onsdag 25. juni 2014

Fjølesanking på Ytstevasshornet (1330 moh)

24.06 Turdag! Vi er framleis motiverte for fjølesanking, og med gode meldingar satsa vi på "raud" tur i Sykkylven. "Piece of cake!" - seier eg entusiastisk før vi fer.

Klar for avgang! Rett opp skaret bak der og litt til høgre så har vi det!

Det er minst ti grader varmare enn i Ålesund, og sommaren sler i mot oss i lia. Det er herleg, og vi er godt nøgd med å fare på tur. Desse "rett-etter-jobb"-turane gjev oss som regel litt stress før vi kjem avgarde, men det er ALLTID verd det!

Vi registrerar nysnøen på Tretindane

Vi løyser svetten i første bratta. 
Ho er bratt, men grei å gå, og nokre stader er det laga trappetrinn i ura. 

God stemning!

Kameraet doggar og eg ropar forundra ut over regndråpar frå oven. Det er blå himmel og ingen andre kjenner noko regn. Etter ein dobbelsjekk er det svettedråpar frå solbrillene mine som haglar over meg. 

Det flatar ut og ut vi kjem inn i eit nydeleg landskap med fjell og små dalar med sprudlande bekkar. 

Vi skal opp til eit lite vatn. -Er det dette? Det er framleis god sti, og eg gidd ikkje ta opp kartet frå sekken. -Nei, det er sikkert litt større. Vi følgjer stien litt til, seier eg. Vi går forbi fleire små dammar, men eg trur liksom ingen av dei er store nok til å vere den tjønna vi skal ta av ved. 

Fantastisk flott sti oppover bekkedalane

Når vi kjem til det digre vatnet, som vi aldeles ikkje skulle opp til, må eg krype til korset og ta opp kartet. Jepp. Vi skulle ha teke av ved det første der nede... Inga krise og vi skrår opp mot høgde 1165. 

Tindeskardvatnet, og den ryggen som er ein fin alternativ runde i bakgrunnen. 

Så kom skodda, vi var oppe i nysnøen og det var som å rykke eit halvt år tilbake i tid. Vi hadde klede i sekken, ein kompasskurs på lur og gjekk vidare (Foto: Synnøve Lunde) 

Vi skimta varden på 1288 i skodda, og la kursen godt til venstre for den. Synnøve hadde los på toppen og vi gjekk rett på varden på 1330. MEN dette er jo ikkje toppen? Der ein må "vise aktsemd på dei siste svaberga" i følgje Fjellhugboka (Sykkylvsbibelen). 

Oppe! Humøret på topp! 

Alle trur at dei andre har sjekka rundt hovedvarden, og her er det då inga fjøl? Det er glatt nysnø, og vi veit det er bratt utfor. Vi skimtar ryggen og neste topp i skodda. Eg er usikker på kor langt eg skal gå. Beate derimot hadde ikkje tenkt å gje seg på fjøla. 

Beate er den tøffaste og tek seg lett bort til sjølve hornet. - Huhei, her var det luftig, ropar ho entusiastisk. Då stoppar eg. Akkurat her faktisk.  

Gry på toppen!

MEN det var inga fjøl der! Kritisk. 

Synnøve står ved hovedvarden, og kva ser vi på andre sida av den? Det må no vere... er det ikkje...?

Snakk om å gå over bekken etter vatn..... 

Kodejegerane i mål med dagens økt! Teambilde!

Klassisk juni. Gamasjane ligg i bilen. Det var lurt. 

Er det eit glimt av ei verd i fargar der nede? 

Vi går den "rette" stien ned. Eg trur ikkje vi tapte noko særleg tid på å gå omvegen, for det var lettare å gå der, sjølv om det var noko lenger. 

Bekkekryssing er alltid like spennande.

Trappene nede i ura. 

Vi vart snytt for utsikta i dag - potensielt flott vinkel til Slogen til dømes. 
Ser ein stort på det så fekk vi 4 årstider, minst. Ny kode. Flott tur! Herlege folk.
Fjøre til fjells i Sykkylven er eit bra konsept for oss. 

Vi brukte ca 4 timar inkludert to korte matpausar og pause på toppen. Glatt over 1100 meter. 

1 kommentar:

  1. synnøvelundesuteskole26. juni 2014 kl. 12:34

    vi må ogppigjen fengang for å få med utsikta og kanskje den andre toppen....

    SvarSlett