fredag 11. juli 2014

Varmerekordpadling på Vigra

09.07. Padledag! Det var alt for varmt å vere på land, og eg var sjeleglad vi hadde ein padleavtale. Svetten rann og eg for i boden for å hente sommarpadleklede. På Blimsanden var det fullt av folk og sydenstemning.

Syden? 

Dagens padleantrekk! Første gong utan tørrdrakt i år...

Odne - endeleg ferdig med eksamen og klar for padling!

Hildring og spegling. Heilt greit å padle utover i t-skjorte. 

Jason

Erkna i horisonten

Målet var å padle rundt. På grunn av naturreservat og fredning for tida (fram til 1. august) så må vi innskrenke fyrsafarien litt. 

Erkna nordside. Eg har aldri vore her på så roleg sjø. 

Sygni - teletubbie. Kanskje det vert ein film etterkvart?

Zoom på fyret. 

Mykje horisont

Dette vart ein tur. Tur på flatt hav, utan dei store spenningsmomenta. Rett og slett lekker turpadling på ein nydeleg dag. 

Havblikk I

Havblikk II

Det vart sett varmerekord på Vigra denne dagen. 

Turen vart ca 14 km.

søndag 6. juli 2014

Simonskarvatnet og Melsetvatnet

03.07. Ettermiddagen var avsett til fjøletur. Eg var litt sliten og hadde ikkje SÅ lyst på tur, men gjengen var klar sjølv om skydekket var tjukt og grått. Då er det jo ingen grunn til å ikkje vere med! Vi starta på Løvollen. Eg rota det bittelitt til i starten, slik at vi fekk oss ei fin sløyfe i terrenget der vi berre kunne gått strake traktorvegen til fjells (note to self: jobb med kartlesinga... ).

Frå Søviksætra var det fin sti vidare mot Klokksætra, og merkeband der vi skulle ta av. Over ei myr og opp ei bratt li. Godt merka heile vegen her.

På vei opp lia! Fin bjørkeskog. Bratt nok at svetten rann..

Fjøl i boks! Simonskarvatnet (505 moh) mot Sandvikhornet

Teambilde og nistepakka skal ned sjølv om det regnar. Basta bom. 

Flott regnboge som bonus for regnskvetten

Steinbru - Løvollen. Veldig fin. 

Simonskarvatnet var ein blå tur, og kvelden var framleis ung. Har vi futt i beina til ein grønn ein til då? Samrøystes, og vi køyrde tilbake og opp til Aurdalssætra. Statnett har laga ein autostrada av ein asfaltert veg i heile dalføret opp til monstermastlinjetrafostasjonen sin. Frå Aurdalssætra fann vi skogveg vidare oppover dalen. Den gjekk over til sti og etterkvart kom vi ut på ei myr. Her mista vi stien heilt, og gjekk beint over myra. Tørt i marka no, så det går fint. Vi viste jo at det vatnet låg der på andre sida av myra.  

Eigentleg var det litt grått og myrete og ikkje veldig fantastisk her. I vår bortskjemde sunnmørsmålestokk i alle fall. Kveldslys og byger gjorde likevel sitt til at vi fekk eit fantastisk lysshow inne ved vatnet.     

Melsetvatnet

Fjøl nummer 2 i boks. Aurdalsnibba (1126 moh) var kjempeflott frå denne vinkelen. 
Fjøla var plassert ved ein fin raste og grillplass på sørsida av vatnet. Litt tvilsom teltplass etter vår meining. 

Utover dalen fekk vi sjå Ålebyen bade i kveldssol. 

No fann vi sjølvsagt stien heile vegen. Rart med det.  

Til saman vart dette ein bra kveldstur: 10 km og 720 høgdemeter.
Sjølv om eg kunne tenke meg litt fleire toppar og litt færre vatn og dalar i fjelltrimmen, så må eg innrømme at eg kjem meg til område der eg verkeleg ikkje hadde komme på å gå på tur sjølv! Sykkylven har mykje å by på - og eit utal stølar i alle dalføre og lier!  

lørdag 5. juli 2014

Julisurf på Alnes

02.06. SMS inn: Padling på Alnes i morgon. Jadda, jadda, jadda. Dette kan vi like! Padlemia hadde allereie julirulla i nord, utan at presset kjentes heilt uoverkommeleg ut. Sygni hadde ny tørrdrakt og gutane stilte mannsterke.

Alnes

video
Fleire måtar å entre frå brygge på. Kenneth i aksjon. 

video
Edd tok ein anna vri..

Julirulling bestått på begge sider. Fin kveld med litt rar dønning. Det var enten ingenting eller fine surfebølgjer. Vi fekk oss nokre rundar med surf. Ingen ukontrollerte velt på meg i dag. Etterkvart kom det mykje surferar, ungar som bada og vi var no ein heil gjeng sjølv. Det var krevjande å halde oversikt over folk i vatnet og halde hovudet kaldt slik at ikkje alle satte avgarde på same bølgja. Edd nytta høvet til å servere utfordringar då det var rolege forhold. Sette seg på bakdekk og snurre 360 grader rundt på rumpa på bakdekket før ein entrar kajakkan att. Han fekk det (sjølvsagt) til, eg fekk det ikkje til. Men det vart mengdetrening på cowboyentring i alle fall. OG eg fekk det til inne i hamna på heimturen. 

Eg må ha meg eit anna kamaera om eg skal ha bilde frå surfeøkter - men det hastar ikkje. Kjekk kveld på Alnes i godt lag var det i alle fall! 


fredag 4. juli 2014

Jogardhornet (697 moh)

01.07. Sommar og uberekneleg tung skodde. Strategimøte og ein runde innom alle tilgjengelege webkamera på Sunnmøre. Det er i grunn eit luksusproblem å kunne velje turmål heilt fritt. Det vart fjølesanking i Sykkylven.

Startar med monstermastlinjekryssing. 

Vi har etterkvart stålkontroll på kvar linja Ørskog - Fardal går i Sykkylven. Vi har knapt vore på ein tur som ikkje kryssar den på noko vis. 

Vi var heller ikkje sikker på om vi skulle gå på Søvikhornet først og over til Jogardshornet derifrå eller finne ein sti direkte frå stølane. I det vi fann eit potensielt stikryss fann vi merkeband, og då var det no greit å følgje desse. 

Jogardsstølen

UPS! Brått var vi på Jogardsstølen. Dette er nok ikkje den mest effektive vegen til topps. Jogardsstølen ligg fint til og egnar seg ypperleg for nistepause. Stølen hamna difor i kategorien "verdifull avstikkar". Vi la i veg gjennom skogen og opp nokre myrområde for å komme vidare til fjells. Det er ekstremt mykje tyngre å gå i terrenget enn på sti. 

Jaktbu? 
Det er nok mykje hjort i området skal ein vurdere det ut frå tal jakthytter. 

Vi gjekk oss inn på rett rygg og fann råsa. Resten av turen til topps gjekk som ein leik. 

Altså: Fjøla er BAK dåkke...!

Jogardshornet ligg fritt og fint, og det var flott utsikt til alle kantar. Ein skikkeleg bra kveldsturtopp var det. Ingen av oss hadde tenkt på den namlause toppen på kartet som eit turmål - så fjøla gjorde nytta si!

Fin utsikt innover Sykkylvsfjella

Heimveg. Sandvikhornet. 

Vi tok same vegen ned for å finn ut kvar vi skulle ha gått... Og det viste seg at vi alle fire hadde gått rett forbi  (3 meter unna) skilt og sløyfe der vi mista stien til fjells (rett forbi Løsetsætra). Kan ikkje klage på merkinga då akkurat... Flott landskap, sjarmerande stølar og ei lite perle det området her.  

Kart over "runden". 9 km vart det totalt og 630 høgdemeter. 

torsdag 3. juli 2014

Veitastrond - Fjærland med Indre Sunnfjord Turlag

30.06 Morgon på Tungestølen. Sol på brekanten inne i Langedalen. Fin temperatur. Turlaget var kanskje litt trøtte i trynet, men motivasjonen til meir tur var det ikkje noko å seie på.

Sol på breen der inne. Vi kom ned i venstre kant der dagen før.

Camp Tungestølen

Vi bussa ned til Vårstøylen for å starte overgangsturen der. 

Vårstøylen med kyr og flott kulturlandskap. Starten på Snauedalen der oppe.

Sommardag og varmt i bakkane!


Snauare dess lenger inn og opp i dalen vi kom.

Vi slapp lettvint frå bekkekryssinga i dalen - det var nok snø til å gå på snøbru over. 

På veg opp mot Supphelleskaret

Magert beite for sognesauane. Kommande Sognemorr? 

Det var mykje snø i Supphelleskaret og det er alltid litt spennande å bikke over kanten. Kva får vi sjå no?

Lunsj og soling på toppen av skaret. Flott utsikt og lang dal nedover mot Fjærland.

Det var ganske bratt ned snøfonna på Fjærlandsida. Første delen øverst vart det lagt ut tau. 

Her er eg midt nede på snøfonna og ser oppatt i skaret. Greit å ikkje hamne i full aking nedover her..

Resten av snøfonna nedover.

Dalen ut var varm, lang og stadig meir frodig. Dalgåing er litt som fjordpadling. Etter ei stund så har du i grunn sett dalen, og det vert ikkje så mykje nye "Wow-opplevingar" av det. Eit område med brennesle fekk opp konsentrasjonen litt. 

Fin foss

Flatbreen veltar seg ut her. 

I enden av turen venta bussen. Fin tur, god logistikk! Det var i grunn ganske greit å sige saman i eit bussete etter to dagar med trasking. 

Kart over ruta

Vi gjekk frå Vårstølen i Veitastrond. Innover Snauedalen. Over Supphelleskaret og ned til Supphella i Fjærland. Turen er ca 13 km. 700 høgdemeter opp og 850 høgdemeter ned. Vi brukte 5 timar og 45 min inkluder pausar.

Link til dag 1: Fonn - Tungestølen