mandag 18. august 2014

Hermannsdalstinden (1029 moh)

27. juli. Kristin og eg hadde eit felles mål i Lofoten: Hermannsdalstind! Den høgaste toppen i Vest-Lofoten. Kristin fiksa båtskyss frå Reine og inn Forsfjorden, og vi la i veg på vår første dag i området.

Oss, og dei andre rikingane på besøk på Reine, fekk ein ny super sommerdag.

Inn Forsfjorden så spruten står! Bygda Vindstad speglar seg i fjorden.

Første glimt av fjellet bakerst der.

Vi skulle starte ved kraftstasjonen og følgje røyrgata oppover. Foto: Kristin

Røyrgategåing er tungt for pust og psyke, men jammen er det effektivt!

Lofot-turist! Foto: Kristin

Opp og opp, rygg etter rygg. Fin sti, og relativt lett å gå.

Snart på toppen! Har trua no!

Hoppebilde for dagen! Segltinden bak til høgre.

Det var mykje MEIR landskap her inne enn eg hadde tenkt. Eg skuar over Krokvatnet. Herleg område for fotturar. Foto: Kristin

Kristin på toppen. 1029 moh. 

Heilt vindstille. Kjempevarmt! Utsikt til alle kantar. Ikkje berre utsikt, men utsikt over LOFOTEN til alle kantar. Verdsklasseutsikt. Kanskje låg toppen over isen under siste istida? Runde store blokker måtte i alle fall klyvast for å komme heilt opp. 

Eg på den andre delen av toppen. Mot Reine. Foto: Kristin

Sørover Lofotodden, med Værøy i skodda.

Nordover Lofoten, taggerekker så langt ein kunne sjå. Foto: Kristin


Skal vi gå "heim" til Sørvågen att? Vi hadde båtskyss, og fekk fleire tilbod om skyss ut Forsfjorden av folk vi møtte undervegs. Det er noko med kor ofte ein har ein dag til rådvelde, med knallver og faktisk ER i Lofoten. Vi gjekk. Til Munkebu, DNT-hytta, og vidare til Sørvågen. Nesten Lofotodden på tvers, om ein ser litt stort på det.

Ruta på returen markert med svart strek. Det var ein god del opp og ned i storkupert terreng, men utruleg flott.

Tau i det brattaste partiet.

Mot Vinsdstad og Bunesfjorden. I dei turkise sandbankane der bukserte Nina og eg kajakk i 2011. 

Tilbake mot tinden, og ruta som vi gjekk både opp og ned som svart strek. 

Her ser vi rett over mot Munkebu (to bygg). 

Fjellet bak hytta  heiter "Munken". Motivasjonen må gravast fram frå det indre djup når ein utpå ettermiddagen skal begynne å gå ned i dalen, berre for å gå opp att på andre sida.

Pause på hytta. Vi er like dårlege på å late som vi solar oss begge to. Det var ein heilt naudsynt stopp for proviantering og inntak av smelta sjokolade. 

Ut til havet langs store svaberg og perlerad med innsjøar. Her Stuvdalsvatnet. 

Det vart ein lang dag, så det var godt å sjå enden på turen og! 
Vi starta ca klokka 11 i Forsfjorden. Målgang ca klokka 19 i Sørvågen. Då hadde vi tre gode pausar med mat og prat undervegs i tillegg til foto- og hoppestopp. Drøy tur, men ein fantasisk dag ute! Flotte merka stiar, lett terreng. Heilt greit å få tilbod om skyss tilbake til Glåpen og bilen på Reine - takk til Camilla! Fyrkameratane hadde planlagt restaurantkveld på "Maren Anna" - og det var heller ikkje feil med ein skikkeleg biff på tampen av dagen!  

Topp topptur!

4 kommentarer:

  1. Takk for tips om fjellturer i Lofoten 😃 Jeg har begynt å gå i fjellet der i sommer, og gikk blant andre Reinebringen. Neste sommer reiser jeg tilbake for å gå flere turer og å padle i kajakk. Jeg vil oppleve mer av naturen på Moskenes, hvor oldeforeldrene min bodde 😊

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt at du fann nokre tips! Lofoten og Moskenes er eiet flott område, og ekstra kjekt å utforske når du har røter derifrå. Lykke til med nye turar og somrar i nord!

      Slett
  2. Fantastisk flott tur beskrivelse og flotte bilda. Dit ska æ få tatt mæ en tur 🚶 🗻

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt at du vart inspirert! Absolutt ein tur for minneboka - god tur! :)

      Slett