torsdag 27. mars 2014

Klimaflykting til Østerdalen

15.-16. mars. Kuling og regn. Helg med kuling og regn. Sukk. - Du skal ikkje vere med til Østerdalen då? spør Synnøve. Kjapp sjekk på yr.no. Hanestad vs Valderøya 1-0. Jepp. Eg er med.

Skulehuset er ein attraksjon i seg sjølv, og det var kjekt å komme tilbake. Store elgspor i hagen, fyr i peisen og sjøkrepssuppe i magen. Fredagen enda godt, og helga var såvidt begynt.

Morgonutsikt frå soverommet. 
Det kvite nærast er Glomma (eller Glåma) og bak der badar "Bratten" i sol allereie.
 Juhuu! Dette vert ein herleg dag!

- "Birken" er avlyst, seier dei i radioen. Det er for mykje vind i fjellet. HÆ? Kva er dette? Vi er rett nok noko lenger nord, men legg inn ein plan B under frukosten dersom fjellet skulle vise seg å vere meir heftig enn godt er.

Start i hyttelia ved Gråsjøen. 

Smørestopp, bokstavleg talt PÅ Gråsjøen. 
Fint føre, men hardt, så smøringa (blå) satt ikkje så lenge. 

Kvite vidder. Kolle på kolle. Ein høgare rygg i horisonten. "Hatten"
Og "Hatten" er altså brattare enn "Bratten". I fulltekst så snakkar eg her om Store Nehatten 1316 moh.

Eg er eit kystmenneske. Faktisk forskning viser at dei som har vakse opp med hytte på Fjellsætra, eller eventuelt austlandsblod i årene, er hakket kvassare på ski enn meg. Her var det flatt og fint, og alle motbakkar vart belønna med ei fin og grei nedkøyring på andre sida. Eg hang no med. Iskald vind på fjellet. Hard snø. Det suste i hetta, og skia braut i skaren med ein gjennomtrengande lyd. Det vert ikkje så mykje prating av slikt. I skikkeleg flatt lys, entra vi Hatthytta. Den var perfekt plassert for eg var svolten som ein ulv då vi kom dit. 

Lunsj på Hatthytta.


Mat gjer alltid godt. Turen vidare til Reinfjellshytta var spennande. Det var bra med vind, og vi lurte litt på om sikta ville forsvinne. Det gjorde den heldigvis ikkje, og det var veldig greit med ein god dytt i ryggen. Sjokoladepause på Reinfjellhytta. Eg vart advart mot neste etappe. - Å komme seg heilskinna ned traktorvegen ved Kvannbekken var visst ingen spøk.

Dei lokale peika ut både moltemyrer, kjente bjørne- og ulvehi og andre severdigheiter. Truleg i trygg forvissing om at eg ikkje hadde peiling på kor vi eigentleg var i lendet. Liten fare for at eg kan finne fram att på eiga hand og gjere "ugagn". 

Kvannbekklia viste seg frå si aller beste side! Etter å ha gått på knallhard skare heile dagen, så kom vi ned i 15 cm pudderaktig styresnø. Herlege nedoverbakkar, berre å stå på skia og nyte! Så eg gløymte fullstendig å ta noko bilde herifrå. 

Siste etappa var Slepevegen. Her vart eg innehenta av eigne ferdigheiter. Nokre kilometer flat traktorveg. Føtene var slitne og armane ubrukelege. I teorien burde det vere greit å stake seg ut her. I praksis vart det litt vanskeleg når eg knapt hadde muskelkraft til å halde stavane. Slepevegen var seigpining. Langs vegen var det ei rekke spor; elg, hjort og rådyr. Elgspora var gigantiske, meir som avtrykk etter vaskebøtter. Eg hadde GOD tid til å studere dei nøye, der eg seig frametter vegen.

Slepevegen tok no eingong slutt, vi kryssa Glomma på ski (!) og for meg kjendes det ut som eg nett hadde innkassert ei medalje. Herleg tur og herleg landing.  

Løypa sånn omtrentleg dag 1
27 km. (5 timar totalt med pausar og smørestopp)

Kor fantastisk er det ikkje å lande i Chesterfielden framom peisen etter ein lang skitur! Heldige meg som får vere med på slike stashelger! Dei tullar ikkje med midddagene på Skulestova heller, så utpå kvelden proppa vi i oss lammesteik av villsau med komplett tilbehør. Raud i kjakane, blank i blikket og fornøgd i heile skrotten var det på tide å ta kveld. 

Auauauau. 
Her trengs det compeed til morgondagen... Det er noko med meg og skisko som ikkje går heilt i hop. (Sygni meiner det er dårleg teknikk!!! Høyrt slikt! Og ho har har sannsynlegvis heilt rett...)

Søndagen var det minst like fint - og vi skulle "gjere" Hanestadkjølen. 

Start på Kalberget, ca 800 moh. Nasjonalromantisk så det held.

Sølenfjella (Rendalssølen). Vakkert. 

Flott terreng her oppe. Glissen skog. Eventyrtre med mose og knudrar. Flate myrer. Litt spennande ting å sjå på i horisonten. Perfekt turskiterreng!

Gran. 
Slik ho skal vere. Der ho skal vere. På heimebane er ho fin grana og. 

Kva er det det borte?

Kjempefine kjempegamle bygg på Hanestadsætra. 

Jervespor! 
Det minste sporet er "Mikkel" som har luska i hælane på storebror. Det var artig å sjå!

Ein varde i sikte!

Synnøve og eg gjekk på Kivfjellet, sidan karane brått vart opptekne med andre ting enn skigåing. Litt meir stabasiøst enn på flatene, sjølv om vi ikkje skulle opp så mange høgdemeter. 

HOHOOOI! For ei utsikt! 
I granskogen nærast har vi nett vore på kryss og tvers. I aust låg Sølenfjella og sola seg.

Kivfjellet 949 moh

Her var det eit flott rundskue, med Rondane i vest, Sølenfjella i aust, litt kjedeleg austland i sør og diverse spennande i nord. Matpakka smakar ekstra godt med utsikt!

Herifra var det berre nedover! Styresnø i skogen og lange slake bakkar på traktorvegane ned i bygda. Vi kom susande ut av skogen ved Hanestad Truckstop. Nok ein super dag på ski! 

Søndagsturen. 15 km inkludert spasering i Hanestad sentrum

Det er greit å ha bil ut til startpunkta, men Skulestova er godt plassert for "Ski in".

På veg heim var det julestemning med store snøflak og tung kvit snø på trea på Bjorli. Romsdalen som var grøn då vi køyrde opp fredagen var no kvit. I Ålesund var det stiv kuling og vassrett regn. Eg kom heim til straumbrot og mørkt hus. Det var rette helga å vere "klimaflykting" til Østerdalen!

Takk til Synnøve og Roar for ei kjekk helg på "Skulen" og flotte skiturar! 

1 kommentar:

  1. Det var ikkje så vært å være klimaflyktning nei ;) Flotte omgivelser og masse skigåing! Ser i alle fall ut som om du har hatt det fantastisk, tross det fæle (grøss) gnagesåret. Og litt kult med jervsporet da, og mange andre dyrespor vi ikkje akkurat ser utenfor husdøra vår her.

    SvarSlett