lørdag 30. august 2014

Rundemanen (568 moh)

26.08. Den uendelege sommaren held fram. Eg hadde eit par arbeidsdagar i Vestlandshovedstaden Bergen denne veka. Vi gjer som sjefen vår har sagt: "Pass på å få lagt inn ein tur om kvelden når de er på seminar/kurs-opplegg." Det vart skikkelege effektive og gjevande dagar på jobb, så skal sjå at det gjer godt å lufte seg litt om ettermiddagen. 

Utsikta frå Fløyen

"Synnøve Lundes uteskole" avdeling Bergen hadde bestemt at vi skulle på Rundemanen.  Flott tur frå sentrum, opp til Fløyen og vidare på grusveg og asfaltveg innover. Vi fekk sjå mykje store tre, Brushytten, Blåmanen, og nydeleg utsikt frå toppen. Sotra og omland låg i ein varmedis i horisonten og det var fleire rundar med tuting frå store cruiseskip på fjorden. 

Spreke jenter på toppen av Rundemanen. 

Det var mykje folk overalt i løypenettet. Godt å sjå at både nordmenn og utlendingar veit å sette pris på natur og fine ettermiddagar. Bergen har fine by-fjell, og sjølv om graden av tilrettelegging er i overkant for min smak, er det perfekt når ein berre er på snar-visitt. 

Alle i turfølgjet var medlemmar i den ekslusive gruppa "Midten får dritten", så eg fekk mykje ny lærdom denne ettermiddagen. Takk for turen!

1 kommentar:

  1. Vi i uteskolen slår et slag for hverdagsfriluftslivet og jobbturer med mulighet til friluftsliv. :-)

    SvarSlett