tirsdag 28. januar 2014

Grødet (684 moh)

Tirsdag 28.01. Stjerneklart. Friskt. Fint. Nytt fjell (for meg i alle fall). Hovudlykt-mafiaen la i veg mot Vatne og Grødet. Det var ikkje heilt enkelt å finne vegen gjennom byggefeltet. Det er nokre hus på Vatne. Ikkje reint få faktisk. I mørket er no det eine byggefeltet mykje likt det andre. Heldigvis er vi betre på å navigere i terrenget enn i byggefelt.
Dagens teambilde!

Ettersom Synnøve var med, så vart kveldsøkta straks å sjå på som grunnkurs "Nattnavigering" i "Synnøve Lundes uteskole"

I Haram må dei ha grueleg flinke folk til å merke stiar. Perfekt plasserte trepinnar, ca ein halv meter høge, markerte stien godt nok til at vi fann fram. Vi tok runden over heile fjellet, og det var ein skikkeleg fin tur. Her vil eg gjerne oppatt i dagslys. Hovsetsætra såg til å ligge vannvittig fint til med utsikt i øyane og havet. Stien ned derifra var skikkeleg koseleg gjennom kronglete gammalskog. Litt bratt, men artig.  

På toppen - 684 moh. Smal og høg varde på Grødet.

Ned gjennom eventyrskogen

Det er så godt å komme seg ut om kveldane, sjølv om det er mørkt. Eg er veldig glad for å ha kjekt turfølgje som vert med på nye og dels ukjende stiar med godt humør. 

Fin runde - egna kveldstur med lykt. 
Ca 600 høgdemeter kvar veg, og 6,5 km rundt.

Grødet sett frå Breivika tidlegare på dagen

Turskildringar finst på fleire av fjellturnettsidene, min favoritt blant dei er 

mandag 27. januar 2014

Januar-rulling

Måndag 27.01. Januar går mot slutten og  det er på høg tid å få seg ei rulleøkt. Denne ettermiddagen var den einaste vi kunne få det til. Iskaldt, frisk bris og tidleg mørkt. Vi møtte opp i den SAME småbåthamna på Giske denne gongen. Det er som vanleg dørstokkmila som er tyngst.

Mot Godøya og Alnes. 

Veldig fine, men alt for korte ettermiddagar. Vi kom oss på sjøen og det var skikkeleg austavind. Det var på grensa til handterleg i kasta. Planane om "øya rundt" vart droppa, vi kjende litt på kreftene, padla litt i motsjø og surfa innatt. Det var no tross alt januar-rullinga som var det viktigaste i dag. 


video
Sygni rullar glatt....

video
...og det gjer eg og!

Om ikkje verdas beste ruller så kjem vi oss fint rundt eit par gonger kvar. Oppdrag utført! Januar er i boks. Lengre og lysare dagar i vente!

søndag 26. januar 2014

"Vintertelting" på Alnes

Normalt sett skulle vi hatt full vinter i januar. På Sunnmøre er det omtrent ikkje snø å oppdrive no, så vi bestemte oss for å teste teltet på den kjente vintersportstaden Alnes. Helsport Svea 3 Camp skulle settast opp for første gang..

Sygni i god driv innover. 

Sist eg for på telttur med ryggsekk i fjellheimen, ein eller anna gong midt på 1990-talet, lova eg meg sjølv: aldri meir. Det er berre alt for tungt å bere. Padleteltinga har gjeve meirsmak, og det er no faktisk slik at nokre plassar er litt vanskeleg tilgjengeleg med kajakk. 

YEAH! Framme på teltplassen i Styregjølet.

Vi hadde plukka ein teltplass som ikkje låg så langt frå bilen, som skulle ligge i livd for sørausten og kulingen som var meldt. Sidan det ikkje var så langt til bilen, tømte vi sekkane ved basecamp, og for tilbake for å hente ein sekk ved og eit juletre som eg tilfeldigvis hadde til overs. 

Sygnis heimelaga kyllinggryte. Namnamnam

Det vart matlaging på bål og både lang kveld og tidleg kveld. Skikkeleg koseleg å sitte ute. Ikkje spesielt kaldt heller. Nokre vindkuler laga gnistregn, og vi sløkte skikkeleg, med Lærdal friskt i minne. 

Sygni

Eg har sove bedre i telt, men det var heller ikkje noko å klage på. Eg er vel berre litt generell stiv og støl.
Styregjølet har truleg frått namn frå adjektivet "Styren", som tyder vill, uroleg, bråkete. Kanskje fordi sjøen kjem inn og bryt her. Eg kan stadfeste at det var nokre vannvittige dønningar i løpet av natta. Eg vakna eit par gonger og tenkte på uver, men det var berre store bølgjer som braut og drønna. 

Førstinntrykket av SVEA: Stort, god takhøgde. Nokre gjennomtenkte løysingar på t.d pluggfesta langs kanten på duken, ventilar, glidelåsar. Eit par av bardunane var ikkje skikkeleg festa  i teltet og lausna, og det er jo litt irriterande, sjølv om det går heilt fint å knyte dei på att. No er eg vant med sjølvståande telt, så eg fekk heilt hakeslepp når eg såg kor mange pluggar som eigentleg skulle til. Eg sakna refleksmerking på bardunane. Det er heller ikkje laga handtak/hemper som er berekna på at alt skal gjerast med vottar. At dette teltet står uansett ver tvilar eg ikkje på, og stormmattene er gode å ha i vind eller snø. 

Storstova. Ballsal. To personar har kongeplass, og det er nok mogleg å vere tre til nød. 

Svea Camp 3 frå Helsport

Sklir godt inn i terrenget.. Stramma opp etter alle kunstens reglar.

Det vart frukost med bål og matlaging på bål. Kaffi, egg og bacon, alt mekka på bål. Herleg!

Det er ikkje feil å sjå Erkna i morgonsol over frukosten.
 Utsikt til 4 fyr frå leirplassen er ganske bra.

Det skulle vere ei hole i nærleiken av teltplassen, så vi la etterkvart ut på jakt etter Huldrehola.

HOI! - Her er ho! Sygni fann den på første forsøk

Først måtte vi forsere under nokre store steinar som låg i klem. Ein trong ikkje vere geolog for å skjøne at desse steinane kjem til å dette ned ein vakker dag. - Men ikkje i dag, bestemte eg, og for forbi.

Sygni overlevde første hinder

I "forgangen" hang denne 20 meter over hovuda på oss. 

Hola var større og mykje kulare enn eg hadde trudd, og det gjekk bratt nedover og innover. 

Ned her....

Spooooky! Spennande og flott. Nye avsatsar. Lenger og lenger innover.

Vi såg tau og holrom vidare innover, men var ikkje heilt førebudde på klyvinga, så her stoppa vi for denne gong. Eg skal tilbake hit med eige tau og reservelys!

Frå Huldrehola mot Remøy og Runde

Føremiddagen vart runda av med fotosafari på heimvegen

Framleis bra dønning innover...

Det bryt godt ved Alnes fyr

Herleg tur! Treng ikkje vere langt heimanfrå for å vere turist!

Vintersportstaden Alnes er eit eldorado for surferar (med bra blodomløp.. brrr)

Her er det ein liten surfar på bølgja....

Det var mange andre som gjorde som oss: var bølgjeturistar med fotoapparat!

Herleg tur, og store opplevingar rett utanfor stoveglasa! Om det kan kallast vintertelting når eg ikkje hadde behov for å ta fram vottane ein einaste gong er eg usikker på. Teltet er offisielt testa og bestått!
Takk for turen Sygni!

tirsdag 21. januar 2014

Kveldstur på Tverrbotshornet (749 moh) og Tverrfjellet (744 moh)

21.01 Gunhild og Janne er i siget og lett med på tur. Eg har fått streng beskjed om å øve på orientering. Skal vi fare ein plass vi knapt har vore? Trass manglande skiføre er det nydelege januardagar no. Kalde klåre kveldar og lite vind.

Med utgangspunkt i Søvika og vegen opp mot Gamlemsveten la vi i veg. Eg har investert i lykt, så no hadde vi alle rikeleg med lumen. Målet var Tverrbotnshornet, og opp i bakkane tok vi av grusvegen og ut på stien. Stien var ikkje SÅ tydeleg mellom snøkladdane, og eg tok ut kompasskurs. Vi vart litt bleike då vi skjønte kor svart det var, og kor lite av landformene vi såg. Lyset var godt, men det er ikkje lett å orientere seg "i ein svart sekk", sjølv om ein ser ein radius på 100 meter. Det var akkurat lettskya nok til at det ikkje var hjelp frå måne eller stjernelys. Etterkvart såg vi at stien var stikka, og brøytestikkene stod tettare dess lenger inn på fjellet vi kom. Det  var betryggande, og stien fann vi. Siste ryggen oppover mot toppen var lett å følgje sjølv utan stikker.

Tverrbotshornet!

Fint rundskue med lys i alle bygder - her Søvika og Valderøya

Det var nesten ikkje vind og fin temperatur. Med ekstra jakke heldt vi fram innover platået. Det var heilt flatt og kjempestort. Nydeleg "tak" å gå på. Vi fann varden på Tverrfjellet og. Det er luksus å kunne gå slike turar på denne tida. 

Teambilde på Tverrfjellet

Vi kom oss heile og fine ned att og var gødt nøgde med kvelden. Caro var ikkje heilt seg sjølv, han hadde gått med snuten i sporet til ei løpsk tispe heile turen.. og brukte litt ekstra krefter på det. 

Ein stor takk til den eller dei som har merka stien på Tverrbotnshornet med stikker og refleks - det var kjekt å gå etter i kveld!

I Breivika i dagslys nokre dagar etterpå såg fjellet slik ut:

mandag 20. januar 2014

Helgehornet (623 moh)

18.01 Laurdag morgon. Vi er så å seie i skikleda. Lite snø og kald sno. Ein siste sjekk på yr.no. Ops. Så mykje vind ja. I tenkeboksen. Vi tek ein retrett og køyrer plan B. Kjapp fottur på Helgehornet i Ørsta og deretter ein tur i klatresiloen i Volda. Det vart ein strålande dag. Verdas beste aniskringle og kakestykke på Mylneriet kafè og bakeriutsal toppa det heile.

Dramatisk lys i Dalsfjorden

-Sjå kor fint det er i Ørsta!
 Therese peikar ut den eine kremtoppen etter den andre for meg.

Ny tur - ny utsikt. Godt nøgd. 

Utover mot Eika og Kjeldsund

Helgehornet kan anbefalast som lett turmål med stor utsikt! 360 grader panorama frå hav til kyst, fjord og fjellheim. Link til: Turbeskrivelse på Ørsta IL si heimeside.

Takk for turen og ein strålande dag i Ørsta/Volda, Therese!

Høgkubben (450 moh) - om skiheisa

16.01. Gunhild og eg tok til vettet, og fann oss ei le-side for fjellturen denne kvelden. Det vart Høgkubben, frå Spjelkaviksida og rett opp turheistraseen. Flott barfrost med ein millimeter snø. Effektive høgdemeter og kjekk luftetur. Ny rute for meg.

Ingen bilde, så låner bilde frå Sunnmørsposten og kick-off arrangementet til Ålesund og Sunnmøre Turistforening helga før.

Spjelkavika by night frå toppen av turheisa.
Foto: Alexander Worren/Sunnmørsposten



søndag 5. januar 2014

Sesongstart på Grøtshornet (663 moh)

Nytt år! Fottursesong i januar ser ut til å verte ein tradisjon! Vi startar overkommeleg, med godt mot og siktar oss inn på ein av toppane i Haram.

Håvard og Caro finn tonen, og stien frå nord er lett å finne. 
Fin utsikt mot øyane i Vatnefjorden, Dryna og Midøya etter berre ti minutt. 

Opp på heia og sjølvaste Grøtshornet kneisar der framme. 

Det passar med ein rast før siste motbakken.

Fin temperatur å gå i (+ 8 ved fjorden), men det vart fort kaldt. Pausane vart ikkje lenger enn nødvendig. 

Vi har begynt på ryggen oppover og er ved godt mot. Gunhild køyrer motivasjonsmeldingar frå høgdemeterappen sin. Det funkar godt på meg i alle fall!

 
Litt snø og hard snø på egga. Vert det for glatt oppover? Det var heldigvis mykje lyng og steinar innimellom.

Skikkeleg månelandskap på toppen, og dei "ekte" Sunnmørsalpane i bakgrunnen

Varden på toppen! 
Eg ser den først, og markerar det med eit lite hurrajubelbrøl. Det fungerar som eit startskot på delar av turfølgjet...

Gutta boys først oppe og ventar på toppen. - Kvar vart det av dåkke?

Dagens teambilde! Ny topp/ny rute for samtlege. 
 På toppen var det iskald. Frisk bris gjev bra vindkjøling trass i at utgangspunktet var plussgrader. 

Utsikt mot Urfjellet (t.v) og Storfjellet (t.h). Dit skal vi ein anna dag...


Så var det berre å komme seg heilskinna ned ryggen att då...
Grøtshornet var ein fin tur!

Caro! Kjekt å vere på tur med hund att!

Takk for følgjet! Flott start på nytt år. Godt å nyte dagslys desse korte januardagane.