mandag 25. august 2014

Bursdagspadling med Sygni

15.08 Ein dag på etterskot, men likefullt; bursdagspadling! Vi for ut på eiga hand i halvstore forhold på Blimsanden. Målestasjonen på Vigra: 5 m/s middelvind, maks ca 8 m/s.

På sjøen for 3. gong denne veka! Likar. Mykje. 

Det var fin sjø, og kjempekjekt å padle i litt store forhold. 

Vi for ut til dei ytste holmane før Storholmen og padla rundt dei på yttersida. Der vart det av naturlege grunnar ikkje teke noko bilde, for eg trong faktisk begge hendene på åra. Vi fann ein fin plass å gå i land på le-sida av den største holmen. 


Det vart ikkje Munkholmen denne gongen men ein litt større

Ny tørrdrakt og nesten klar for "by-tur"!

Kvalitetstid med litt niste, herleg utsikt og ein bitteliten bursdagsgåve. Vi oppdaterte kvarandre på høgdepunkta frå i sommar. Ferien hadde vi teke på kvar vår kant, men med mykje padling både her og der. Padle-Norge er ikkje så stort, for det viste seg å vere fleire krysskoplingar med folk og historier!

Fin utsikt!

Storholmen. Kjem den stadig nærare skal tru?

Endeleg! 15. august og vi er her på lovleg vis med god margin!

Den beste gåva var det ein grå, ung, elegant og utruleg nyfiken liten fyr som stod for. Han låg i fjæra heile timen medan vi pausa, stakk ikkje av då vi la ut kajakkane og vi hadde minst eit kvarter på fellesen i vika etterpå. 

Kven er dei og kva gjer dei her? Kan eg lukte noko interessant?

Best eg følgjer med....

Ser dei meg no?

Kveld - lys - hav - horisont - magisk!


Det stilna ein del før vi for inn, men det var framleis artig medsjøpadling innover. 

Blimsanden var full av kiterar denne kvelden. Vi deler gjerne på godene!

Sygni trakka over kneet i det ho gjekk på land, og vart liggande i vasskanten og vri seg i smerte. Det er altså ikkje padlinga som er farlegast.. No kryssar eg fingrane for at det berre er ein mindlertidig "vondt" og at kneet er like heilt etterkvart. Det vart ein usedvanleg dårleg slutt på ein elles fantastisk padlekveld. Takk til høflege og hyggelege kite-gutar som hjalp oss med sjauiing av kajakkar!

Turen ca 7 km.

2 kommentarer: