onsdag 17. september 2014

Sopptur!

13.09 Laurdag. Nydeleg fint haustver, og eg labbar inne i ein halvmørk og tung granskog på ein strengt hemmeleg stad på Sunnmøre. Det er grunnkurs sopp i "Synnøve Lundes Uteskole". Eg har aldri vore på ein slik seriøs øyremerkt sopptur før, og er spent på resultatet.

Føresetnadane for grunnkurset var klare: Eg fikk ikkje seie eit pip om kvar vi hadde vore, eller drive å spørje om alle moglege soppar. Denne dagen fokuserar, plukkar og konsentrerer vi oss om dei sikre!

I starten fann eg berre soppar på tre. Dei var per def. irrelevante denne dagen. 

Her begynner det å lukte fugl... eller kantarell i alle fall!

Skogens gull!

Første staden var bomtur i forhold til sopp. Vi fann litt, men det var langt mellom. Det var ein heil del andre ting å sjå på i skogen, og eg er jo aldri på slike plassar. 

Kjempediger maurtue

Soppmeisteren.

Lokalitet nr 2 var av ein heilt anna kvalitet, og eg vart så ivrig at eg gløymte å ta bilde. Synnøve viste meg traktkantarell, og elles held eg meg til kantarell og piggsopp. Etter å ha vandra og plukka gjennom heile skogen kom eg ut langt nede i bygda. Bra at dei andre deltakarane hadde litt meir kontroll på både kvar dei var sjølve og kor vi hadde sett bilen... Eg var rimeleg blank ei stund der inne i halvmørkret. 

Mi første soppkorg! Svært nøgd!

Dette var kanskje den aller mest lærerike dagen i uteskulen til no. Takk for turen!

Heime vart det rensing, forvelling og tørking. Eg var glad eg ikkje hadde plukka meir sopp, for det tok si tid. 

Traktkantarellen og litt kantarell vart tørka over natta. Mesteparten av kantarellen og steinsoppen vart kokt opp i eiga kraft og fryst.  

Erfaring: Sopptur er gøy. Det minkar litt (faktisk ganske mykje) etter rensing/forvelling. Smørsteikt fersk sopp er kjempegodt! 

Nokre dager før på Gjelsvik gard: 
Karianne på si side har sørga for hovudingrediensen - ringdue!
No ser eg fram til felles søndagsmiddag med kortreiste råvarer etterkvart!

3 kommentarer:

  1. åhåhå sopp!!! Kantarella!! Prøvd da på heimelaga pizza eller?? MMMMmm....

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje prøvd på pizza ENDA - men det kan det bli! Kva anna har du i fyllet då? Vanleg tomatsaus?

      Slett
  2. løk og sopp som steikes først. Kjøttdeig, paprika og ein boks hermetiske tomater. 1 ss tomatpurre` og mykje godt krydder.... drit i maisen når du har sopp på pizzaen :-)

    SvarSlett