søndag 9. februar 2014

Søndagstur med stegjarn

Søndag 9.02. Kristin og eg hadde sett av ettermiddagen til tur, og starta på Vartdalsætra langt på dag.

Klar for tur! 

Vartdalssætra er utgangspunkt for ein haug flotte turar, men det er første gangen eg startar på tur her. 

Jaha. Vi skal opp her då? Bekken mellom Store og Litle Kuven. 

Premiere! Stegjarn!

Greit å ha stegjarn på hard snø i bratte bakkar. Eg var rimeleg spent på korleis det var å gå tur med stegjarn. Tidlegare har eg berre prøvd det på guida tur på bre. 

Starten på Romedalstraversen framme og Kolåstinden bak

Effektive høgdemeter, og snart var utsikta formidabel. Sunnmørsalpane steig fram på alle kantar, den eine brattare og flottare enn den andre. Kristin er godt kjent i området og turvant, så det er utruleg kjekt å vere på tur i lag. Ho peikar og forklarar ruter og stiar og eg lærer masse lure triks. Utan at det er noko styr med det. 

Heile fjellrekka mellom Langedalen og Romedalen. Mannen og Kjerringa til høgre

Den svarte framme er Hallehornet, bak til venstre Jønshornet og Molladalstindane, til venstre Romedalstind.

Åvasstinden (1233 moh) var dagens mål. 

Vi gjekk utover ryggen her og mot venstre flanke. Her oppe bles det hardare, meldingane var på 13 m/s utpå ettermiddagen. Eg såg på klokka og bratta. Det var noko med magekjensla som ikkje var heilt bra. Vi hadde lykter og var førebudde på å gå delar ned i mørkret, men likevel. Vi snudde. Rimeleg irriterande, for med vinden i ryggen, nedoverbakke og dagslys resten av vegen ned så var det jo "piece of cake". Snikande tanke om at at vi hadde jo klart det... Og det hadde vi nok. Uansett hadde vi erobra "Store Kuven (868 moh) og hatt ein kjempefin tur!

   
 På Store Kuven. Kristin ser ut Barstaddalen. 

Dagens teambilde! Romedalstinden til venstre og Kolåstinden heilt bak til høgre
Magisk lys og solnedgang. 

Skymt på sætra då vi kom ned. 

Turen totalt 5 km og ca 450 høgdemeter

Åvasstinden står på lista over plassar eg skal på tur så fort som råd att!
 Her var det kjempefint, og før eller seinare skal eg opp på den. Det gjekk over all forventning å gå med stegjarn, så får eg sjå kvar gangsperra har slege til i morgon....
Eg vert litt høg av å gå på tur i slikt landskap - og eg trur dette er den beste alpeutsikta eg har hatt så langt på Sunnmøre. Takk for turen Kristin!

5 kommentarer:

  1. Dette ser no berre heilt fantastisk ut ! Nydeleg alpe landskap ,nydelege bilder :-)

    SvarSlett
  2. Takk for turen! Vi kommer oss nok opp dit neste gang :-)

    SvarSlett
  3. Det er dei vakreste fjella det, fjella kring Langedalen ;) Og der har ein perler for ein mannsalder, så det er berre å gyve laust. Sprekt med stegjarnstur no når det egentlig skulle vore skitur, eg slit med den mentale omstillinga :P

    SvarSlett
  4. Oi, oi - er rett og slett misunneleg:) dit vil eg og!

    SvarSlett