torsdag 6. november 2014

Trolltinden (1170 moh)

5. november. Det har vore ein litt slakk haust på meg, og det tærer både på fysikken og psyken. Det går ikkje i lengda, så no var tida inne for å ta grep. Kanonfine meldingar. Her må det avspaserast (etter lunsj) og bli nokre timar i sol og dagslys.

Synnøve var med, og vi hadde sikta oss inn på ein topp på Ørskogfjellet. Her har vi begge køyrt forbi ca 1000 gonger og tenkt at vi; "skulle ha vore på den der, gitt".

Trolltinden er den høgaste. Markert landemerke på Ørskogfjellet. 

Grusveg til Skitnesetra. Fint med oppvarming før det bar rett ut i myra. Slike slake lier med myr og lyng sug krefter. Eg syns det gjekk seint med meg, men vi seig no oppover mot Egga.  

Opp i venstre kant og heile ryggen bortover. Det var planen. 

Nydeleg med sol og dagslys. Eg fekk i grunn meir energi enn eg brukte oppover, sjølv om beina var tunge. Det var som å sette seg sjølv på lading. 

Lekkert haustlandskap

Topp nr 1: Middagsfjellet (848 moh). Flott utsikt!

No har vi i alle fall landa ein topp! To store glis. Begge var usikre på om vi rakk hovedtoppen. Klokka gjekk veldig fort. 

Haramsfjella fra ny vinkel med Blåskjerdingen midt i smørauget.

Tomrefjorden og Midsund (Otterøya) bak. 

Det var lett å gå i høgda, og snart såg vi varden på topp 2: Sandfjellet (903 moh). 
Trolltinden kom fort nærare. Den ER innan rekkevidde? Eller?

Vidare over egga måtte vi først ned ca 150 høgdemeter  før siste ryggen. 

Egga var kjempefin. Snø og is gjorde det litt ekstra spennande. 

Ned egga (Foto: Synnøve)

Blåne mot blåne

Novembersol i lyngen. Det såg nesten ut som ildtustar bortetter. 

Vi var innafor tidsmessig, og la i veg opp mot det store målet for dagen. Vi såg at vi kunne komme oss ned frå skaret til hovudvegen, og sleppe å gå egga tilbake i mørkret. Då vart det eit heilt anna reknestykke med tida. Den siste motbakken var akkurat så seig som den såg ut til. Ur og bratt. Brattare enn ein trur, Ikkje ser ein toppen, berre nye steinar og meir motbakke. Halde seg i gang, men ikkje få mjølkesyrestopp. Mental trening. Det gjer godt. Sjølv lav raud haustsol gjev krefter. Eg kjende "batteria" fylle seg opp.  

Steinbu før toppen. Grei nødbu det her. 

Arktisk. Iskaldt. Snøkrystallar og winterwonderland på toppen. 

På med stilongs, dunjakke, vottar, ekstra buff. 

Sjarmøretappa! Jammen klarte vi det ikkje! HERLEG! Iskaldt, men herleg! 

-FOR ein dag!!! Vi seier det i kor og vi seier det gong på gong. - Dette trur eg motvirkar vinterdepresjon resten av året, seier Synnøve. Eg kunne ikkje vore meir einig. 

Månen stig over Moldefjorden medan dei siste solstreifa sleikar over Ytstetinden. 

Høg wow-faktor. Her var det berre å suge inn lys og utsikt! Kulda beit, og det var ikkje aktuelt å vere på toppen særleg lenge. Minusgrader og god bris. Samstundes så må det nytast, så lenge ein kan. 

Solnegang fra toppen

Solnedgang frå toppen er både god og dårleg berekning. Vi la fort i veg nedover, og kom ned til skaret før det var mørkt. Heile lia var full av ryper, og dei var ikkje akkurat redde. 

Rype med vinterdrakt. 

Det vart mørkt, og vi rigga oss til: ete niste, justere påkledning og finne fram hovudlyktene. Det gjekk strålande å ta seg ned frå skaret, og vi fann ein grei trasè ned til Bakkesetra. Litt vått, og ingen sti, men heilt uproblematisk å komme seg ned. Månen var nesten full, og hadde det vore heilt snødekt kunne vi sikkert gått utan lys. I lyset frå lyktene blinka det i rimfrost og den gode vinterstemninga sette seg i heile skrotten. 

Kart over turen. 
Dei siste 2-3 kilometrane opp til bilen langs hovedvegen på Ørskogfjellet var det minst artige. Mykje tungtrafikk. 
Flott runde som kan anbefalast! Totalt vart det ca 13 km og ca 1000 høgdemeter opp og ned.  

Standardutrustninga i sekken skal supplerast med: Broddar, refleksvest, tynn vindsekk og god støttebandasje. No er lyktesesongen 14/15 i gong!

8 kommentarer:

  1. Du veit å nytte dagane du! Har hatt lyst på den toppen lenge eg og- den ser så lekker ut i vinterdrakt, men bildene dine har overtydd meg om at eg ikkje skal ta den på ski.....Nydelige bilder forresten.

    SvarSlett
    Svar
    1. Skal ikkje opp der på ski trur eg nei. Men Skitnesetra - Sandhornet var ein flott åsrygg, DEN er nok finfin på ski tenker eg!

      Slett
  2. Såg herleg ut ,flotte bilde :-)

    SvarSlett
  3. Det så jo særdeles bra ut!!! rett og slett:)))

    SvarSlett
  4. Hei kunne tenke meg å ta denne turen på ettermiddag nå om sommeren, men klarer nok ikke å komme meg inn til startpunktet før tidligst 1530, på grunn av jobb, er det for sent? Jeg har gått en del i fjellet, men går i rolig tempo, hvor mange timer bruker man opp til toppen?

    SvarSlett