oppleving. 

Dag to starta med dramatisk lys og høge forventningar

Vi starta der vi slapp. Ronny var veldig flink til å gje oss innputt. Små analyser av kva vi kunne jobbe vidare med og pedagogisk framført. Veldig god tilrettelegging! Ting hang saman, og eg fekk i alle fall eit meir bevisst forhold til kva eg gjer og ikkje gjer, både over og under spruttrekket.   

Framleis blide og motiverte på dag 2! 

Ein vanleg dag på stranda...

Torill - like blid etter ei skikkeleg sentrifuge og knekt åre. Tøff dame! 

Dagen starta surt, men etterkvart kom sola, og det vart berre heilt magisk. 

Frelsaren? Oppvåkninga..

Dei neste 4 bilda er det Ronny Riise som har teke. Dei viser litt av det eg bala med denne dagen.  




Oppsummering for eigen del: Rulla sat som eit skot dag 2. Eg rulla på så og seie alt, og det var for meg ganske store forhold. Kjempeartig! Sidesurf: Begynner å få bra kontroll. Baklengssurf: har lært mykje. Vanleg surf: Må jobbe med tidleg nok styretak. Kroppsrotasjon, parallell åre med kajakk, heile bladet nedi og høg åreføring. Heimelekse. I tillegg må eg finne ut meir når det kjem til kanting. Det var veldig kjekt å få ein haug med bilde, for då ser eg kjapt at det ikkje er heilt samsvar mellom kva eg trur eg gjer og det eg faktisk gjer.  

Det var berre nokre få problem. Kreftene tok slutt. Dagen varte ikkje evig. Kven har lyst til å gje seg og fare herifrå? 


Ny helg i Hoddevika under planlegging allereie medan vi spyler sand av utstyret. Mange nye potensielle surfevennar både herifrå og derifrå. Lærerikt og kjekt. Det å kjenne på adrenalin, meistring og fellesskap i to dagar er heilt greit. 

Tusen takk til alle som bidrog til å gjere denne helga så bra!

Forholda: I overkant fralandsvind dag 1. Pålandsvind dag 2. Bølgehøgde? Usikker. 1-2 m? på dei ytterste bølgjene? Periode: Litt for kort. 8-10-12? Meir kraft i bølgjene søndag enn laurdag. 

1 kommentar: