onsdag 14. januar 2015

Natt i naturen og pangstart på friluftslivets år

13.01 2015 skal vere friluftslivets år. Ordførarar over heile landet vart utfordra til å sove ute 13.januar. No er vel ikkje camping midt i veka i januar eigentleg ein STOR del av det tradisjonelle erkenorske friluftslivet, men det tek ein ikkje så tungt i friluftslivets år. Ordførarar med flakkande blikk og nervøse rykningar har lova seg vekk til lavvoar, leirplassar og andre uteinaturenmoglegåovernatteplassar, på TV, på Facebook, i lokalavisa og andre stader med publisering av tekst og bilde som det er vanskeleg å lure seg i frå.

For min eigen del har eg vore litt nølande. Denne veka er proppfull med jobbedagar i Oslo, med vekkeklokke 5.00 og 7-flyet og 12-14 timars dag. Sygni var klar. Telting, sant. Klart vi skal markere! Eg steig ut av flyet i sjutida på kvelden og snøkaven slo meg i ansiktet. Eg hadde full forståing med hardpressa fornektande ordførarar. Kvifor gjer vi dette?

Satelittbilde, kart og vermeldinga var studert og vi hadde ein fin teltplass i Mallavika (Vigra) på programmet. Kortreist, men flott. Byger og kuling frå sørvest. Om vi hadde berekna rett var det ikkje den mest verharde staden å campere denne kvelden.

Vi tusla oss forbi desse flotte nye husa, ut i mørkret og utmarka. 

Grov sjø braut innover mot stranda. Det har eg ikkje sett på denne stranda før, og vi padlar her ofte. Bakken var kvit. Ikkje ofte ein kan telte på snø på Vigra! Vi fann ein fin plass (akkurat som berekna) og heiv opp teltet. 

Sygni sitt Hilleberg Kaitum 3. Lett telt, og stort. 

...og med dette erklærar vi Friluftslivets år for offisielt OPNA!!

Då eg heiv meg på expeden kjende eg kor godt det var å vere ute! Lenge sidan forrige natt i telt, og eg søv godt med rikeleg frisk luft. Ikkje litt misunneleg på lysfontenevilla-folka. Planen om å legge seg tidleg vart forpurra av fotografering (som vi begge likar), hasjtagging (som friluftslivets år likar) og litt anna fjas.

AHHHHH. Installert, og fotografen er klar. 9cm exped er konge. 

Hjernen bak dagens utflukt

Tannkost og tannpuss, kunstbilde av telt og meir hasjtagging. Eg vart litt usikker etterkvart, om friluftslivets år eigentleg berre er eit skalkeskjul for å lære oss opp (evnt lure oss inn) i sosiale media? #nattinaturen, #friluftslivetsår , nei du skal bruke #FÅ15, dessutan kan du bruke  #friluft2015.

Forsøk på kunstbilde av telt. Tippar Sygni har nokon betre - meir tolmod og stativ er visst tingen. 

..og det siste var visst #soveposeselfie

Monsterposen - meg - snart ei god natt i telt...

Vi hadde kontroll på veret, men hadde gløymt flyplassen. Så med tung dønning frå sjøen, sus i granene og innkommande kveldsfly på rullande band, vart det ein fin kveld. Ei og anna torebyge og nokre vindrosser som reiv i teltet gjennom natta fekk vi på kjøpet. 

Kjekt å få ei vinternatt ute. Vi kom oss på jobb til omlag normal tid. Midtveketelting fungerar godt!

Eg registrerar at ordførarvennane mine på Facebook har stått prøva med glans, sjølv om nokon er tydeleg meir glad for å ha overlevd natta enn å inspirere til VIDARE friluftsliv. Imponerande kor mange som har delteke på stuntet!

.. og om du vil vere med på bloggen min i 2015 så taggar du berre turbilda dine med #Lenesintur, så kjem dei opp til høgre her på sida...

4 kommentarer:

  1. D@ven, så overbevisende! Nesten så jeg sluker det rått, jo.
    Jeg hadde egentlig tenkt å teste hengekøya ute i helga selv, men heldigvis så ble den planen forpurret av andre, så jeg slipper. :)

    SvarSlett
  2. Elendige bildet på kamera mitt jaffal :/

    SvarSlett