søndag 5. januar 2014

Sesongstart på Grøtshornet (663 moh)

Nytt år! Fottursesong i januar ser ut til å verte ein tradisjon! Vi startar overkommeleg, med godt mot og siktar oss inn på ein av toppane i Haram.

Håvard og Caro finn tonen, og stien frå nord er lett å finne. 
Fin utsikt mot øyane i Vatnefjorden, Dryna og Midøya etter berre ti minutt. 

Opp på heia og sjølvaste Grøtshornet kneisar der framme. 

Det passar med ein rast før siste motbakken.

Fin temperatur å gå i (+ 8 ved fjorden), men det vart fort kaldt. Pausane vart ikkje lenger enn nødvendig. 

Vi har begynt på ryggen oppover og er ved godt mot. Gunhild køyrer motivasjonsmeldingar frå høgdemeterappen sin. Det funkar godt på meg i alle fall!

 
Litt snø og hard snø på egga. Vert det for glatt oppover? Det var heldigvis mykje lyng og steinar innimellom.

Skikkeleg månelandskap på toppen, og dei "ekte" Sunnmørsalpane i bakgrunnen

Varden på toppen! 
Eg ser den først, og markerar det med eit lite hurrajubelbrøl. Det fungerar som eit startskot på delar av turfølgjet...

Gutta boys først oppe og ventar på toppen. - Kvar vart det av dåkke?

Dagens teambilde! Ny topp/ny rute for samtlege. 
 På toppen var det iskald. Frisk bris gjev bra vindkjøling trass i at utgangspunktet var plussgrader. 

Utsikt mot Urfjellet (t.v) og Storfjellet (t.h). Dit skal vi ein anna dag...


Så var det berre å komme seg heilskinna ned ryggen att då...
Grøtshornet var ein fin tur!

Caro! Kjekt å vere på tur med hund att!

Takk for følgjet! Flott start på nytt år. Godt å nyte dagslys desse korte januardagane. 

5 kommentarer:

  1. Men mor starta sesongen først!!!!

    SvarSlett
  2. Så herlige turbilder!! Flott gjeng på tur - til et supert turmål. Utsikten er også upåklagelig. Flott å komme i gang tidlig på året ;)

    Leste gjennom oppsummeringen din, litt av et friluftsmenneske. Du har jammen fått gjort mye herlig gjennom 2013 og MANGE netter i telt. I wish! :) Lykke til med dine planer for 2014, det blir BRA :D

    Takk for at du deltar i giveaway'n også ^_^

    Nyt dagen,
    Eli Kristin

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det - det hjelp med inspirasjon frå andre bloggerar og - for å komme seg over dørstokkmila sjølv.

      Slett
  3. Kjempe fin blogg du har.. he lagt meg til som følger og kommer innom igjen :) :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så hyggeleg då! Håpar på litt turar og aktivitet framover, så satsar på at det kjem nye drypp på bloggen utover våren :)

      Slett