tirsdag 17. juni 2014

2014-premiere på Alnes

15.06. Sesongstart på Alnes. Surfemeldingane var ikkje optimale, men vi la likevel søndagsturen til Alnes. Vegen ned til stranda er for tida stengt, så vi heiv ut kajakkane i hamna. Kajakkar skal trass alt padlast, ikkje berast.

Testrulling i hamna og god stemning. Vi padlar rundt halvøya. Fyret kneisar over oss. Det er roleg, så vi kan padle litt innimellom storsteinane. Vi registrerar lang periode og mykje vatn i kvar "bølge". Er det håp?

Spennande padling mellom storsteinen utanfor Alnes

Vi kjem inn på stranda på flo sjø, men det ebbar, og det er bølgjer. Absolutt! Litt snirkling utover berga mot Lesten, lunsj og så er nok forholda på topp etterpå.

Snirkling

Alnes og snirklesvaberga - Oppgåve: finn ein padlar?

Her er Sygni (orange hjelm) på veg ut. 

Padle langs land og kjenne på kreftene. Oppgåve: Finn tre padlarar

Eg padlar litt lenger frå land enn somme av dei plastkajakkpadlarane. Stoler ikkje heilt på teknikken - endå. Kanskje eg må ha meg ein plastkajakk eg og? 

Vi går i land og pausar. Padleprat og lærdom om rabarbra, laktose og andre nyttige ting. 

NO er vi klar for stranda! Der er det kjempefine og ikkje alt for store (men rikeleg kraftige nok!) bølgjer. Vi surfar og leiker. I starten sitt ingenting av det eg lærte i fjor. Timinga er heilt feil og eg fer berre halvslappe sidesurfar som resultat. Det tek heldigvis ikkje lang tid før alt stemmer betre, og eg får nokre skikkeleg fine surfar.  
Ups, mogleg kollisjonskurs, kontrollert (om ikkje kanskje så stilig) rulle. Herleg! Kvar ei bassengøkt får betalt seg no. Nokre RÅ sidesurfar der eg susar med breisida inn mot den steinete stranda i ei himla fart. Timinga på å fange surf er begynte å sitte, men så var det dette med styring og kontrollert avhopp då..

Breie glis, endorfiner og adrenalin. Alnes er tingen altså. Vi vert slitne og bølgjene avtek. Det må verte fleire økter. Kenneth fortel om MYKJE betre forhold i Hoddevika og KJEMPELANGE bølgjer som er KJEMPEENKLE å fange i forhold til her. Vi slukar det sjølvsagt rått. Om vi er motivert for tur? Jepp.

Neste gong skal vi organisere oss litt betre. Det vert fort uoversiktleg og vi må ha litt køyrereglar. Gjekk gullefint denne dagen, men med meir snert i bølgjene, så bør vi ha litt meir faste avtalar. Dei som padlar UT må faktisk flytte seg heilt ut av avtalt surfesone.

Seier som fjortisane: "hjerte" Alnes "hjerte"

Sygni har litt fleire bilde på SIN blogg: Glimt -gøy på Alnes


2 kommentarer:

  1. Kule bildet. Vi ser jo ut som små badeender :)

    SvarSlett
  2. Men hva SKAL dere oppi steinene der å gjøre... Praktisk å få til rulla når man har bruk for den. Jeg løser det med å ikke få bruk for den, enn så lenge...

    SvarSlett