onsdag 4. mars 2015

Oppdagingsferd i Liabygda

27.02 Vi stikk etter lunsj! Synnøve var overbevisande, sjølv om det bles iskaldt og hardt over Sunnmørske vintertoppar. Ei grundig analyse på Yr.no førte oss til Liabygda og opp mot Jolgrøhornet, der det i teorien skulle vere mindre vind. Det reiv i bilen og vi såg fokken stod frå toppane på veg innover. Det fekk stå si prøve og vi var realistar på at målet kanskje var urealistisk.

Taking time off Friday afternoon to go skiing near Liabygda, in the fjord area of Sunnmøre. No peak today due to strong wind and snow coming in from the west. Still great fun!

Vi startar på skogsveg. Stilt og fint og herleg fredagskjensle!
Kjekt å kunne ta på skia ved bilen og labbe avgarde

Jolgrøhornet. Det såg ganske bratt ut. Hmm

God stemning, meir vind og ganske hard snø. Flott landskap og vi dura på innover i roleg men jamnt tempo. I fine bautar tok vi fatt på bratta. I motbakkane får desse Lunde-folka eit ekstra gir. Merkeleg.

Opp kneika (Foto: Synnøve)

Eg nærmar meg 900 meter (foto: Synnøve)

Sterke vindrosser og ein svart vegg i frå fjorden møtte oss på toppen av kneika. Vi hadde lyst på ein topp, men vi hadde ikkje lyst til å vere her oppe i byga som kom truande og fort. Greit - vi snur! Kjapp avgjerd og ingen teambilde. 

Lyset vart flatt, og det var grueleg bratt og hardt (med fjellski). Første stykket hadde vi fellene på og i brattaste kneika knepte vi av skia og labba ned nokre høgdemeter. Frå skogsbeltet var det kjempefint å renne, så litt godkjensle vart det.  

Vi kom oss opp på ryggen rett til venstre for høgaste bjørka.

Flott vinterlandskap

Juhuu! Flatt lys, men kjekt å renne litt og!

Svoltne vart vi og nede ved støylen fann vi ein solid le-vegg. Utelunsj er ikkje feil

Ploging ned skogsbilvegane. Mjølkesyretest. MEN Runa er like blid! (Foto: Synnøve)

Kart - ca 8 km totalt og 600 høgdemeter

Område med stort potensiale for fjellskiturar! 

5 kommentarer:

  1. Kom vi hjem like hel? Ja
    Hadde vi det gøy på tur? Ja
    Nådde vi målet? Nei ( men ja - for vi endra jo bare målet undervegs )

    SvarSlett
    Svar
    1. Sug til meg denne delen av pensum i uteskulen! Mogleg denne evalueringsmetoden skal takast i bruk i fleire samanhengar. #Heiltgenial

      Slett
  2. Enig, fokus på rette tinga og rette prioriteringer er alltid viktig!

    SvarSlett
  3. Thanks for the English summary! What type of skis/boots do you use?.. waxing/skins?

    SvarSlett
    Svar
    1. On this trip "Mountain skies" (Åsnes Cecilie), leather boots and skins.

      Slett