onsdag 26. februar 2014

Vintertelting på Rellingsætra

Laurdag 22.02. Korleis vart det eigentleg slik? - Eg undrar meg der eg køyrer innover til Norddal andre helg på rad, med OL på radioen. Det er ei heilt anna historie sjølvsagt. Må ein drive oppsøkjande verksemd for å finne vinter i februar så må ein.

I bilen er eg både spent og bekymra. Ingen av oss har telta på snø før, og det er ikkje verdas beste vermelding. Rellingsætra har eg høyrt om. Onkel Per var der som liten, dei somrane han vart sendt frå Oslo til familien på landet. Han har fortalt om mange fine sommarminne derifrå, og eg gler meg til å sjå.

Akkurat starta! Høg stemning. Det her går no brillefint! 
Ca 30 kg i pulken. Litt tyngre å dra enn forrige helg, men på preppa skogsbilveg går det som ein leik. 

På rett veg, og skal ein til fjells må det knekkast nokre motbakkar undervegs

Utsikt ned til Norddal og over fjorden til Valldal

Oppe ved Skihytta fann vi oss ein fin leirplass. Sønnavinden kom susande ut Dyrdalen, men vi låg i livd bak eit granfelt og litt vestafor dalmunninga. Vi set snart verdsrekord i å finne teltplassar i livd. Det var minusgrader, og laus snø. Pulken velta opp skråninga på slutten, fellene lausna frå skia mine og vi måtte trakke mykje og lenge. Trakkinga skulle resultere i hardt og jamt underlag og så var vi ganske opptekne av å vatre ut hellinga på staden. Trakking er ikkje det artigaste eg veit. Sygni berre løfta på augnebryna då eg etterlyste ferdigstilling etter ca 2,5 minutt... Vi sette opp teltet, og det gjekk som smurt denne gongen. Vi hadde berekna trakkeflata heilt perfekt, og det var fasinerande å sjå kor fort og korleis snøen endra seg og "sette seg" der vi hadde trakka. Snøpluggane på 50 cm var heilt perfekte. (Då eg pakka dei opp heime fekk dei namnet "Monsterpluggane")

Snart var det godstemning i leiren.

Nam! All matlaging på bålet og desserten på lur i aluminiumsfolie..

Det vart 3-rettar til kvelds mekka på bål: 
Tomatsuppe med mozarella a la Rett i koppen
Pinnebrød a la Foccacia med spekemorr til
Lune appelsinar med sukkerbitar og krydderier
Avec: Kakao a la Stormgjengen eller ein Te-knekt

Desserten vart det kulinariske høgdepunktet!
Knallgodt! Søte og fyldige! Sygni testa med kanel og sukker, medan eg held meg berre til sukkerbitar. 

Slik gjekk i grunn kvelden. Eg er ikkje utlært når det gjeld plassering av bål i bålgrop, så det skal vi forske meir på. Vi runda av med eit par av Jakob Sande sine utvalde i teltet så det stod ikkje på laurdagsunderhaldninga heller.

Frukost! Teltet står, god natt med søvn. Plussgrader både ute og inne, men at dette kvalifiserar til vintertelting er heilt klart. 

Helsport SVEA 3 camp. Eg vert meir og meir fornøgd med teltet. 

Eg tok kontakt med Helsport og spurde om refleksbardunar. Då fekk eg gratis bardunsnor med refleks i posten tvert, så eg kunne bytte ut bardunane. Veldig bra service.  Lett og solid telt. Forteltet er så stort at vi kan grave kuldegrop (ok, denne gongen vart gropa symbolsk grunn pga skarelag..) i same breidde som dørholet på tvers i forteltet. Då er det likevel i tillegg god plass til eit parispulkbrett på tvers inni forteltet med all bagasjen oppå. Glimrande løysing. 

Vi hadde høyrt vinden suse i fjelltoppane heile natta og det skulle ta seg opp utpå søndagen. Difor vart det berre ein liten tur innover Dyrdalen mot Innsetsætra. Dagens sjokk var at pulken ikkje var samarbeidsvillig. I skrått terreng i våt snø bikka den heile tida. Det var ekstra irriterande at det berre var min pulk som bikka. No hadde eg lavt tyngdepunkt og ingen vedsekk på toppen, så det var ikkje innlysande kvifor heller. 

Pulktur vart til skitur. 

Innsetsætra/Engesetsætra (600 moh). I februar. 
Er det ei bru? Vi fann inga bru og gjorde ikkje noko forsøk på å krysse elva.

Dyrdalen. 

Synnakulingen slo etterkvart i mot oss. Det var mildt, så eg fraus ikkje, og snøen smelta under skia våre. I ein dal som vanlegvis har FOR mykje snø i vinterferien.. I glimt såg eg det skein i blåe snøbrear oppe i fjellsidene. Ikkje eingong dei var dekt av snø i februar (truleg på rundt 1000 moh).  Dyrdalen trur eg er ein flott dal, og eg har lyst opp til Storvatnet ein dag det går an å sjå litt meir. 

Rosinen i pølsa var sightseeing på sjølvaste Rellingsætra. 
Lunt og vakkert ligg den der på ei hylle. Stor dal og svarte fjell. Setervollen er idyllisk med ei rekke sel på kanten som skil seg ut frå resten. 








 
På heimveg. Skihytta.

På skihytta møtte vi "halve bygda" på veg til fjells. Det var kjekt, for då kunne vi skryte uhemma over teltinga vår, og få nyttig info til seinare. Det er for eksempel bru over til Innsetsætra. 

Vel nede i bygda var vi godt nøgde med eigen innsats. Tor Erling prøvde seg med eit noko sarkastisk spørsmål om graden av villmark? Det tolka vi som rein misunning, og tok ikkje større notis av DET akkurat. Slik blir det berre når ein har overlevd vintertelting og vore ute i minst 24 TIMAR. Så det så.

Eg køyrde rett på ferja, kom med som siste bil og alt var berre velstand. Ute på Valderøya var det liten storm i kasta, syndeflod frå oven og springflo. Eg hadde i alle fall ikkje gått glipp av noko heime. Derimot hadde eg fått eindel å tenke på når det gjeld pulk. Faste drag? Framtidig faktisk forskning....

Takk for turen, Sygni! Bra plan B og fantastisk diktlesing!

4 kommentarer:

  1. kor koselige bilder og ord -- skulle vert artig å vere med dere ein gang på tur ;)

    ja d finnes ei bru te innsett setra -- følger råsa litt fram så finner dere den -- fint tur terreng der oppe ;)

    monikasmil

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kan vi vel få til på sikt :) Eg kjem nok til å fare innover att før eller seinare. Denne helga vart litt på impuls, men oftast er eg no litt meir strukturert og kan gje beskjed litt på førehand. :)

      Slett
  2. Kjekt å sjå og lese ,du e flinke med tekst :-)

    SvarSlett
  3. Takk sjøl for turen Lene! Og fortreffeleg 3-retters! Knall altso :)

    SvarSlett