lørdag 16. august 2014

ASKR 2014 - long ramble del 2

22.-23. juli
Klar for padling, og skodda la ikkje noko dempar på humøret. 

Nykane. Kul plass. 

Gjengen la avgarde i eit sabla tempo ut mot "Nykane". -Jahaja, tenkte eg, dette vert ein SLIK dag. Området er freda, og eg reknar med at det er sjøfuglreservat. Det berga manglande kondis. Då det dukka opp lundefuglar, lomvi, 4 par ørner og skarv sank tempoet, og bølingen snudde frå racerpadlerar til turistar på eit blunk.

"Reddande englar".

Innom Nykvåg. 
Spøkelsesplass. Staden gud har gløymt. Sidan folk framleis hadde turistbrillene på var det mykje akking og oiing om kor fint det var. Dei om det. 

Lunsjtid og skodda bryt opp. Arrangørane gjorde ein god jobb der. Fiskehjellar på Hovden dukkar opp. 
(Som viser seg å ikkje vere fiskehjellar, men kunstverk med rekved og islandsk basaltstein, får eg seinare beskjed om...) 


Ny lekker sandstrand, men no har vi fått rutine på det her, og stilar rett bort på den STEINETE enden av stranda. 

Lunsj! Rot vert det med ein gong vi landar ein plass meir enn 5 minutt. Merkeleg det der.


Arrangørane (i alle fall ein av dei) er i ekstase over at vi skal padle ut til Floholman. Det er første gong i ASKR si historie at rambelet går innom der. Det betyr 9 km med opa kryssing i grått landskap. Vi får streng beskjed om å ikkje strekke feltet på lengda og halde oss bak crewet på grunn av mogleg havskodde. Bølingen veit råd, og vi strekk oss godt over ein kilometer på breidda i staden.   

Fuglefjell i havet. Foto: Kristin

Floholman var ein kul plass, med mange snirkelmoglegheiter. Eg såg at det var verhardt, og at det sannsynligvis aldri er så roleg på havet her ute som nett denne dagen. 

Padling i den største jettegryta eg har sett! Surrealistisk!

Grete kryssar i grått landskap

Nye kilometer i grått og ope hav for å komme inn til Skogsøya og campen. 

Førsteinntrykket av Sørsandvika på Skogsøya: Kjedeleg plass.

Inntrykket litt betre frå campen. Heilt greit her då. 

Felles bacalaomiddag. Namnam. Mette folk bryr seg lite om skodda og humøret er bra!

Den eine boksen viste seg å innehalde ein spesiell variant... Jammen bra at vi hadde med meir enn rikeleg med boksar på turen!

Leirbål og god stemning

Miriam viste meg ei ekstremt god strekkøving. Synd eg ikkje får det til sjølv, men her vart padlemusklane strekt skikkeleg på plass. (Foto: Kristin)

Krava til veden sank litt utpå morgonkvisten. 

Ny dag og NO skjønnar eg kva som er sjarmen med Skogsøya. 
Flott utsikt med Tindstinden som ragar majestetisk der inne.

Frukost, sol, sand, sjø og fjell. Eg likar det her. Fin ferie!

Morgonmøte! 
Padle kort rett på Tinden og ete vaflar eller padle langt om Nyksund. Lett val. 

Fin padling i store landskap og mellom mindre øyer på veg innover.

Skimbertene Lene og Kristin (t.v), Minna (t.h)

Store landskap og konsentrert snirkling

På mange måtar var dette den finaste padledagen! Variert landskap, masse snirkling mellom steinar og langs land, sosialt. Ein flokk med niser fekk vi og med oss. 

Knallhard klining på Børøya

Obelisk på Tindsøya

Siste motbakken før handelstaden Tinden. 

Oslodamene hadde fiska, og dei største eksemplara vart tilbredt til lunsj. 

Vi heiv oss rett i badinga

Tinden er ein nydeleg freda plass. Vi fekk sole oss, ete vaflar og smake verdas beste rabarbrasaft. Siste biten fekk eg prøve Skim'en til Kristin og ho la i veg med Nukaen. 

V-formasjon inn til Skipnes. Oluf syng. 
Tradisjonane på til dømes julaften og long ramble tullar ein ikkje med.  

Long ramble 2014 er over, og no ventar fine dagar på Skipnes. ASKR held fram!
Takk til crew og medpadlarar for fine dagar på sjøen og god stemning i camp! De er ein herleg gjeng!


Ruta dag 2 - 36 km

Ruta dag 3 - 19 km

2 kommentarer:

  1. Nytt herlig innlegg. :) Bare et par ting. ;)
    - Det du ser stikke opp på bildet du nevner fiskehjeller er et kunstverk. På Ræk III eller noe sånt. (Jada, det er massevis av fiskehjeller der også, bare ikke på bildet.)
    - Froholman heter Floholman og Olaf heter Oluf. :)
    Forøvrig har du nå vært et sted her som jeg ennå ikke har vært. :) Det har vel strengt tatt ikke stått på lista heller, men jeg kanskje putter det der nå. Kjempejettegryter hørtes jo kult ut. Kjipt med den tåka, men bra den tydeligvis lettet innimellom i det minste! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Flotte tilbakemeldinger! Og innlegget er retta opp tilsvarande. Kunstverk var ikkje i mine tankar akkurat der og då, men eg tykte dei (gamle restane) var fantastisk plassert i terrenget. Interessant nytt. Eg hadde ikkje laga meg kart så langt ut som Floholman,dei låg i skøyten som "oholman" og hukommelsen er no ikkje på topp. MEN dei holmane er i grunn verd eit besøk. Enormt keisamt å padle UT til dei berre. Lyset var så grått så det vart ikkje noko særleg kule bilde, men holmane var fantastiske. Litt skodde må ein vel berre rekne med, og vi fekk framleis sjå mykje!

      Slett