mandag 31. mars 2014

Sandtinden (1065 moh) og Sprovstinden (1194 moh)

30.03 Søndag og sol. Litt urven morgon på grunn  av den hersens klokkestillinga. Alle var på rett stad til rett tid og vi kom fram på Ørskogfjellet då trekket opna. Det var ein mjuk start på turen å ta dei første 150 høgdemetrane med t-krok.

Lite snø øvst i trekket og mot Sandtinden. Er det verkeleg nok snø oppover? 

Ragnhild i første bakken.

Kenneth hadde sjølvsagt rett, det var rikeleg med snø og fint føre. Utsikta var bra frå første stavtak. Sola varma, og det var vindstille. Eg gjekk i t-skjorte heile vegen. Flott terreng, og eg gledde meg allereie til nedturen. Det er nye takter frå i fjor. 

Siste kneika mot Sandtinden. Jutevatnet nede i dalen.

Sandtinden (1065 moh).
Fantastisk panorama til Sunnmørsalpar og Romsdalsfjell! 

- Jeg har ikke svetta så mye siden 2008! seier Ragnhild med stor overbevisning. Det glinsar vel i panna på fleire av oss. Det er noko med sugande vårsnø, motpakkar og sol, kombinert med ull og gore-tex....

Rast og plastring. 
Eg hadde teipa grundig før eg for heimanfrå, sidane hælane såvidt hadde grodd frå forrige runde med skisko... 

Dagens første 1000-meterstopp! Herleg! 
Det er slike dagar og stader ord som lykke og livsglede verkeleg gjev meining.  

Romsdalsfjell i horisonten. Kenneth er klar for neste topp. Litt dårleg føre akkurat på toppen.

Sjarmøretappe mellom Sandtinden og Sprovstinden!

Fantastisk landskap!

Etterpå skal vi ned her! Juhuu!! - trur eg....

I godt lag på toppen av Sprovstinden!
 T.v Rypestegg som trur han er usynlig. (Men vi såg nok både han og brødrene..)
T. h. Fotballsupporter og fjellfant som markerar 100-års jubileet til Ålesund Fotballklubb (ÅFK) på turane dette året! Artig stunt.   

Bra toppskavl, så greit å halde seg på rette sida av vardane og på fast fjell.  


Påfyll av energi er viktig. Ragnhild hadde droppa nachspielet kvelden før for å bake sjokoladekake til oss! Poeng i fleng! Kaka var kjempegod. 

Brukbar utsikt i lunsjen

Då var det i grunn berre dagens teambilde som stod att før returen. Det er mogleg at eg problematiserte litt rundt kvar sjølvutløysarfotografen skulle plassere seg på bildet. Den kreative, løysingsorienterte og handlekraftige gjengen som eg var på tur med hadde planen klar og skar igjennom på den saken.    

Teambilde Sprovstinden (1194 moh)

Godt føre, fine bakkar og herleg nedkøyring. Eit ørlite parti der det var litt bratt og litt laust for min smak, men det gjorde ingenting. Det begynner å verte artig å køyre nedover og. Mykje artigare enn første året då eg var livredd og bekymra. Det kjem seg!  

Nedkøyringa (omtrentleg) ned mot Jutevatnet med raudt


Siste fellefikling. Næremstindane og Høgsvora bak. 

I botnen skrådde vi mot høgre. På med feller. Vi gjekk opp lia til overgangen mellom Varguraksla og Sandtinden. Av med feller. Herleg nedkøyring ned til bilen (med unntak av eit lite drittparti med bjørkeris og dårleg føre).   

To nye 1000-meterstoppar, sol, fregner, påskestemning. Strålande organisert av Ragnhild og enormt bra val av turmål av Kenneth. Takk for ein fantastisk dag!


4 kommentarer:

  1. Oi! Den turen der har eg akkurat kikka på! Og da tenkte eg for meg sjøl at dette må vel være en tur mange tar pga trekket. Og så vise det seg at Lene faktisk er der! :)) Eg er da virkelig grusomt elendig på ski, men er det mulig for udugelige å komme seg opp og ned der uten å dø? ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette var ein fin tur! Sjekk ruta på kartbildet. Det lønner seg og gå opp på Sandtinden først. Det var fleire som gjekk i skråbakken på sørsida av sjølva Sandtinden, og der er det bratt og det er ofte eindel snø som kan dette ned. Tryggast å gå ryggen opp på toppen. Nedkøyringa til Jutevatnet var fin, og eg er ei pingle på ski. Det er ein stor flanke, så om det er litt bratt så går det an å ta nokre sikksakkar akkurat der. Eg er heitl sikker på at du kjem deg både opp og ned frå dette fjellet utan å dø. :)

      Slett
    2. Takk for tipset! Notert i tilfelle snøen held litt til :) sikk sakker er eg avhengig av, trur neppe du har sett noen så elendige som meg begi seg ut på ting en ikkje kan :-S

      Slett
  2. Oiii - så flott!!!! Fantastisk med slike vårturar! Litt påskestemning på forskot gjer slett ingenting!

    SvarSlett