onsdag 21. mai 2014

Sommarleg fjøletur med bonusrunde i Sykkylven

20.05 Fjøre til Fjells i Sykkylven er i gang!  Eg hadde lufta ulike versjonar av tur der posten på Kalddalsstølen kunne innkasserast i same slengen. Vi var tre stk med stål i bein og armar som var klare for plan c.

Inn dalen, greit nok. Men opp fjellveggen bak der???

Posisjonering av bilar og synfaring i byggefeltet på Ikornes. Litt hikke vert det når alle skal fare rett frå jobb og hugse på alt på rett plass i rett sekk, rett jakke og rett bil. Prikk klokka fem la vi i veg på nygrusa skogsveg i steikande sol, rimeleg sikre på at vi hadde det vi trong mest med oss. Det kokte i fjellskoa og rann frå panna etter ca 100 meter. Herleg med slike sommardagar i mai!

Kalddalsvatnet og fin stølsvoll. Men opp bak der???

Kalddalsstølen fann vi, og det var ikkje spesielt kaldt der. Fjøla stod lett synleg, og det var greit å krysse av den på lappen. Oppdrag utført. Alt herifrå og ut er berre rein tur-bonus! Vi fann stien vidare mot Skopphornet (pilskilt på sætra) og la i veg oppover bakkane, inn i eit dramatisk landskap av bratte fjell og botnar, fossefall og irrgrønne planter som klora seg fast. Stien var god, så det var lett å gå, sjølv om høgdemetrane var effektive. Godt å gå i skuggen, og ikkje så mykje vegetasjon at det var eit problem.

Sti i første brekka

Første bratta var beseira, og landskapet opna seg. Svaberg, lyng og snøflekkar om einannan. Steile fjellveggar og ryggar. Stien forsvann og vi dobbelsjekka på kartet. Vi gjekk rett opp mot Tussavatnet, men såg etterkvart at andre spor gjekk inn i dalen og opp på snøen lenger inne. Greit å gå begge vegar, så eg trur ikkje vi tapte så mykje på det.

Er det verkeleg den ryggen til høgre der?

Tussavatnet

Opp her ja?

I motsol var det ikkje lett å sjå korleis det såg ut i neste bratte. Vi vart einige om å snu framom å ta sjansar, før vi gjekk vidare. Både snøfelt og snøskavlar kan vere lumske no. Etterkvart som vi kom nærare var det både spor og sti, og det var heilt greit å ta seg opp, sjølv om det var bratt. Krampe i leggane og krampe i smilemusklane. Rått landskap. Ikkje mykje som minte om kystfjell der vi stod. Vakker utsikt over heile Sykkylven.


Sykkylven

- Drit i Sykkylven, ropar Kristin som er førstemann - kom hit opp og få heile Ørsta!

Oi sann! Nytt landskap!

1000 meter over havet og klin flatt! Sunnmørsalpane avdeling Ørsta stikk opp tagg i tagg bak ein flat steinørken. Lekkert!  Eg har ikkje vore her før og vil gjerne ut på Storheia (1086 moh) først. Heldigvis vert dei andre med og vi travar over platået. Fantastisk lys og utsikt! Både Kristin og Ingunn  ser heim og ringer sine betre (?) halvdelar som er passeleg grøne av misunning der dei (med godvilje) kanskje skimtar oss på kanten.

Storfjorden, Sula, Borgundfjorden, Ålesund

Storheia (1086 moh) eller Flathornet som fjellet vistnok og vert kalla.

Heilt vest på Storheia (Foto: Kristin Frotvedt).

Høg på livet og maikvelden sette vi kursen mot Skopphornet. Det er lett å gå her oppe. Det var heilt vindstille og krydde av fuglar. Ulike artar, ulike lydar, men alle opererte i par. Rype, heilo, og nokre små som eg ikkje veit kva er. Halvtamme og våryre (dei også...).

Over mot Skopphornet

Skopphornet køyrde ein liten avledingsmanøver på oss. Vi kom ut på ein rå kant med utsikt rett ned på Megardsstøylen. Kjempekult!

Kor langt er det ned her?

Teambilde 2 - nesten Skopphornet! FOR EIT LAND vi kan boltre oss i!

Dagens hopp! (Foto: Kristin Frotvedt)

Det var jo ikkje toppen då.... Over snøfonna og opp på det høgaste punktet 1226 moh. Flott utsikt! Fotostopp og nyting. 

Utover Storfjorden. Festøykollen rett til venstre for Kristin

DETTE er nemleg toppen...

Råna midt bak der. Råna igjen....

Hundatinden neste og fjella i Ørsta bak der att.

Neste etappe gjekk vi rett aust langs kanten. Delvis på laus vårsnø, delvis på morene i teleløysing (svupp svupp). Gamasjane var gode å ha. Det gjekk mykje kjappare på snøen enn det ville ha gjort på ura som truleg ligg under. Vi fann teikn til sti innimellom på dei berre partia.

Eg var nervøs for skogsbeltet. Å gå ned ei bratt skogkledd li utan sti på Vestlandet, kan fort verte eit mareritt. Kart og terreng stemte for så vidt i Smådalane, men det var ikkje råd å finne råsa. Så då var det berre å trenge seg gjennom fjellbjørkekrattet. Slitsomt, men greit, og etterkvart kom vi faktisk inn på noko som likna på ein sti. Høgdemetrane var ikkje mindre effektive her, og det dunka og brann i knea mine. Eg høyrde noko mumling om nesten overtrakk rundt meg, og det var stor entusiasme då vi såg grusvegen rett nedanfor oss. Vi dumpa RETT inn på Erstadsætra, som planlagt. Fjellet og fjellskogen var brått bytta ut med frodig grasmark og hegg i blomstringa. Lukta var god og overveldande. Kveldssola skein på Sykkylvstoppane.


Dette vart ein skikkeleg bonusrunde til fjøla i Kalddalen. Sykkylven skuffar ikkje! Sommarkveld i mai. Godt fornøgde med turmål og ikkje minst turkameratar. Vi plukka opp bil nr 1 og bil nr 2 og hadde god margin på 22.10 ferja.

Rundar av med monstermast i solnedgang. 
Ja, ho er litt rar og tuslete for ho har ikkje fått på seg luftspennet endå, men det kjem rett rundt hjørnet. 

Skal ein gå denne runden er det absolutt kjekkast å gå den denne vegen rundt. Eg tippar at det er lettare å finne råsa ned til Erstadsætra seinare på året. Vi gjekk 11 km i luftlinje, 1050 høgdemeter opp og 1170 høgdemeter ned.
Kart - runde over Skopphornet

(NB: Det er minst TO andre ruter til Skopphornet og)

6 kommentarer:

  1. Det var hegg, altså!! :-) Strålende flott tur - tusen takk for vel utklekt og gjennomført plan! Kristin

    SvarSlett
  2. Synnøvelundes utseskole22. mai 2014 kl. 12:54

    misunnelig.... Horten blir liksom ikke det samme :-)

    SvarSlett
  3. Heime!!! :-D dokke var der eg bor jo! Når dokke gikk opp til Kaldalen såg dokke ned til 2 vatn , Sessvatna som ligg ikkje så langt unna der eg bor. Eg bor ikkje på Ikornnes, men Jarnes. Tenk at du var rett ved min heim... Skopphornet er eg vokst opp med og sett på heile mitt liv i Hatlemark. Fjellet er heilt herlig! Dokke planla ganske så godt, det må eg sei og fekk en smeise fin tur :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, tenkte på deg :) Du har mykje flott turterreng rett ved heimen. Litt planlegging og ein god dæsj flaks. :) Skal prøve å finne alle fjølene i år, så det vert nokre turar til innover. :) Kanskje vi sjåast?

      Slett
  4. Du store tid så flott! Eg har no vore der både på Flathornet og Skopshornet i heimbygda mi. Så eg veit det er veldig fint der. Men så flotte bilete!!!

    SvarSlett
  5. Så otroligt vackert!! Den turen skulle jag gärna vilja gå! :))

    SvarSlett