tirsdag 23. desember 2014

God jul!

23.12. Jul. Like etterlengta som fredagskvelden i slutten av veka. Denne høgtida på slutten av året. Ein god pustepause med rom for ein bodskap - om ein vil ta det innover seg. Eg er ikkje spesielt religiøs av meg, men det er likevel ei tid for refleksjonar og ettertanke. Eg veit at eg er privilegert som bur i eit hjørne av verda der det er fred, rikdom, likeverd mellom kvinner og menn og der samfunnet ikkje er gjennomsyra av vald. Det er ikkje alle stader ord som fritid og friluftsliv pregar kvardagspraten. Jula er ei fin tid å tenke på året som gjekk, året som kjem og menneska ein har rundt seg.

I år veit vi ikkje heilt korleis jula vert. Kor mange vi vert rundt bordet. Om det vert turar til sjukehuset på besøk. Uansett så står vi samla - og gjer det beste ut av dagane. No pakkar eg i bilen og sett kursen mot barndomsheimen.  

Verda er uroleg. Det er grunn til å lure på kva som skjer med klimaendringar framover, og stadig fleire folk som ikkje har ei god og trygg heimbygd eller eit levebrød.

Det går an å bry seg, og samstundes gjere det koseleg i heimen. Hos meg har det vore lys dei siste dagane. Lys på treet, Stearinlys i stakar og lykter. Lys i adventsstjernene i glasa.
Lys i jula er ein gammal tradisjon. Eg trur det må verte denne julesongen frå 1898 som oppsummerar julebodskapen 2014 frå meg:

Nå tennes tusen julelys
Det stråler rundt vår jord
Og himlens stjerner blinker ned
Til liten og til stor

Du stjerne over Betlehem
Send dine stråler ned
Og minn oss om at julens bud
Er kjærlighet og fred

Til hver et fattig hjerte send
Et lysstreif ifra sky
Så finner det den rette vei
Og det blir jul på ny

God jul! 




4 kommentarer:

  1. Set å ser igjennom leselista på bloggsida før eg fer avgarde på jobb. Ei herleg stille mårastund . Dette var den eg stoppa ved . Veldig fint og godt skrevet . Ønsker deg og dine ei fortsatt god jul .

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for fine ord. God jul til deg og dine :)

      Slett
  2. Svar
    1. Takk det same - og godt nytt! 2015 skal vere friluftslivets år, og det passar oss vel begge godt. :)

      Slett