søndag 2. mars 2014

Gøy i Gursken (7-fjellstur)

01.03 På jobben hadde alle ulike planar for helga. Fredag ettermiddag gjekk SMS-ane i hopetal, etterkvart som planane rakna både her og der. Synnøve og eg hadde som plan B sett oss ut "ein kvit flekk på kartet". Sidan skiføret let vente på seg ville vi oppleve skikkeleg vår på kysten, og ingen av oss hadde sett føtene på Gursken-fjella (dei kjente kystalpane..) før. Vi vart etterkvart ein kvartett med ope sinn, kart og kompass. Med nok bilar godt parkert på Leikong, samkøyrde vi til Moltustranda og starta der.

Flott utsikt - Moltustranda, Flåværleia og Skorpa

Stien gjekk RETT opp bratta, og snart var vi oppe i høgda. Utsikta var flott frå første stund. Sjølv på ein fin dag braut det det kvitt utover på skjer og fluder. Ein krittkvit hare sprang opp. Dårleg kamuflasje denne vinteren. 

Topp nummer 1 - Storehanen (491 moh)

Herøybruene og Ulsteinbassenget. 

Fosnavågen og Runde

Lettgått herleg terreng!

Vestlandet er meir som ein ørken for tida, og ein kan gå tørrskodd overalt. Vi la i veg søraustover, for å plukke med oss nye toppar på vegen. Herleg terreng, flott dag og nydeleg utsikt alle vegar! 

Topp nummer to (Selsteinen 598 moh). Utsikt mot Sandsøya, Riste og Stad.

Vi trudde vi skulle runde myra og gå ryggen opp på neste fjell. Her ute legg dei stiane annleis, og stien var merkt og tydeleg RETT OPP DET brattaste partiet. Reinaste intervalltreninga. 

Varden på topp nummer tre innan rekkevidde. Hestefjellet (621 moh) 

Lunsj på Hestefjellet. Gunhild og Caro.

Herlege vidder og flotte Sunnmørsfjell i aust

Det er kjekt å sjå Stadlandet og Saudehornet SAMSTUNDES! Vi såg faktisk heilt ned på vindmølleparken på Måløylandet (Mehuken) og Hornelen. 

Nokre storingar i Ørsta - frå venstre: Romedalstind, Vassdalstind og Saudehornet

Topp nummer 4. Sollia (660 moh). Høgaste punktet på ruta. 
Herifra opna det seg eit nytt landskap. Variert terreng.

Holmevatnet. Idyll. Sol og påskestemning. 
Vi såg for oss sommarleg telting her oppe. 

Topp nummer 5. Namnlaus, men med kote 598. 
Alle store ekspedisjonar er innom eit og anna namnlaust punkt. Vårt vart altså 598.  Flott utsikt sørøver. Voldafjell og Vanylvsfjell. 

No begynte eg å kjenne i beina at vi hadde gått litt. Dette vart som ein bortovertur i høgda. Neste etappe var flat, men lang. Sletteheidane skulle forserast.

Kaketrilla? Det trilla ingen kaker her, noko som var skuffande.

Fin utsikt mot Eika og Liadalsnibba frå "topp" nummer 6 Sletteheidane (537 moh)

Den siste toppen for dagen - langt bort og høgt opp. Motivasjonen var bra, og ingen ville gje seg, så vi la i veg. 

På prærien. Eller verdas tak. 

Topp nummer 7! Rjåhornet (598 moh). Her var det diverse installasjonar på toppen.
Dette var første plassen vi kunne sjå oss attende og sjå heile ruta. Til no hadde kvar etappa gjeve utsikt til ein ny topp, og eit nytt landskap. 

Teambilde!

Vi tok ut retninga på "gefÿhlen" og traff snorbeint på bilen i enden av lia. Då gjer det ikkje så mykje at ein må velte seg ned gjennom eit plantefelt og subbe ei myr heilt på slutten. For ein dag! At Gursken hadde så mykje å by på var ei overrasking. Då eg vaks opp trudde eg at Gursken og Moltustranda var slike tullenamn som berre var funne opp på skøy. 

Kart over planlagt rute. 

Planlagt parkering er markert med stjerne og kvar topp med strek. Ruta stemmer ikkje heilt med kor vi faktisk gjekk, for vi hadde bilen på Sætreplassen på Leikong i steden for i sentrum. Nokre stadar følgde vi stiar meir beint på toppane enn ruta er innteikna.  Turen var ca 13 km lang og vi brukte ca 4,5 timar. 

Det var perfekt å gå ruta denne vegen. Turen gjev utsikt og oversikt over heile Sunnmørs-kysten, Sunnmørsalpane avdeling Ørsta og Volda, Vanylvsfjella, innover til Ørskogfjellet og nedover i Nordfjord. Vi såg 7 fyr på turen, og då er ikkje Runde fyr med (for det låg i skuggen av øya).  Det er 360 graders rundskue mesteparten av turen. Gurskøya er eit undervurdert turmål! 7-fjellsturen kan klart anbefalast, og er nok kjekkast som vår- eller hausttur. 

1 kommentar: