søndag 10. august 2014

Turist i Nordland - del 1

Ferie 2014. Det er berre ei hake med å feriere i Nordland. Ca 1500 km køyring kvar veg... Denne gongen hadde eg bestemt meg for å ta det som ein tur, vere turist frå Nordlandsporten og nordover, og gjere det beste ut av det HEILE VEGEN faktisk. Endestasjonen i første omgang var Vesterålen. Her kjem nokre glimt frå Nordland - som BILTURIST. Jakta på skulpturlandskapa kjem i eige innlegg seinare.

Morgonstund i Mosjøen. 

Mosjøen var ein fantastisk fin plass. Trehus, historie, moderne raritetar, kafear. Eg lærte at kommunen heitte Vefsn etter elva, at dei har humor her og ganske mykje interessant historisk om trelast og handel.

Utviklinga av Mosjøen med sterk kobling til Ålesund si historie.

Knis. 

Kvar er dette flotte neset med sjarmerande trehus trur du?

Mo i Rana kan og vere verd ein stopp. Eg likar å sjå at vi driv med noko i dette landet. 
"Mannen" kjem eg tilbake til. På Mo har dei forresten både vinmonopol og urmakar. 

Den kulaste brua i Norge. Sandnessjøen. 

Monumental. Katedralsk. 

Kulaste brua og det som BURDE vere fylkesblomen i Nordland. 

Fargane er annleis i dette fylket. Tangen er gulare, geiteramsen meir rosa, og heile paletten som er brukt på hav, fjell og himmel er annleis enn Vestlandet sine fargar. Eg likar sommarfargane i Nordland. Dei er enkle, naive og lykkelege.

Is på Polarsirkelsenteret er aldri feil. 
Eg vert nesten litt trist av utvalet souvenirar som vi byr turistane i dette landet. Er det slik vi vil framstå? Billige, men likevel overprisa, blotta for sjel og finesse?  

Fauske. 
Ikkje berre eit vegkryss, men ein flott stad for ein stopp. Bygdemuseum med nyslått plen og strand som egnar seg ypperleg for eit par timar på rygg i sola, med ei god bok og litt snop. Eg skal aldri kalle deg eit vegkryss meir, fine Fauske!

Proviantering i Fauske

I Hamsunds rike. Lofotveggen i horisonten. 
Her lurer eg alltid på om eg faktisk ER på E6, eller om eg i eit uoppmerksomt augneblikk har funne meg ein sideveg. 

Stetind. 

Ferga Bognes- Lødingen går (og det skal ein vist ikkje ta for sjølvsagt i desse dagar), og eg rakk ho med god margin. 

Vestfjorden og Lofotveggen

Det som skulle vere midnattsol i horisonten vart i staden solnedgang i skodda. 
Heilt greit at sola tek ein pause når ein skal campe. 

Skilt med meining. 

Skilt med mindre meining?

Kven treng eigentleg å vite kor langt det er til Rio når ein er i Nyksund? Som den turisten eg er, registrerar eg likevel nøgd at eg er nesten 30 mil nord for polarsirkelen. Og at det er kortare herifrå til Longyearbyen enn heim........

Nyksund

Morgonstemning i Nyksund. 


Moloutbygging i full gang ser eg....

Ser bra ut - her er dei klare over ferien til meir jobbing. 

Kjekt å sjå ei fiskerihamn med MANGE fiskebåtar!! Det er ikkje lenger sjølvsagt. Det ser ut som det kan vere nokre arbeidsplassar og ein del verdiskaping her. Skal det bu folk må det vere aktivitet. Skal turistane ha veg å køyre på, daglegvarebutikkar å handle i og eit og anna spredt vinmonopol må det vere liv i bygdene. 

Eg er i rute. Nye og gamle padlevennar er på veg frå alle kantar. Kråkberget, padling og ASKR neste!

2 kommentarer: