tirsdag 21. januar 2014

Kveldstur på Tverrbotshornet (749 moh) og Tverrfjellet (744 moh)

21.01 Gunhild og Janne er i siget og lett med på tur. Eg har fått streng beskjed om å øve på orientering. Skal vi fare ein plass vi knapt har vore? Trass manglande skiføre er det nydelege januardagar no. Kalde klåre kveldar og lite vind.

Med utgangspunkt i Søvika og vegen opp mot Gamlemsveten la vi i veg. Eg har investert i lykt, så no hadde vi alle rikeleg med lumen. Målet var Tverrbotnshornet, og opp i bakkane tok vi av grusvegen og ut på stien. Stien var ikkje SÅ tydeleg mellom snøkladdane, og eg tok ut kompasskurs. Vi vart litt bleike då vi skjønte kor svart det var, og kor lite av landformene vi såg. Lyset var godt, men det er ikkje lett å orientere seg "i ein svart sekk", sjølv om ein ser ein radius på 100 meter. Det var akkurat lettskya nok til at det ikkje var hjelp frå måne eller stjernelys. Etterkvart såg vi at stien var stikka, og brøytestikkene stod tettare dess lenger inn på fjellet vi kom. Det  var betryggande, og stien fann vi. Siste ryggen oppover mot toppen var lett å følgje sjølv utan stikker.

Tverrbotshornet!

Fint rundskue med lys i alle bygder - her Søvika og Valderøya

Det var nesten ikkje vind og fin temperatur. Med ekstra jakke heldt vi fram innover platået. Det var heilt flatt og kjempestort. Nydeleg "tak" å gå på. Vi fann varden på Tverrfjellet og. Det er luksus å kunne gå slike turar på denne tida. 

Teambilde på Tverrfjellet

Vi kom oss heile og fine ned att og var gødt nøgde med kvelden. Caro var ikkje heilt seg sjølv, han hadde gått med snuten i sporet til ei løpsk tispe heile turen.. og brukte litt ekstra krefter på det. 

Ein stor takk til den eller dei som har merka stien på Tverrbotnshornet med stikker og refleks - det var kjekt å gå etter i kveld!

I Breivika i dagslys nokre dagar etterpå såg fjellet slik ut:

6 kommentarer:

  1. Svar
    1. Om enn ikkje heilt i mål med orienteringskunnskapane... ;)

      Slett
  2. Ja, utruleg at ein kan gå slike turar på denne tida av året! Det gir ei heilt spesiell stemning med å gå tur i mørket og hodelyktar, og ein vert utfordra litt meir på å orientere seg i terrenget. Alltid kjekt når nokon har tatt seg tid til å merke løypa, slik at det blir lettare for dei som ikkje er så godt kjende. Misunner deg turane - her blir det mest små stølsturar for tida. Tida strekk ikkje til noko meir nett no - men det viktigaste er no uansett å få lufta seg litt, så eg er nøgd med det, eg :) Ha ein fin dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Stølsturane i Førdeområdet er då slett ikkje å forakte! :) Lufting gjer godt - om det no er slik eller slik.

      Slett
  3. Utrulig kor rar vinter vi har! Fotturer midt i januar... men herlig er det også ;) Gå tur i mørkret er ei utfordring når man ikkje er kjent i området, men veldig reitt når man er fleir, så man ikkje føler seg "lost" aleine ;))

    SvarSlett
  4. synnøvelundes uteskole13. februar 2014 kl. 18:40

    Det var fint der i dagslys også:-).Jeg gikk ned mot (ikke helt ned til) Søvikvatnet og kom igjen litt høyere på grusvegen. men i dag vat det iskald østavind...

    SvarSlett