torsdag 19. mars 2015

Borgundfjordfiske med kajakk

18.03 Kvar seinvinter og tidleg vår er Borgundfjorden full av småbåtar. Det er eit tradisjonsrikt fiske etter skrei som kjem inn til kysten akkurat her for å gyte. Eg har i grunn tenkt at det skulle vore artig å prøve seg. Sygni skar igjennom. No fer vi på Borgundfjordfiske med kajakk!

Galskap? Eg har i alle fall gledd meg i dagevis og var opprømt og oppspilt då vi la ut.

The annual cod-fishing of Borgundfjorden has been a tradition for centuries in the Ålesund Region, but not by kayak . This was my first time fishing here, and my second attemt to fish from kayak at all. We were excited and had great fun amongst the local fishermen. No fish - but a really nice experience. A well spent afternoon on the fjord!

- Kor stor fisk vil du ha? Sygni lokkar meg utpå.. (Foto: Sygni)

Førebudde på fangst er vi i alle fall. Nukaen er dimensjonert for 10 liters plastbøtte i framluka. Perfekt løysing for å sleppe å fiskeslo overalt, når vi er to i teamet i alle fall. 

Fiskelagerrom

Ut på fiskefeltet

Sygni er på plass!

Normalt sett oppsøkjer vi ikkje småbåtane. I dag klina vi oss midt inne i mellom gjengen. Desse karane har ekkolodd, og det har ikkje vi.. 

Høg stemning - snøra uti

Då vi såg nabobåten 10 meter unna dra opp ein diger rugg av ein torsk, tippar ca 10-12 kg, bleikna begge to. Det var ikkje berre freistande å handtere eit beist som veg det halve av kajakken. Pulsen steig, og spenninga var stor! Det vart flåte og teamjobbing. Ei stang og ei harpe ute. 

Borgundfjordfisket foregår i fjæresteinane omlag i sentrum av byen. 

Triveleg på fjorden. 

Det var god stemning på fjorden. Lav fart på båtane og det kjentes heilt greit å mingle. Vi fekk gode råd om kor djupt det var og fleire var nyfikne på korleis det var å få fisk i kajakk. Det kunne vi i grunn ikkje svare på, men det er no artig å prate litt likevel. 

Sjarmerande småbåtfiskeliv

Vert det napp?

Feskarvottane frå nord fekk prøve seg i dag. 

Det vart ikkje fisk på oss i dag. Det var i grunn like greit. Fin kveld på fjorden og det freistar å prøve att. No er vi meir førebudde på kva som ventar. 

No er padlesesongen 2015 i gang!

4 kommentarer:

  1. Herleg, flira godt av bøtta her! Snedde løyst :D

    SvarSlett
  2. Hahaha- eg flir litt enno! Gud kor gøy vi hadde det, men godt det ikkje vart fisk. Bra bilete trass dårleg fotolys!

    SvarSlett
  3. God idé med bøtta - dersom man fisker etter småfisk. ;) (Eller har tenkt å filetere.) Notert til makrellfisket seinere i år. (y) Kule bilder, og et innlegg litt utenom det vanlige - knall!

    SvarSlett
  4. Kjempekul ide med bøtta, vi dorger en del sjø ørret her nede og det var en flott ide å hindre blod og fiskesøl overalt.

    SvarSlett