onsdag 18. mars 2015

Sløktindane i solnedgang

17.03 Fin kveld. Dei finaste solrike dagane og våren reiv i heile kroppen. Synnøve returnerte frå møtedagar i Oslo. Eg var hanglete, men desperat etter litt frisk luft. Då vart det Godøya.

Hiking and geocaching after work. Great view and amazing sunset from the peaks at Godøya. I just got home in time for the best northern lights in years.

Rett opp frå hamna på Alnes

Johan Skytt steinen ligg framleis godt der oppe.

Det gjekk kjapt frå dagslys til solnedgang

Fin vindstille kveld. Nydeleg lys. Solnedgang i ein heil time med skiftande lys og fasettar. Godt å vere ute. 

Alnes. Surfesesongen er rett rundt hjørnet. 
Denne kvelden var det berre brettsurferar ute. 

Magisk. Eldkule. (Japan Foto?)

På toppen av Storhornet, og vi får med oss eldkula gå i havet. 
Rettare: I skydekket. God "timing" - nok ein gong! 

No legg vi ruta bortom Sløktindane, der eg får med meg ein geocache. 

Sygni ringte og ropte ut - Nordlys! Kom deg ut! NO! Det vart eit magisk punktum på ein flott dag. 

Nordlysshow frå verandaen

1 kommentar: