mandag 29. desember 2014

Alpin vinterpadling i Hjørundfjorden

28.12 Det er første gong eg sjekkar skredvarselet før eg skal på padletur! Kvite fjell og høge toppar lokkar - sjølv om det er padling vi snakkar om. Det er nesten ikkje til å tru at vi fer på fjordpadling frivillig. 4. juledag kan vi velje mellom vått, grått og vindfullt på kysten eller kvitt, stilt og kaldt i fjordane. Det vert Hjørundfjorden og start på ved Sagafjord hotell på Sæbø.

Skikkeleg vinterpadling! -6 grader og snø overalt.

Sagafjord hotell og Sygni ser rett over på Saksa (1073 moh). 
Bak til venstre Elsantindane (1398 moh)

Hustadneset rett fram - ein skikkeleg idyll i Hjørundfjorden.

Skydekket senkar seg og verda er tusen nyansar av kvitt og grått. Det einaste med fargar på er oss.  Fjorden er blank, og ein god straum dyttar på oss. Ferga brummar avgarde med juletrelys i toppen. Kapteinen vinkar til oss. 

Sygni testar Nordkapp framom Storhornet (1358 moh)

Inn Storfjorden (innerste del av Hjørundfjorden) mot Viddal

Stålberghornet (1248 moh) står midt i krysset: Norangsfjorden til venstre, Storfjorden til høgre.

Vi satsa på Norangsfjorden denne turen. Vi ønska oss niser i fjorden og eit gløtt av Slogen. 

Padling inn under Slogen (1564 moh). Vakkert. 

I enden av fjorden ligg bygda Øye. Flott naustrekke og eit enda flottare hotell bak der. 
Union hotell Øye er verd eit besøk i seg sjølv. Sygni fablar om middag på hotellet, men vi har alt vi treng i bagasjen. Fyrstikker, ved, fjellduk og real. Eg har ein liten mistanke om at tørrdrakt ikkje er standard middagsantrekk på hotellet. 

Lunsj på stranda. Bål. Koseleg. 
Vinterpadling er ikkje so gale det. 

Flo (!) og snøbyger gjorde lunsjen kortare enn vi hadde tenkt. Faktisk forskning viser at det er skilnad på flo og fjære inne i fjordane og. Samt at bål kan flyttast, opptil fleire gonger. 



Mildrid framom Konehornet (1276 moh). 
Litt klønete å ikkje få med toppen der. 

Det dreg seg til med snøbyger. Sikta forsvinn og vi har ein kompasskurs på lur. 

Einsleg fjordpadlar i vinterland

Ikkje berre at det snødde, men det lava ned. Store filler. Som la seg på kajakkane, på kjakane, på augevippane. Vi måtte grave fram kompassa på framdekka. Sikta var omlag 0. Note to self: Skibriller på vinterpadling er ikkje feil. 

Det var mest triveleg. Landskapet forsvann i bygene. Kvit bommullsverd. Det var så stilt at eg kunne høyre snøflaka lande på luva mi. Det var reine vinterstemninga frå barndommen. Eg ville fange snøflak med tunga, springe rundt, hoie og kaste snøballar. 

Så gjer vi så når vi padlar rundt tre, padlar rundt tre, padlar rundt tre......

Nøgd vinterpadlar. 

Julestemning og "Winterwonderland" på Sæbø

I hjartet av Sunnmørsalpane - 20 km padling. 
Norangsfjorden er med dette utforska i kajakk!


Eg trur nok oddsen er stor for at neste tur i området er med fjellsko. 
Det var ein flott dag på fjorden, men fjordpadling generelt tek ikkje heilt av.
Det er likevel noko med å sjå desse kjente majestetiske toppane frå sjøsida, og i vinterdrakt.  

2 kommentarer:

  1. Fjordpadling er ok avveksling. Men det er liksom dét. Selv om det kanskje kan være det samme hvor man padler når sikten er 0... ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp - det er akkurat slik det er! Vi fekk i alle fall maks ut av denne dagen - og fekk akkurat den avvekslinga vi trong for å kunne NYTE dei same fine rundane lenger ute omatt og omatt.

      Slett