mandag 1. desember 2014

Erkna i novemberlys

29.11 - Eg trur ikkje eg orkar å padle i helga, var min første beskjed til Mildrid på telefonen..  - Hm. Neivel. Kva med Erkna då?, svarar ho. Omlag på dørstokken min, passeleg lang/kort tur. Alternativet var vel adventsvask (nyttig nok) eller julegåveshopping på Moa (og DET gjer ein ikkje frivillig på ein laurdag). - Eg er med!

Stø kurs mot Erkna

Novemberlys er fint

Litt skvalpesjø over. Dønning og vind frå kvar sin kant gjev merkelege effektar.

Ørnefotografering på yttersida. 

Her som det ofte kan vere litt ruskete var det stilt og roleg.

Landing gjekk fint ved moloen

Ei anna verd?

Villsauene var på sletta, og fyret såg ut som ein festning eller eit lite slott frå denne vinkelen. Om ein no skulle prøve seg som fyrvaktar på ei aude øy, så er nok ikkje Erkna den dummaste.

Storholmen der ute. Hårete mål for 2015?

Giske, Ålebyen og Sykkylvsfjell. Vakkert innover landet og.

Fyrmeisterbustaden. 
Litt mindre slott og festning herifrå. Meir fura, verbitt og standhaftig. 

Erkna fyr - og utsikt mot Runde. 

Mildrid har ein draum om å padle frå fyr til fyr her ute. Real-lunsj i le-veggen på fyret. Fantastisk havutsikt. Finfin novembertemperatur. Fleire plussgrader. Godt med dunjakke, men greit å sitte ein time. Ekstra koseleg med ein god rast på denne tida av året.

Som vanleg frå Erkna, flott solnedgang på veg innatt.

Stor dønning i ryggen gav oss godt driv. 

Synnes

På Blimsanden var det små men veldig fine surfebølgjer. Det vart ein liten halvtime med surf og leik før skyminga var i gong.

Flott tur - takk for drahjelpa og ein super dag på sjøen, Mildrid!

15 km totalt

Erkna er fuglefredningsområde med ilandstigningsforbod på sommaren. 


2 kommentarer:

  1. Ikke verst novemberfarger hos dere heller. Fyr er kule - er det lys i deres fremdeles? Her har de bytta lyset ut med et som står ved siden av, på en solcellesøyle. Ser helt teit ut.

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp - fyr er kule. På Erkna er det lys, og dieselaggregat... host, hark, HÆ?! Med Kystverks-briller likar eg teknologiutvikling, og innser at fyrforvaltning i framtida vert meir og meir kulturminneforvaltning. Meir estetikk i solcellebransjen kanskje?

      Slett