fredag 13. mars 2015

Artig på Auskjeret (1203 moh)

12.03 Strålande sol og timar til gode - då vert det skitur! Endeleg er dagane lange nok til at det går an å gjere skikkelege sprell etter jobb. Vi var gira på Auskjeret i Sykkylven, og rykta gjekk om fine forhold.

Afternoon skiing in day light for the first time in 2015! We went to Auskjeret (1203 masl) in Sykkylven, ready to randonnée. Conditions varied from easter feeling at the bottom to icecold arctic at the top. Great snow for running -  a hard surface underneath a few centimeters of fresh snow. Big smiles and great fun!

Påskestemning! Sola varmar og bakkane ligg krittkvite framom oss. 
Vi ser heile ruta opp til toppen frå parkeringa. 

Gråare og blindeføre. Det gjer ingenting. Vi er like blide. Gunhild oppdaterar oss på høgdemeterstatus frå ein eller anna app. 

Opp og opp. 
Det er berre å gå på, finne eit greit tempo og kjenne at kroppen fungerar

Kule fargar i aust. Turkis og merkeleg lys der borte.

Gruglede seg til nedkøyringa.

Arktisk ved første varden. Forblåst og iskaldt, her var det berre å få på jakke og hjelm, og sette snuten nedover att.  

Fantastisk vakkert! Vidunderleg lys, flotte fjell. Fridom og meistring. 

Teambilde! (Foto: Gunhild)

Eg har vore her ein gong før, men hadde gløymt kor flott det var. Relativt enkel og trygg tur, under 30 grader heile vegen. Fantastisk utsikt. Flott vinkel til Sunnmørsalpane - 180 grader horisont med dei flottaste fjella i Stranda,Sykkylven, Volda og Ørsta. Eg skamma meg litt. Dette er ein tur og ein topp som vi ofte snakkar litt ned - fordi det går så mykje folk her. - Unnskyld Auskjeret! Det er ikkje mindre flott her av den grunn. 

GPS spor frå turen. 

Det var eit heilt aldeles supert føre. Hard under, styresnø oppå. Ikkje noko særleg vindpåverka, bortsett frå heilt på toppen. Artig å renne, sjølv om eg framleis vert veldig pinglete i dei brattaste partia. Gunhild og Janne susar avgarde, og får det til å sjå enkelt og elegant ut. Det er stor inspirasjon, her er det berre å skaffe seg mengdetrening!

Litt GPS- logg info: 
Totalt 7,8 km og 890 høgdemeter. 
Eg brukte totalt 2 timar og 35 minutt, av dette var 1 time og 59 minutt i bevegelse. 
Snittfart opp: 2,27 km/t.
Snittfart ned: 10,4 km/t, maks fart ned 26 km/t (Det er her eg er interessert i forbetringspotensiale!)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar