onsdag 21. mai 2014

Godøya - ja takk begge delar!

19.05 Godøya med "Synnøve Lundes uteskole". I staden for enten eller vart det både og. Alnes - Storhornet - Gjuv og rundt stranda frå Gjuv til Alnes. Ein fantastisk fin sommarkveld i berre trøya. Flott tur! Eg hadde foto-tørke. Av og til er det kjekt å berre vere på tur - i "nu-et" som det heiter. Perfekt selskap, variert landskap og nokre røvarhistorier på vegen. Betre start på veka vert det ikkje!

Foto: Synnøve Lunde

Stien frå Gjuv til Alnes var prikka opp med freshe raude merke, så det gjekk som ein leik å ta seg rundt. 

2 kommentarer:

  1. Har vurdert den turen der, og siden du no har tatt den, trur du der er greitt å gå rundt fra Gjuv til Alnes med bæremeis??

    SvarSlett
    Svar
    1. Usikker. Eg ville i alle fall berre gått der når det var heilt tørt på berga. Det er nokre parti med store steinar der det er naturleg å hoppe fra stein til stein. 3-4 plassar er det små skrentar med kjetting til å halde seg i. Trur det er litt balansering nokre plassar som kan verre utfordrande med meis. Men alt GÅR om ein tek det med ro. Mesteparten av ruta er nok heilt fin med meis.

      Slett