søndag 20. april 2014

Palmehelg med pulk på Danskehytta

11.-13. april. Testtur og trening. Palmehelg, påskeferie og pulk. Alle møttes i Stryn med perfekt timing, og starta med å lempe ut utstyr i Hamsevika på Grotli i nitida på fredagskvelden.

Litt styrete å få alt på plass. Blåtimen burde brukast betre enn til pakking..

Vi gjekk kanskje ein heil kilometer innover i Hamsevika før vi slo opp telta på det som skulle være ei myr, og som i alle fall var flatt og greit nok for natta. Det vart mørkt, og eg var i grunn klar for køying. 

Dei andre tenkte litt annleis, og brått vart teltet invadert av bursdagssong og ballongar.

Bursdagsparty!

Det var koseleg med kake, gåver, ballongar og smågodt, så legginga vart lett utsett ei stund til. 39-årsdagen med dette feira!

Campen laurdag morgon

Vi braut alle reglar denne dagen. Stormkjøkken inne i teltet, og bilde før frukost...

Første snackpause. Nokon har erfaring og kan kle seg for pausing.. Vi andre skaffar oss erfaring.

Vi starta dagen med navigering med kart og kompass frå Hamsevika og opp mot stikkaløypa (ca 3 km). Det var grått men grei sikt. Likevel vanskeleg å navigere i kvitt landskap. Vi starta å gå med framdriftsmønster. 

Stikkaløypa

Verda vart kvitare og konturlaus. Det  var greit å komme inn på den merka løypa. Eg kjende hovudet koke av å tenke terreng, kompasskurs, dra, slite og verte meir og meir "blind" etterkvart som alt gjekk i kvitt. Vi klarte ein kjapp lunsj på ca 25 minutt utan å fryse spent fast. Det var ikkje så kaldt i grader, men vinden gjorde sitt til å kjøle ned. Med pulk pakka for langtur vart eg i overkant svett og varm i bakkane, og tilsvarande iskald i pausane. 

Innbinding

For å krydre turen litt når det begynte å verte utriveleg oppe på høgfjellet, bandt vi oss inn i taulag. Ikkje alle hadde terpa knutar heime, og tolmodet når ting tok tid og fingrane fraus var ikkje heilt på topp. 

På med redningstauet!

I taulag mot Danskehytta. Tvilar sterkt på at nokon har gjort DET før oss. 
(Foto: Lidun Hareide)

Dei siste tre kilometrane i taulag og med oppoverbakke var grisetungt. Eg gjekk først, og brøyta spor i tilegg. Vi brukte urimeleg lang tid. Det var greit å komme fram. Hytteverten var entusiastisk, positiv og servicen var på topp. Nykokt kaffi og noko i glaset vart servert før vi omtrent fekk av oss skia. Det var ein hyggeleg velkomst, og all ære til folk som brukar ferien sin på å være hyttevert for DNT. 

Vi tok middagen på hytta, drilla knutar og venta til det var mørkt og kuling med å gå ut og sette opp telta. 

Blåtimen ved Danskehytta.

Vi hadde klarert bruk av tunet til telting, og eg var glad vi hadde ein plan B tilfelle teltet for. Det kom nokre skikkelege vindkast gjennom natta, og snøen fauk i store fine fonner bortover tunet. 

Telta stod like godt om morgonen. Varmt og godt og komfortabelt inni teltet, sjølv med snøfokk og vindrosser ute.  Litt graving etter pluggar vart det, men vi fann alle!

Klar for avgang. Masse nysnø. Slike dagar vert det i alle fall framdriftsmønster! 15 minutt i front var lenge, men belønninga i form av å gå bakerst ei stund var vel verdt det. 

Nedover med pulk er utfordrande... (Foto: Lidun Hareide)

Oppover med pulk er utfordrande.... (Foto: Therese Moe Øye)

Slik gjekk no dagen. Vi hadde vinden mykje i ryggen. Verda var kvit. Snø var det i mengder overalt til ei kvar tid. Vi landa i Hamsevika som planlagt og læringskurva mi var høg gjennom heile turen. Det vart ein god test og gjennomkøyring dette.

Turen vart ca 19 km t/r.

Danskehytta freistar til fleire besøk, gjerne på sommaren og gjerne med utsikt neste gong!

4 kommentarer:

  1. Å hei! Det vart litt av en tur! Var vel ikkje vær som håpa på, og forstår godt du hadde bratt læringskurve denne turen. Du er berre tøff! Eg med mine minimale skikunskaper og dårlig på navigering, kunne berre lagt meg med det samme. Dokke fekk virkelig følt elementa denne turen Lene. 2 tomler opp for tøffe damer! :-D

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det. Kjekt å øve seg litt under trygge forhold, og få med nokre med meir erfaring på turen. Det gjekk faktisk overraskande greit trass veret :) Har ikkje dreve med vintertelting før, men det eine tek det andre, og vips er eg i gang med noko nytt.

      Slett
  2. Ha ha, jeg fryktet et øyeblikk (da jeg leste tittelen på innlegget) at jeg kom til å angre på at jeg ikke prioriterte ski en eneste dag i påsken - men nei. :) Så takk for det! ;) Herlig å ha gjort sånne turer i ettertid da, vil jeg tro. Tøft gjort!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe. det kan du seie! Det var heilt herleg å sette seg i kajakken att 2. påskedag. Med pulk og nok klede så er faktisk teltskiturar ikkje så gale det heller, sjølv om (eg framleis tykkjer) det er mykje enklare og lettare med kajakk

      Slett