tirsdag 2. september 2014

På to hjul til Kjenndalsbreen

30.08 Loen ligg midt mellom Ålesund og Askvoll, og turhelga med Askvollgjengen har vore booka lenge. Fjelltur og sykkeltur står på programmet, samt god mat og boblebad. Luksus høyrer med ein gong i blant! Då vi har komme oss i bilane har vi tid til å tenke på programmet, og snur rundt på det slik at vi får maksimalt ut av tid og ver.

Fjellet Skåla bakerst. Den får vente til i morgon. Vi leikar turistar i trivselsfylket og sett kursen inn Lodalen. 

Vi leigde syklar hos Loen Active, og det funka fint. Vi fekk ypperleg service frå ein kjekk lokal 17-åring. Han hadde greie på syklar, nordfjorddialekt og humor nok til å takle 5 kaklande kvinnfolk. Slikt kan vi like!

Svært mange andre tok turen opp "Via Ferrata"-ruta i Loen og dingla i hengebrua høgt oppe i fjellsida. Ser skummelt ut. Eg var veldig glad for at vi sykla, sjølv om det var første gang i 2014 eg satt på ein sykkel utandørs. 

Lovatnet - idyll.

Sykkelturistane!

Vi stoppa ved minnetavle og informasjonspunkt for rasulykkene. 

Delar av Ramnefjell har rast ut i vatnet to gonger, og flodbølgene i etterkant har utradert to bygder to gonger. Det omkom svært mange menneske. 1905 - 62 personar, 1935 - 74 personar. Link til meir informasjon om ulykkene.  Det er spesielt å vite at nesten 100 personar aldri vart funne og har fått ei våt grav i det idylliske vatnet.

Kjenndalsbreen

Det er ikkje så mykje att av breen no. 


 
Breturistane!

Smeltevatn frå breen og liv i fossane.

Vi tok nistepause ved Kjenndalsstova. Mat må ein nemleg alltid ha. Kafeen var stengt, men det var fine benkar og bord ute med utsikt rett bort på Ramnefjell. 

On the road again...

Lovatnet

Vi har natur i verdsklasse rett utanfor stovedøra. Det er kjekt å vere turist i eige omland og. 

Fruktbygda Loen!

Kystfolk som vi er, vert vi store i auga når vi ser frukttre i fjordbygdene. Eple på rad og rekke, store og raude! Fasinerande. 

LEKKERT!

Dagen vart runda av med boblebad og buffet på Alexandra Hotell. Vi har det godt!

Kart over ruta frå Endomondo.

 Strekane stemmer ikkje heilt, men det har vel noko med GPS-signal, høge fjell og når vi syklar fort i nedoverbakke vert det langt mellom registreringane. 

42,6 km totalt, aktiv sykkeltid 3 timar og 4 minutt. Snittfart 13,9 km/t
Mange andre sykla Birken denne dagen, men eg er sikker på at vi hadde det minst like fint i Lodalen!

2 kommentarer:

  1. Du Lene, du må ha hatt ein av dei mest aktive sommarferiane av andre eg kjenner:-) Ser flott ut. Vi skulle eigentleg til Loen og klatre i høgda, men so knakk veninda mi ankelen :-( Ja ja, ny sjans neste år :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Må ta att i ferien veit du, sitt på kontor og har ikkje ungar å leike med til kvardags :) Århundrets sommar har det verkeleg vore, og no skal det bli godt å gneke litt på sofaen att! De er tøffe som klatrar! Håpar ho gror fint te att venninna de, og at det vert tur på dåkke på sikt!

      Slett