søndag 16. februar 2014

På jakt etter skiføre på Sunnmøre - Gråsteindalen

Søndag 16.02. Eg har ikkje vinterferie, og eg nektar å reise ut av fylket for å finne snø i februar. Hotell Union i Geiranger reklamerte for skiløyper i Gråsteindalen, og Sygni skulle uansett vere i Norddal i helga. Søndagsturen gjekk difor til Eidsdal, med ski og skeiser i bilen.

Austover i fylket var det vårleg og fint. Eidsdal låg der grøn og frodig over fjorden. Stengte vegar var ei påminning om lågsesong heller enn "Kong Vinter" sine herjingar. 

Vi varma opp med skeiser på Eidsvatnet (Kvitfjellet bak?). Kanonfin is med ein centimeter nysnø på. 
Tampen brenn... 

Artig for både vaksne og ungar!

Det vart utelunsj ved vatnet i Eidsdal. Ikkje gale i februar det. Sygni og eg drog vidare medan resten av gjengen skulle prøve seg på isfiske. 

Start på Korsmyra. Min første tur med "Parisbrett". Brettet vert heretter kalla "Pulken". 

Pulken hadde ca 20 kg tilfeldige pakkenellikar oppi. Det var lurt å ta bilde av meg og pulk tidleg. Det vart nokre grimasar og lydeffektar oppe i bakkane som eg tykkjer det er greit å IKKJE ha på film.. Det er mykje lettare å trekke enn å bere, men likevel uvant.

Sygni i godt driv! 

Flott og vill natur frå 50 meter etter parkeringsplassen. Vi gjekk opp i Gråsteindalen (Eg tenkte gråbein og ulvehistorier, men det viste seg å vere ei mental kortslutning). Det var køyrt opp løype, og den gjekk i ei stor sløyfe inne i dalen. Vi hadde snakka om Grandevatnet, og det såg  meir spennanande men framleis overkommeleg ut. Sidan eg i grunn var oppteken av å gå bak og dra pulk, så fall mykje av ansvaret for sporval på Sygni. Det var lurt. 

Nedover Gråsteindalen. Einaste plassen på Sunnmøre med skiføre?

Litt banning (Lene, pulkrelatert), to timar, 4 km og 400 høgdemeter seinare stod vi ved vatnet. 

Oppe! Få på klede... Lekkert landskap. 
Vi kjende oss sånn passeleg barske. Lett snøfokk, kald vind, svarte fjellsider..

Sygni nøgd på 1020 moh. 
Grandevatnet ned til venstre. Veggen på Trollkuphornet til høgre. Men kva heiter den spisse bak der? 

Geirangerfjorden rett ned for skuldra mi (høgre bildekant). Juhuu! Energi til å tulle litt. 

Deileg med to steg utan pulk. Så gjekk det brått opp for meg at eg skulle ned på ski med pulk. Ups. Jorda kallar. 
Øving gjer vel meister. Eg kom meg ned. -I fint driv, i følgje Sygni. DET var no dagens overstatement. 

Vardhornet og blåtimen på veg ned.

Kart - fin skiløype i Gråsteinsdalen. 
Stor parkering (Korsmyra) ved vegen rett ovanfor Ørnesvingane. 

4 kommentarer:

  1. ja er det ikkje fint inne her med oss ;)
    eg har enda ikkje vert nede på isen i år - så kansjepå tide å finne fram skeisene ;)

    monika

    SvarSlett
    Svar
    1. Veldig fint :) Flott is! No kjem vel snøen etterkvart. Flott i Gråsteindalen og, eg trur nok vi kjem til å ta fleire turar i området. Har lyst til å sjå korleis det er på sommarstid og.

      Slett
  2. Eidsdalen, der har eg og trakka en del ;) samboer er ifraEidsvatnet der, vakker plass <3 Har vært inn Gråsteindalen eg og, men da bart ute. Ikkje verst der inne med snø heller ;) Om du skal på tur i området til sommeren, anbefaler eg en tur opp til Oalsvatnet fra Eidsvatnet! Har gått sætrer der inne også, er så mange fine plasser! :))

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for tipset! :) Ja vi har i grunn ei super leikegrind i heile fylket - flott natur overalt.

      Slett