fredag 28. februar 2014

Februar-rulle 2014

26.02 At det skal vere slikt stress å gjere ting ein - 1- gong i månaden! Februar ebbar ut, og eg stiller på rullepadling meir av plikt enn av lyst. Det hjelper på at ettermiddagen er vindstille med nydeleg fargespel, og straks vi kjem oss på sjøen er den gode padleturkajakkergøyjippi-kjensla på plass.

"Vinterrulle"? Kaldare i sjøen då, men veldig grei temperatur på land..

Kult lys - flott drama. Vigra (t.v) og Valderøya (t.h)



Rullene satt, godsida, sjekk. Vrangsida, sjekk, men veldig dårlig rulle. Nummer to var mykje betre. No framover skal eg berre øve på vrangsida...Februarrulle i boks. 

Dokumentasjon (berre for spesielt interesserte):
video
Godsida (film frå Sygni)

video
Vrangsida (film frå Sygni)

Sygni si februarrulle her:
video

Ei nyfika steinkobbe følgde etter oss frå Studiostranda til Brustranda. Artig. Naturoppleving som bonus. Dagen vart avslutta på sosiale media med uhemma skryt av eigen innsats og vennlege påminningar til andre landsdelar.

onsdag 26. februar 2014

Vintertelting på Rellingsætra

Laurdag 22.02. Korleis vart det eigentleg slik? - Eg undrar meg der eg køyrer innover til Norddal andre helg på rad, med OL på radioen. Det er ei heilt anna historie sjølvsagt. Må ein drive oppsøkjande verksemd for å finne vinter i februar så må ein.

I bilen er eg både spent og bekymra. Ingen av oss har telta på snø før, og det er ikkje verdas beste vermelding. Rellingsætra har eg høyrt om. Onkel Per var der som liten, dei somrane han vart sendt frå Oslo til familien på landet. Han har fortalt om mange fine sommarminne derifrå, og eg gler meg til å sjå.

Akkurat starta! Høg stemning. Det her går no brillefint! 
Ca 30 kg i pulken. Litt tyngre å dra enn forrige helg, men på preppa skogsbilveg går det som ein leik. 

På rett veg, og skal ein til fjells må det knekkast nokre motbakkar undervegs

Utsikt ned til Norddal og over fjorden til Valldal

Oppe ved Skihytta fann vi oss ein fin leirplass. Sønnavinden kom susande ut Dyrdalen, men vi låg i livd bak eit granfelt og litt vestafor dalmunninga. Vi set snart verdsrekord i å finne teltplassar i livd. Det var minusgrader, og laus snø. Pulken velta opp skråninga på slutten, fellene lausna frå skia mine og vi måtte trakke mykje og lenge. Trakkinga skulle resultere i hardt og jamt underlag og så var vi ganske opptekne av å vatre ut hellinga på staden. Trakking er ikkje det artigaste eg veit. Sygni berre løfta på augnebryna då eg etterlyste ferdigstilling etter ca 2,5 minutt... Vi sette opp teltet, og det gjekk som smurt denne gongen. Vi hadde berekna trakkeflata heilt perfekt, og det var fasinerande å sjå kor fort og korleis snøen endra seg og "sette seg" der vi hadde trakka. Snøpluggane på 50 cm var heilt perfekte. (Då eg pakka dei opp heime fekk dei namnet "Monsterpluggane")

Snart var det godstemning i leiren.

Nam! All matlaging på bålet og desserten på lur i aluminiumsfolie..

Det vart 3-rettar til kvelds mekka på bål: 
Tomatsuppe med mozarella a la Rett i koppen
Pinnebrød a la Foccacia med spekemorr til
Lune appelsinar med sukkerbitar og krydderier
Avec: Kakao a la Stormgjengen eller ein Te-knekt

Desserten vart det kulinariske høgdepunktet!
Knallgodt! Søte og fyldige! Sygni testa med kanel og sukker, medan eg held meg berre til sukkerbitar. 

Slik gjekk i grunn kvelden. Eg er ikkje utlært når det gjeld plassering av bål i bålgrop, så det skal vi forske meir på. Vi runda av med eit par av Jakob Sande sine utvalde i teltet så det stod ikkje på laurdagsunderhaldninga heller.

Frukost! Teltet står, god natt med søvn. Plussgrader både ute og inne, men at dette kvalifiserar til vintertelting er heilt klart. 

Helsport SVEA 3 camp. Eg vert meir og meir fornøgd med teltet. 

Eg tok kontakt med Helsport og spurde om refleksbardunar. Då fekk eg gratis bardunsnor med refleks i posten tvert, så eg kunne bytte ut bardunane. Veldig bra service.  Lett og solid telt. Forteltet er så stort at vi kan grave kuldegrop (ok, denne gongen vart gropa symbolsk grunn pga skarelag..) i same breidde som dørholet på tvers i forteltet. Då er det likevel i tillegg god plass til eit parispulkbrett på tvers inni forteltet med all bagasjen oppå. Glimrande løysing. 

Vi hadde høyrt vinden suse i fjelltoppane heile natta og det skulle ta seg opp utpå søndagen. Difor vart det berre ein liten tur innover Dyrdalen mot Innsetsætra. Dagens sjokk var at pulken ikkje var samarbeidsvillig. I skrått terreng i våt snø bikka den heile tida. Det var ekstra irriterande at det berre var min pulk som bikka. No hadde eg lavt tyngdepunkt og ingen vedsekk på toppen, så det var ikkje innlysande kvifor heller. 

Pulktur vart til skitur. 

Innsetsætra/Engesetsætra (600 moh). I februar. 
Er det ei bru? Vi fann inga bru og gjorde ikkje noko forsøk på å krysse elva.

Dyrdalen. 

Synnakulingen slo etterkvart i mot oss. Det var mildt, så eg fraus ikkje, og snøen smelta under skia våre. I ein dal som vanlegvis har FOR mykje snø i vinterferien.. I glimt såg eg det skein i blåe snøbrear oppe i fjellsidene. Ikkje eingong dei var dekt av snø i februar (truleg på rundt 1000 moh).  Dyrdalen trur eg er ein flott dal, og eg har lyst opp til Storvatnet ein dag det går an å sjå litt meir. 

Rosinen i pølsa var sightseeing på sjølvaste Rellingsætra. 
Lunt og vakkert ligg den der på ei hylle. Stor dal og svarte fjell. Setervollen er idyllisk med ei rekke sel på kanten som skil seg ut frå resten. 








 
På heimveg. Skihytta.

På skihytta møtte vi "halve bygda" på veg til fjells. Det var kjekt, for då kunne vi skryte uhemma over teltinga vår, og få nyttig info til seinare. Det er for eksempel bru over til Innsetsætra. 

Vel nede i bygda var vi godt nøgde med eigen innsats. Tor Erling prøvde seg med eit noko sarkastisk spørsmål om graden av villmark? Det tolka vi som rein misunning, og tok ikkje større notis av DET akkurat. Slik blir det berre når ein har overlevd vintertelting og vore ute i minst 24 TIMAR. Så det så.

Eg køyrde rett på ferja, kom med som siste bil og alt var berre velstand. Ute på Valderøya var det liten storm i kasta, syndeflod frå oven og springflo. Eg hadde i alle fall ikkje gått glipp av noko heime. Derimot hadde eg fått eindel å tenke på når det gjeld pulk. Faste drag? Framtidig faktisk forskning....

Takk for turen, Sygni! Bra plan B og fantastisk diktlesing!

fredag 21. februar 2014

Signalen - Valderøya

Tirsdag 18.02. Nydeleg vinterferievær. Eg hadde ikkje ferie, men stakk rett ut etter jobb. Dette var den første skikkelege ettermiddagsturen i DAGSLYS i år. Sunnmøre er ei fantastisk leikegrind, og ofte køyrer vi litt for å finne nye turmål. Det er ikkje alltid nødvendig, noko ettermiddagsturen i min eigen "bakhage" vart eit godt bevis på.

Turvegen utom fjellet. Rekk eg opp før sola går ned?

Giske, Godøya, Runde

Passtellverd i nord - Gamlemsveten og Tverrbotnhornet

Ein av vardane på Signalen (231 moh)

Alnes fyr og Runde fyr på rad og rekke



 Solnedgangen var flott!

Blåtimen etterpå var like fin, og eg kom meg akkurat heim før det vart mørkt. Signalen er eit lite fjell med stor utsikt.

søndag 16. februar 2014

På jakt etter skiføre på Sunnmøre - Gråsteindalen

Søndag 16.02. Eg har ikkje vinterferie, og eg nektar å reise ut av fylket for å finne snø i februar. Hotell Union i Geiranger reklamerte for skiløyper i Gråsteindalen, og Sygni skulle uansett vere i Norddal i helga. Søndagsturen gjekk difor til Eidsdal, med ski og skeiser i bilen.

Austover i fylket var det vårleg og fint. Eidsdal låg der grøn og frodig over fjorden. Stengte vegar var ei påminning om lågsesong heller enn "Kong Vinter" sine herjingar. 

Vi varma opp med skeiser på Eidsvatnet (Kvitfjellet bak?). Kanonfin is med ein centimeter nysnø på. 
Tampen brenn... 

Artig for både vaksne og ungar!

Det vart utelunsj ved vatnet i Eidsdal. Ikkje gale i februar det. Sygni og eg drog vidare medan resten av gjengen skulle prøve seg på isfiske. 

Start på Korsmyra. Min første tur med "Parisbrett". Brettet vert heretter kalla "Pulken". 

Pulken hadde ca 20 kg tilfeldige pakkenellikar oppi. Det var lurt å ta bilde av meg og pulk tidleg. Det vart nokre grimasar og lydeffektar oppe i bakkane som eg tykkjer det er greit å IKKJE ha på film.. Det er mykje lettare å trekke enn å bere, men likevel uvant.

Sygni i godt driv! 

Flott og vill natur frå 50 meter etter parkeringsplassen. Vi gjekk opp i Gråsteindalen (Eg tenkte gråbein og ulvehistorier, men det viste seg å vere ei mental kortslutning). Det var køyrt opp løype, og den gjekk i ei stor sløyfe inne i dalen. Vi hadde snakka om Grandevatnet, og det såg  meir spennanande men framleis overkommeleg ut. Sidan eg i grunn var oppteken av å gå bak og dra pulk, så fall mykje av ansvaret for sporval på Sygni. Det var lurt. 

Nedover Gråsteindalen. Einaste plassen på Sunnmøre med skiføre?

Litt banning (Lene, pulkrelatert), to timar, 4 km og 400 høgdemeter seinare stod vi ved vatnet. 

Oppe! Få på klede... Lekkert landskap. 
Vi kjende oss sånn passeleg barske. Lett snøfokk, kald vind, svarte fjellsider..

Sygni nøgd på 1020 moh. 
Grandevatnet ned til venstre. Veggen på Trollkuphornet til høgre. Men kva heiter den spisse bak der? 

Geirangerfjorden rett ned for skuldra mi (høgre bildekant). Juhuu! Energi til å tulle litt. 

Deileg med to steg utan pulk. Så gjekk det brått opp for meg at eg skulle ned på ski med pulk. Ups. Jorda kallar. 
Øving gjer vel meister. Eg kom meg ned. -I fint driv, i følgje Sygni. DET var no dagens overstatement. 

Vardhornet og blåtimen på veg ned.

Kart - fin skiløype i Gråsteinsdalen. 
Stor parkering (Korsmyra) ved vegen rett ovanfor Ørnesvingane. 

lørdag 15. februar 2014

På jakt etter fullmånen

Fredag 14.02. Med reising og styr i veka vart det først lyktetur på fredag. Dagen før fullmåne, og vi var overtydde om at det ville vere fint å gå utover Eltrane i bleikkvitt månelys. Vi var ikkje før komne ut av bilen før dei første dropane traff oss. Uvant og sjokkerande! Kvar kjem dette i frå? Vind og skyer gjorde at vi degraderte måneskinnsturen til trim, og tok det derifrå.

Fritt val frå Langevågen

Roar og Synnøve var vande med å ta beinvegen (det vil seie RETT OPP) til Vonhytta, så da var det berre å henge på. Eit lite strategimøte der, og ruta vidare vart lagt til Vardane på grunn av vinden.  

Iskald vind på toppen - men vi tok likevel 10 minutt med teambilde, drikke og KRANSEKAKE! Kjekt når folk har med overraskingar på tur. Trim oppgradert til fjelltur att!

Teambilde på Vardane (776 moh)

Ei rype eller to gav lyd frå seg i lia. Det var flott utsikt over Sunnmøre frå toppen. Månen og skyene leika seg i lag, så horisonten veksla i dramatisk lys og formasjonar. Tema i "Synnøve Lundes uteskole" denne kvelden vart test av broddar. Bybroddar versus "Snowline chainsen". Turdeltakarar som vel å lagre "chainsen" i Østerdalen må fint finne seg i å teste bybroddar. Samtlege kom seg ned i god stil, så det var ikkje kritisk.  

 
Bybroddane hjalp litt...

 "Snowline chainsen" var heilt geniale.

 Broddane var kjøpt i fjor, men eg har ikkje brukt dei før. Ikkje heilt det same som stegjarn, men dei sat som blegg oppover (og nedover) snøen. Eg testa dei på litt blank is på myra, og broddane sat som eit skot der og. Geniale. Dei tek liten plass i sekken og er enkle å få av og på. 

Den siste halvtimen fekk vi stadige glimt av ein flott og rund måne. Innimellom kunne vi skru av lyktene. Draumen om måneskinnstur vart delvis oppfylt, men jakta på den perfekte måneskinnskvelden held fram.  Super tur i godt lag på fredagskvelden! God start på helga. 

Typisk nok: Etter at eg kom heim, då vart det skikkeleg månelyst! Timing er vanskeleg.

Frå verandaen på Valderøya kring midtnatt....

Vi brukte akkurat tre timar totalt på turen.