søndag 21. september 2014

Fivelstadnibba

21.09 Ny dag, nye moglegheiter. Vi var framleis på hyttetur, og var framleis innstilt på tur.
Fivelstadnibba (1209 moh) bakerst der. Er det håp?

Det gjekk ein kjempefin sti gjennom skogen langs Sætreelva og opp i Sætredalen. Der forsvann stien og det var igrunn ikkje noko veg opp som var meir innlysande enn den andre. 

Blåbær!

Også her var dalsidene fulle med deilige blåbær. 

Er no dette stien?

Store landskap

Bak der ein plass. Toppen. 

Vi på 1036 moh. Ved ein varde. Iskaldt. Ståande brødskiveeting. Kor gira er vi på den toppen? 
Fjella står, og vi vil nyte toppane med utsikt. Fivelstadnibba eller Fjellseter-kaffi-og-vaflar på hytta til Fride? Zimzalabim, og vi var på veg ned att.   

Haustfargar og spennande former

Eit glimt av verdas finaste dal?

Regnboge. Vakkert. 

Klyving opp og klyving ned.
Det var berre ikkje noko sti å finne i denne sida her. 

Flott tur, og fint terreng om ein taklar litt ur! Nytt forsøk på Fivelstadnibba (men då med høgare skydekke) inn på turønskelista.  

Kart Fivelstadnibba

Tusen takk for turen! Fine, våte, kalde fjellturar i nytt ukjent terreng og hyttekos! Eg må framleis overbevisast om konseptet #verdensfinestedal... Så det vert nok fleire turar innover. Veldig kjekk helg!

1 kommentar:

  1. Må berre smile, eg kikka laaangt etter den der eg og da eg var på Villa Norangdal. Norangdal er som du sei, heilt RÅ dal! Vart ikkje nibba på meg heller, men den er satt opp på ønskelista mi også ;-)

    SvarSlett