tirsdag 30. desember 2014

Godt nytt år!

01.01.15 GODT NYTT ÅR! Den beste helsinga gjennom året! Eg vil helst rope det ut. Eg nyt desse dagane då vi går rundt og ønskjer familie, venner og kollegaer eit godt nytt år. Gode ønskje. For eit HEILT år! Eit NYTT år! Vi vert tidsnok jekka ned i løpet av året, og dagane kjem til å komme i alle fargar - også grå. Nett no er fokus på GODT og NYTT. Det held det. Inntil vidare.

Nyttårsaften Skarset 2014

2015 skal vere friluftslivets år. Det passar meg fint. Eg skal vere med på det. Først eit tilbakeblikk på 2014. Alle seriøse aktørar har nemleg eit tilbakeblikk. 2014 vart det året som eg nesten ikkje klarte å svelge unna høgdepunkt. Det har vore gøy, innhaldsrikt, slitsomt og herleg. Vinteren som aldri kom, sommaren som aldri tok slutt. Fine folk på tur. Det vert viktigare for meg for kvart år. Folka er ein like stor del av opplevinga som turen. Bading, kvaling, fjøleturar. Båling og kaffikok. Rulling, surfing og "sentrifugering". Ski, skøyter, stegjarn, sykkel, kajakk, telt og fjellsko har vore i bruk. Brukbart.

Eg nådde nesten alle turmåla mine for 2014. Det største var Jostedalsbreen på langs. Eg har tenkt på den turen sidan 1996, og ofte avslutta tankerekka med at det ikkje var innanfor rekkevidde. Som i aldri. Målretta jobbing og førebuing, gjennomføring med 100% innsats og vi kunne stå med klump i magen ved Supphellebreen og sjå ned i Fjærland etter 5 dagar på tur. Meistringskjensla var overveldande.








Kva så for 2015?
Tradisjonen med å sette meg nokre turmål vil eg halde på. Det er ikkje noko tvangstrøye, men eg kikkar tilbake om eit år, og ser korleis det har gått. Som regel har eg gjort mykje av ønskelista, ikkje alt, men og noko anna. Så eg tenker "ønskelista" for 2015 ser omlag slik ut: 

- Markere ”Friluftslivets år

- Halde fram opplæringa i ”Synnøve Lundes uteskole”. Det er givande og spennande!

- Kvardagsfriluftslivet - ein tur om dagen gjer godt for humøret! Finne eit par nye ruter i nabolaget.

- Lære meg eit par nye ruller. Det freistar å delta på rulleworkshop og rullemeisterskap på Stokkøya, men går det i 2015? Eg må auke innsatsen på månadsrullinga, så godkjent rulle på begge sider må vere eit minimum.

- Ein lang skitur (meir enn 2 overnattingar)

- Ein lang fjelltur (meir enn 2 overnattingar)

- Ein lang padletur (meir enn 2 overnattingar)

- Padle til minst eit nytt fyr

- Topptur til minst 5 nye toppar. Jønshornet er på lista. Eggenipa med Aase. Åvasstinden med Kristin. Hornelen. Torvløysa med Sygni.

- Gå turorienteringa til Emblem IL

- Sanke fjøler i Sykkylven

- Turhelg med Ås-jentene, og turar med flest mogleg av turvennar i vest og nord.

- Turmat: utvikle konseptet turmat, nytte potensialet i tørke- og vakumeringsmaskin som eg no har i eige.

- Lære meg noko nytt – kanskje eit brekurs?

- Telte – og prøve på eit nytt år med telting gjennom heile året.

- Geiranger. Helgetur og fjellturar der inne. Det freistar veldig.

- Det mest hårete i 2015, etter oppmoding frå Jorunn: Kjeringi open i Sogn. Deltaking og overleving er målet. 

Det er mange gode venner som eg håpar å "ture" med i løpet av året - ingen nemnt, ingen gløymt!

I impuls meldte eg meg på ein guida fjelltur i Sveits. Opplegget er kommersielt og del av profileringa til Gore-Tex. Dei som har meldt seg på må stemmast fram og plukkast ut. Fram til 12. januar kan du gje meg ei stemme her om du vil:  http://www.experience-tour.com/tour/history-sessions/applicant/5228/. Så får vi sjå etterkvart om det vert fjelltur i utlandet på meg. 

Eg håpar bloggen kan gje inspirasjon til at DU tek kontakt med venner og kjente og spør om dei vert med på tur. Inspirasjon til å vere ute, nyte naturen, tøye eigne grenser, lære noko nytt. Kort eller lang spelar ikkje noko rolle. Frisk luft og gode opplevingar kan ein få rett rundt hjørnet. Legg gjerne att ein kommentar, og skryt gjerne av dine EIGNE turar og då vel! Del tips og triks, og spør og grav om du vil vite meir om nokre av turane. Bli med å gjere 2015 til friluftslivets år!

Godt nytt turår!

mandag 29. desember 2014

Alpin vinterpadling i Hjørundfjorden

28.12 Det er første gong eg sjekkar skredvarselet før eg skal på padletur! Kvite fjell og høge toppar lokkar - sjølv om det er padling vi snakkar om. Det er nesten ikkje til å tru at vi fer på fjordpadling frivillig. 4. juledag kan vi velje mellom vått, grått og vindfullt på kysten eller kvitt, stilt og kaldt i fjordane. Det vert Hjørundfjorden og start på ved Sagafjord hotell på Sæbø.

Skikkeleg vinterpadling! -6 grader og snø overalt.

Sagafjord hotell og Sygni ser rett over på Saksa (1073 moh). 
Bak til venstre Elsantindane (1398 moh)

Hustadneset rett fram - ein skikkeleg idyll i Hjørundfjorden.

Skydekket senkar seg og verda er tusen nyansar av kvitt og grått. Det einaste med fargar på er oss.  Fjorden er blank, og ein god straum dyttar på oss. Ferga brummar avgarde med juletrelys i toppen. Kapteinen vinkar til oss. 

Sygni testar Nordkapp framom Storhornet (1358 moh)

Inn Storfjorden (innerste del av Hjørundfjorden) mot Viddal

Stålberghornet (1248 moh) står midt i krysset: Norangsfjorden til venstre, Storfjorden til høgre.

Vi satsa på Norangsfjorden denne turen. Vi ønska oss niser i fjorden og eit gløtt av Slogen. 

Padling inn under Slogen (1564 moh). Vakkert. 

I enden av fjorden ligg bygda Øye. Flott naustrekke og eit enda flottare hotell bak der. 
Union hotell Øye er verd eit besøk i seg sjølv. Sygni fablar om middag på hotellet, men vi har alt vi treng i bagasjen. Fyrstikker, ved, fjellduk og real. Eg har ein liten mistanke om at tørrdrakt ikkje er standard middagsantrekk på hotellet. 

Lunsj på stranda. Bål. Koseleg. 
Vinterpadling er ikkje so gale det. 

Flo (!) og snøbyger gjorde lunsjen kortare enn vi hadde tenkt. Faktisk forskning viser at det er skilnad på flo og fjære inne i fjordane og. Samt at bål kan flyttast, opptil fleire gonger. 



Mildrid framom Konehornet (1276 moh). 
Litt klønete å ikkje få med toppen der. 

Det dreg seg til med snøbyger. Sikta forsvinn og vi har ein kompasskurs på lur. 

Einsleg fjordpadlar i vinterland

Ikkje berre at det snødde, men det lava ned. Store filler. Som la seg på kajakkane, på kjakane, på augevippane. Vi måtte grave fram kompassa på framdekka. Sikta var omlag 0. Note to self: Skibriller på vinterpadling er ikkje feil. 

Det var mest triveleg. Landskapet forsvann i bygene. Kvit bommullsverd. Det var så stilt at eg kunne høyre snøflaka lande på luva mi. Det var reine vinterstemninga frå barndommen. Eg ville fange snøflak med tunga, springe rundt, hoie og kaste snøballar. 

Så gjer vi så når vi padlar rundt tre, padlar rundt tre, padlar rundt tre......

Nøgd vinterpadlar. 

Julestemning og "Winterwonderland" på Sæbø

I hjartet av Sunnmørsalpane - 20 km padling. 
Norangsfjorden er med dette utforska i kajakk!


Eg trur nok oddsen er stor for at neste tur i området er med fjellsko. 
Det var ein flott dag på fjorden, men fjordpadling generelt tek ikkje heilt av.
Det er likevel noko med å sjå desse kjente majestetiske toppane frå sjøsida, og i vinterdrakt.  

søndag 28. desember 2014

Dekktrekk i barndomsriket

25.12 Nokre timar på eiga hand i frisk luft. Det gjer godt, sjølv på ein raud dag. Tjuvstart på nyttårsforsetta med trim og forebuing til sprell med ski og pulk til våren.

Skarvegen og Raudtua (590 moh)

Skybankane låg i havet, så eg hadde teke med eit dekk, det minste eg har, og la i veg. Om ikkje anna fekk eg gå meg varm i barndommen sine dalar. 

Raudtulia. Det gror att. 
Eg har 1500 granplanter på samvitet eg og i denne lia.

Meir snø, og tankar om topptur vart skrinlagt ein gong for alle. 

Kanskje eg finn hytta til Arne Magnus? (Eller kven det er som eig ho no)

Mot Lauvhornet og masta på Skalten

Eg fann hytta på 2. forsøk. Jammen var det attgrodd! Det som var store hogstflater då eg budde heime er no 15-20 meter høg granskog. Type tett. Eg kunne heller ikkje hugse den sjarmerande utedoen. Den var verkeleg flott! Akkurat slik ein ekte utedo skal vere. 

Utsikt frå verandaen. Belgisk kakao og konfekt. Det er jul må vete.

Eg tok med meg bakken opp til Skarvatnet på returen. Det gjeld å nytte dei gløtta vi har med dagslys for tida. Det er ikkje vanskeleg å halde varmen med eit dekk på slep. 

I brattaste bakken. Bildet jug, for det ser heilt flatt ut. Det er det ikkje. Vakker solnedgang og skyformasjon gjev ein god grunn for ein ørliten pause. 

Oppe! 
Når det berre er nedoverbakkar heimatt, kan ein koste på seg eit glis. 

Skarvatnet og Talstadhesten

Solnedgang på Skarsetprærien

2.5 time trekking. 9,5 km ca 300 høgdemeter. 

tirsdag 23. desember 2014

God jul!

23.12. Jul. Like etterlengta som fredagskvelden i slutten av veka. Denne høgtida på slutten av året. Ein god pustepause med rom for ein bodskap - om ein vil ta det innover seg. Eg er ikkje spesielt religiøs av meg, men det er likevel ei tid for refleksjonar og ettertanke. Eg veit at eg er privilegert som bur i eit hjørne av verda der det er fred, rikdom, likeverd mellom kvinner og menn og der samfunnet ikkje er gjennomsyra av vald. Det er ikkje alle stader ord som fritid og friluftsliv pregar kvardagspraten. Jula er ei fin tid å tenke på året som gjekk, året som kjem og menneska ein har rundt seg.

I år veit vi ikkje heilt korleis jula vert. Kor mange vi vert rundt bordet. Om det vert turar til sjukehuset på besøk. Uansett så står vi samla - og gjer det beste ut av dagane. No pakkar eg i bilen og sett kursen mot barndomsheimen.  

Verda er uroleg. Det er grunn til å lure på kva som skjer med klimaendringar framover, og stadig fleire folk som ikkje har ei god og trygg heimbygd eller eit levebrød.

Det går an å bry seg, og samstundes gjere det koseleg i heimen. Hos meg har det vore lys dei siste dagane. Lys på treet, Stearinlys i stakar og lykter. Lys i adventsstjernene i glasa.
Lys i jula er ein gammal tradisjon. Eg trur det må verte denne julesongen frå 1898 som oppsummerar julebodskapen 2014 frå meg:

Nå tennes tusen julelys
Det stråler rundt vår jord
Og himlens stjerner blinker ned
Til liten og til stor

Du stjerne over Betlehem
Send dine stråler ned
Og minn oss om at julens bud
Er kjærlighet og fred

Til hver et fattig hjerte send
Et lysstreif ifra sky
Så finner det den rette vei
Og det blir jul på ny

God jul! 




søndag 21. desember 2014

Solsnu og desemberrulling

21.12.14 Den kortaste dagen i år. Vi nyttar han godt, og er ute i grålysninga og blåtimen. Ruskete på håret, ull og fleece, og blide fjes.

Studiostranda

Det var stor flo og stranda var full av tare. Har det vore tråling her ute? Små bølgjer bryt mot stranda, og vi vert splasjvåte før vi kjem ut. Det er stor dønning, og særleg vestafor moloane. Kvalneset går kvitt. Vi kjem nærare og ser det bryt godt på heile "revet". Slik har vi aldri sett Giske før. Vi sett kursen mot eit område som ser fint ut, med brott både innafor og utanfor. Då vi kjem nærare ser vi at den einaste grunnen til at det ser fint ut er at blgjene bryt ANDRE vegen. Vi kryssar likevel, får ein god surf og eit stykke med krevjande rotesjø. Giske rundt skuffar aldri! Sygni padla greenland i dag, og fekk testa både det eine og andre - og det gjekk brillefint.  

Det vart ikkje skikkeleg lyst. Det var heller ikkje kaldt. +4. Desemberrulla vart gjennomført og dokumentert! Rart å rulle med muffer, Det gjer eg sjeldan, og det gjer noko med heile timinga. Om eg skal padle med muffer på vinteren må eg rulle meir med muffer. 
No har eg rulla i sjøen kvar månad gjennom heile 2014!

Kva skal vere stigninga neste år? Alle månader må rullast inn på begge sider? Nye ruller for kvar månad? 

video
Desemberrulle (Foto: Sygni)


lørdag 20. desember 2014

Distansemerke padling 2014

Norges Padleforbund har eit distansemerke. Klasseinndeling og krav (dame og herre senior, kajakk, kalenderår): Bronse: 400 km , Sølv: 800 km, Gull: 1200 km

Eg fekk bronsemerket i 2011, og har ikkje klart dei andre merka enda. 

Min padlehistorikk samla år for år:
2010 - 172 km fordelt på 12 turar + teknikkurs
2011 - 535 km fordelt på 25 turar inkl. ASKR
2012 - 470 km fordelt på 25 turar + aktivitetsleiarkurs
2013 - 567 km fordelt på 28 turar + hospitant på aktivitetsleiarkurs

I tillegg kjem nokre reine surfeturar på Alnes og reine rulleøkter, både utandørs og om vinteren i basseng. 

Min status per 28.12.2014   590 km

Dato              Km            Stad                   Selskap
26.02              4               Giske                  Sygni
28.03              14             Erkna                  Sygni og Ragnhild
08.04              14             Kalvøya              Ragnhild
21.04              22             Skorpa               Mildrid og Sygni
29.04              10             Vigra                  Kenneth og Jason
07.05               9              Giske                  Sygni og Ragnhild
25.05              11             Rosholmen          Kenneth og Ragnhild
29.05              18             Ulla                     Ragnhild, Christian m.fl
7.6-9.6            64            Solund                 Nina, Jarle, Arinbjørn
15.06                9            Alnes                   Sygni, Kenneth, Ragnhild
23.06              13,5         Valderøya           Solotur
02.07                5            Alnes                   Jason, Kenneth m.fl
09.07              14            Erkna                   Sygni, Jason, Odne
21.07              37          ASKR Ramle
22.07              36          ASKR Ramble
23.07              19          ASKR Ramble
25.07              23,5       ASKR halvmaraton
26.07               8           ASKR retur Kråkberget
28.07               3           Glåpen                  Karianne og Minna
03.08               12         Trollfjorden           Karianne og co
07.08                5          Stavika                  Gøran
11.08             13,5        Vattøya                 Kristin og Ragnhild
13.08               8           Blimsanden            Kenneth, Jason, Ragnhild
15.08               7           Blimsanden            Sygni
20.08               5           Blimsanden            Ragnhild og Kenneth
29.08              13          Rosholmen             Sygni og Ragnhild
12.09               8           Alnes                      Sygni
17.09               0           Alnes - surf            Sygni, Kenneth, Jason
23.09               0           Alnes - surf            Sygni og Edd    
3.-5.10             37         Nordøyane             Mildrid
07.10               16        Godøya                   Sygni
11.10               10        Ulstein                    Arnfinn, Elin m.fl
19.10               8,5       Giske                      Mildrid, Sygni, Ann
16.11               18        Runde                     Sygni m.fl
20.11               10        Kaldfjorden - kval 1 Kristin
21.11               10        Kaldfjorden - kval 2 Jarle m.fl
22.11               13        Musvær - kval 3     Jarle og Linda
21.11              18        Vågsøya - kval 4      Jarle
29.11              15         Erkna                       Mildrid
21.12               9         Giske                        Sygni
28.12              20        Norangsfjorden        Sygni og Mildrid

Bilde frå padleturar 2014:
Norangsfjorden og padling under Slogen - romjula 2014


Erkna fyr i november


Runde i november 2014


Oktobersol - Giske

Mildrid ved Harøya - oktober 2014

Leirplass på Seterøya - oktober 2014


ASKR. Skipnes og test av rampe. Veldig artig!

ASKR. Long ramble - padlerar i fleng 


ASKR 2014 - frå campen på Åsand


Sydenstemning på Blimsanden - juli 2014


Sjauing til solopadling St. Hans

Nukaen, meg og Lågøystolane! Pinsepadling i Solund. (Foto: Arinbjørn Kuld)


Kvalvika/Sandvika på Flemsøya/Skuløya - mai 2014

Kveldstur Giske - mai 2014, Sygni og Ragnhild

Flåvær fyr





Erkna mars 2014

Februarrulletur på Giske i flott vinterlys