lørdag 16. august 2014

ASKR 2014 - sprint og maraton

23.-26. juli. Ramble er berre ein del av arrangementet ASKR, og frå onsdag kveld til laurdag morgon er handelsstaden Skipnes base for aktivitetane. Det vert litt meir konkurranse enn tur, men framleis er det leik og moro som pregar stemninga.

Skipnes - idyllisk plass og perfekt base.

Deltakarane frå kurs, kort og lang ramble samlast og det vert ein herleg kajakkpark i vika.


God stemning på brygga.
Her skjer det meste. Informasjon, påmelding, butikkar som har stand og tilbod, start og målgang på konkurransar, uteserveringa til pub'en... Det er i grunn berre å henge mest mogleg på brygga, om ein skal få med seg det som skjer.  

Tindsøya har og mykje historie, og her er skulpturen av ei av fiskarkvinnene som har sett spor etter seg (Anna på Vinje). Det har vore hardare tak enn ferie og fritid på øya.

Torsdagen var Kristin og eg med på teknikk-workshop med Nicolai Ilcus. Det var kanonbra. To timar på vatnet og eg fekk både friska opp ein del ting og lært mykje nytt. I tillegg til at han designa Arrow-kajakkane i si tid, er han utruleg hyggeleg person og knallflink instruktør! Eg lurer på korleis eg kan få han til å halde kurs på Sunnmøre ei helg. 

Kristin gjer kunstar i Pippi på teknikk work-shop

Morten bygger rampe. Det såg rått ut. Eg vart gira på å prøve, men ville sjå korleis det gjekk med Morten først...

video
Morten i farta!
Det gjekk kjempefint! Eg fekk ikkje mindre lyst til å "hoppe" no!

Det var sprintkonkurranse på programmet, og vi var meir eller mindre pressa til å delta. Difor rakk eg ikkje hopping. Heldigvis fekk eg avklart med crewet at rampa kunne stå til dagen etter. Så då hadde eg 24 timar til å gruglede meg på. 

Sprinten var på 200 meter, og i heat på 5-6 personar. Eg gadd ikkje delta med Nuken, men i "forhandlingane" om påmelding så kom vi fram til at eg kunne låne Kristin sin Skim. Ho fossa inn til siger i sitt heat, og vi bytta kajakk. Eg vann og mitt heat, og då starta utfordringane. Begge skulle i finalen! Kristin  fekk tilbake sin kajakk, og eg sprang desperat bortover bryggene for å låne meg ein ny. Malene hadde lånt Lene J sin skim i same heat som meg, og eg kasta meg over dei - og sjølvsagt fekk eg låne. Rett i finalen, og litt utslitt allereie der. MEN det var gøy! Kristinn vann overlegent finalen og. 200 meter er utruleg langt på full guff. Eg noterer meg tida i heatet som personleg bestenotering: 1.14.46. Rett i underkant av 10 km/t. Mykje artigare å padle sprint i ein raskare kajakk, og tusen takk til Kristin og Lene J som lånte vekk utstyret sitt! :)

Resultatliste sprinten, fra ASKR-crewet

Siste programpost på torsdagen var demonstrasjon av markeringsutstyr. Greit å sjå korleis det virkar. 
Eg har framleis mest trua på førebyggande arbeid, dvs ikkje hamne i situasjonar der ein får bruk for det.

Campen. På Skipnes er det overnatting enten i telt, eller rorbu.

Ruta for halvmaraton fredag

Eg var bestemt på å padle maraton som tur og ikkje konkurranse. Eg ville teste meg mot meg sjølv, og ikkje i hovudsak mot andre. I løpet av torsdagskvelden vart det lobbyert slik at brått skulle både Kristin, Nina og Lene J padle konkurranse. 

Malene vart medsamensvoren og støttekontakt på halvmaratonet.

Ruta vart flytta frå utaskjærs til innaskjærs på grunn av skodde. Vi fekk ein halvtime venting i kajakkane og ein litt merkeleg start.  Då vi endeleg var i gang fann Malene og eg den optimale farta på kajakkane våre, og greide å halde den. Det var kjekt å halde marsjfart og vi hadde godt selskap i kvarandre og etterkvart i Arild. Eg padla ruta på 23,3 km på 3 timar og 6 minutt. Det gjev 7,35 km/t i snitt.
Den som verkeleg fortjener skryt er Malene, som padla på omlag mi tid, med grønnlandsåre og i Anas acuta, som i alle fall sørpå ikkje vert rekna som ein typisk rask kajakk. Imponerande! Neste gong får vi heller vurdere å vere med i konkurransen. 
Resultatliste halvmaraton frå ASKR-crewet


Maratonløypa frå Kristin sin endomondo

Eg hadde sagt til mange at eg skulle teste ut rampa, så no var det ingen veg tilbake. Siri i fra Harstad vart med, og no var det damene i Nuka som skulle prøve seg!

Eg testar rampe! Kristin filmar. 
Mange gode råd og oppbacking - typisk for ASKR. (Sjølve hoppet ca 1.15)

Dette var nesten det artigaste på heile ASKR. Siri hoppa, og eg hoppa ein gong til! Juhuu!

Siri er klar! 
(Ho for rett heim og bestilte seg ein raud og kvit Nuka etter ASKR)



Alle 4 bilda frå Kristin

Takk til Morten for perfekt rampe og til Siri for perfekt hoppe-partnerskap! Thomas og Andreas stod for naudsynt dytting - og gjorde ein strålande jobb med det. Artig med film og bilder av det heile - supert Kristin! 

Då var det berre festmiddag og avskjed att. 

Bra veke og folk er framleis i godt humør!

Nydeleg mat, flotte talar, premieutdeling og live-musikk. Punktum finale. Vi har vore heldige med veret, og eg har hatt det endå meir artig enn første gong vi var her. Nye folk, nye kajakkar, nye synspunkt og nytt utstyr. Impulsar og erfaringar. Gode diskusjonar. Det gjer godt å komme seg ut av vante padletakter og sjå kva resten av padle-Norge held på med. 

Eg håpar det vert fleire turar oppover, men kanskje ikkje ASKR kvart år. No har vi oppdaga at Bodø kajakklubb også har mykje kjekk aktivitet og treff som det kanskje går an å hive seg med. Det er Vinterpadletreff i Lofoten, pinsepadling i Steigen m.m. Oslo-gjengen hadde og ein del kjekke kurs og aktivitetar på gang. Eg håpar i alle fall at eg får treffe mange av folka igjen i ein eller anna samanheng!

Lene J på veg heim! Takk for no Skipnes!

8 km transport- og arbeidsstrekk i skodde og motvind venta oss, før vi kom inn til Kråkberget camping laurdag førmiddag. Det var igrunn ganske passeleg på "dagen derpå". 

1 kommentar:

  1. Kul hoppefilm- fekk ordentleg sug i magan! Veit ikkje heilt om eg tørr d derre....

    SvarSlett