fredag 30. januar 2015

Pudderhelg i Grøndalen

24.-25.01 Sliten. Jobbreisinga for tida tek nesten knekken på meg. Heldigvis har nokre andre tupper vore i sving og planlegginga er i boks. Utan meg. Det striregnar på Valderøya og eg lurar på kvifor eg har ordna meg med slike (hyperaktive, ustoppelege) venner. Føremiddagen går med til pakking. Eg tykker det er er omlag like mykje pakking som til 5-dagersturen på Josten. 24 timar ute. Full bil.

Humøret stig på ferga, eg møtar dei andre i Ørsta og regn har blitt til sludd.  Framme i Grøndalen snør det. Brøytekantane er allereie to meter høge, og det er ufatteleg at det kan vere så stor skilnad nokre mil heimafrå. 6 mil i luftlinje.

24 timar - full pulk. Dess kortare tur, dess meir irrasjonell pakking.

Brøytekant. MINST 2 meter. Rått!

Winterwonderland

Det var ein kjekk laurdagskveld innover skogsvegen. Omlag heilt flatt. Mildrid brøyta spor. Snøen dala. Stilt, kvitt, reint, svart, berre lyset frå hovudlyktene. Det var ikkje noko problem å halde varmen med pulken på slep. 

Therese med sekk.

Eg får æra av å stige inn på sletta som skal verte leirplassen vår (Foto: Mildrid)

Det gjekk greit å slå leir. Diverse teltprosjekt og gamle kunstar som ikkje rustar. Realmiddag og samling i naboteltet med laurdagssnop og tyting. 

Brukbart. Kjekt å gå over til naboen i slike forhold. 

Meir snø i løpet av natta. Eg var spent på korleis det såg ut i dalen. Og for ein morgon vi fekk! 

"I østen stiger solen opp...."

Gliset på plass FØR frukost og kaffi. Dette vert ein bra dag. 

Det var litt læretur denne gongen og. Nye brennarar, skiutstyr, feller det er mykje som skal på plass. 

Klar for topptur! Morgonsol på Eidskyrkja (1482 moh)

Therese og Mildrid

Skredsøkardrill

For eit vinterland! 

Opp gjennom bjørkelia. 

Det var snø. I mengder. Eg gjekk nedi til over knea når eg gjekk først. To steg og eg var på makspuls. Det var tungt. Vi seig oppover og bytta på å trakke spor.

Mot Nordfjord og "Kvitegga"

Therese hadde klinometerquiz. (22 grader her)

Vi kom opp over skoggrensa. Det vart litt mindre snø, men framleis tungt. Klokka gjekk og gråveret som var meldt kom innover. Det var ikkje super sikt. Det var og veldig langt opp til Sunndalsnipa (1395 moh). Solidarisk fann vi ut at det var lurt å snu. Ulike føresetnader og kanskje litt ulik motivasjon for å nå toppen, samt ei ganske dårleg vermelding. Vi tok ein runde på ein haug ein stad mellom 700-800 meter.

Kart. Kompass. Kvar er vi? Kor skal vi?

Av med feller. Klar for fart! Det var ikkje mykje fart å få på skia i laussnøen, noko som passa meg ypperleg. Det var skikkeleg artig å renne i skogen ned att! DÅ angra eg sjølvsagt på at vi ikkje hadde gått høgare opp. Gløymt var makspuls og mjølkesyre. Eg har igrunn ikkje pudderski, men fekk likevel smaken på pudderkøyring. 

NOKON må kanskje måke hyttetaket? 

Vi var ikkje i måkehumør - og tusla tilbake til teltet. Innandørs lunsj og nedpakking. Godt liv. Fin søndag. 

"Home sweet home"

Då var det berre å rusle seg ut at. Det var freistande å seie at det var for mykje snø. Alternativet er å innrømme at det er behov for litt meir kondis og styrke i beina for å få maksimalt ut av slike dagar. Dette var det andre forsøket mitt på Sunndalsnipa. Første gongen enda vi på Eidskyrkja i staden. Denne gongen vart det ingen topp, men finfin pudderkøyring. Kanskje når eg toppen neste gong?


Ekspedisjonskjensle

Teambilde!! Fin gjeng! Flotte damer! 

Vi fekk til og med ut bilane ganske greit, med teknikken: Måk litt, dytt mykje. Det gjekk gullegodt. Takk for turen!

8,5 km på ski totalt. Flott vinterområde. Mykje fjell- og villmarkskjensle lett tilgjengeleg her. 

2 kommentarer:

  1. Meget flott tur. Sikker på du kommer helt opp neste gang:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Satsar på at alle gode ting er tre - før eller seinare kjem vi oss opp :)

      Slett