onsdag 5. mars 2014

Borgundkollen (782 moh) og Kloppen (808 moh)

2. mars. Søndagen trengte vi ein lett restitusjonstur etter laurdagen i Gursken. Synnøve foreslo Borgundkollen, og eg var med. Det som er fantastisk med Ålesund som utgangspunkt er kor mykje forskjellig som ligg innanfor dagsturradius. Frå ope kystlandskap og vindfulle heier dagen før for vi no inn til store dalar med dramatiske tindar, furuskog og fjellbjørkeskog i Sykkylven.

Mjuk start på triveleg traktorveg mot Gimsdalssætra. Målet Borgundkollen i horisonten.

Gimsdalssætra var ei herleg blanding av gammalt og nytt, tradisjonell stølsvoll og "hengande hyttefelt" i bratta.

Rett ovanfor stølen på andre sida av Gimsdalen ruvar desse storingane: Hammarsettindane.

Sykkylvsbygda, Skopphornet og Sula 

Frå stølen var det fin sti oppover lia, og bjørkeskogen vart lågare og meir glisen dess høgare opp vi kom. Det tok ikkje lang tid før vi hadde fortreffeleg utsikt utover hav og øyer. Bak oss kom stadig nye taggerekker fram i horisonten. 

Dramatiske fjell 1: Straumshornet med Råna bak

Sensasjon! SNØ! Dette var det einaste flaket vi såg på veg opp. 

Lunsj på toppen av Borgundkollen. Ikkje feil på ein søndag. Lett tur med formidabel utsikt. Her utsikt vest.

Utsikta mot sør var i sjangeren dramatiske fjell 2: Kva for ein luring er det som stikk opp der borte?

I sørvest kneisa Straumshornet og Råna. Eg har ikkje skjønt kva som er så stas med Råna, men frå DENNE vinkelen ser eg jo kor flott råseglet stig opp frå resten av fjellrekka. 

I nord såg vi rett ned på den denne. Det har vore mykje diskusjon om monsterlinja (Ørskog - Fardal), men master og kraftspenn er jo nesten usynlege i forhold til den sinnsjukt stygge MONSTERANLEGGSVEGEN. Sjå godt etter så ser du kraftlinja og... Denne vegen var bygd med ca 20 grader helling rett opp sida i Vikedalen, og er noko av det grovaste naturinngrepet eg har sett på lang tid. Eg er for vasskraft og straumlinjer (til eit visst punkt), men meinar dei må kunne byggast etter LEGO-prinsippet og med delar som kan fraktast inn med helikopter der det i utgangspunktet er urørt natur. Altså MOT vegar av dette slaget. Tippar det vert klimaendring - veg 1-0 neste "normalvinter".  NESTE gong vi (samfunnet) skal diskutere kraftlinjer må vi kanskje diskutere infrastrukturen i avisinnlegga med? Søv vi (friluftslivfolket) i timen når dei faktiske planprosessane går, eller har vi brent alt krutet på JA/NEI-lesarinnlegg i forkant? Synnøve og meg gjekk inn i ein god diskusjon om kor linja faktisk skal gå vidare for å komme til Fardal? Det må sjekkast nærare. Vi tippa Rikseimdalen og Hjørundfjordkryssing, men så?
 ,
 
Koppen (808 moh). Høgaste punktet for dagen. 
Herifrå tok vi "Indre rute" ned til nokre vatn og utatt til stølen.

Påskestemning på "Indre rute" og flott utsyn til Aurdalsnibba og Ausekaret som på mange måtar er Synnøve sin heimebane. 

Gimsdalssætra frå aust

Lekker dag, med lekker utsikt!

Tilbake på Magerholm var det tid for å sjå seg attende. 
Slik ser Borgundkollen ut frå nordsida av fjorden.

2 kommentarer:

  1. juhuuu! Du er på min heimbane Lene! Borgundkollen ser eg på kvar dag, 100 gonger for dagen ifra jobb. En super fin tur! Den der monsterlinja du lurer på, den skal gå over Tynesfjellet, så ikkje gjennom Riksheimdalen, men rett ved byggefeltet på Ikornnes langs foten av Skopphornet. Så runde Skopphornet, opp på Gjevenakken, og da over Hjørundfjoren. Så elska Sessvatna går den langs, og krysser inngangen til vakre Megardsdalen. Midt i mine kjære turmål :( Visst du vil ha en spesiell tur vinterstid, så gå heile ryggen på Tynesfjellet, du har tinder på begge sidene! Men da skund deg, for linja skal gå rett over den :(

    SvarSlett