mandag 27. januar 2014

Januar-rulling

Måndag 27.01. Januar går mot slutten og  det er på høg tid å få seg ei rulleøkt. Denne ettermiddagen var den einaste vi kunne få det til. Iskaldt, frisk bris og tidleg mørkt. Vi møtte opp i den SAME småbåthamna på Giske denne gongen. Det er som vanleg dørstokkmila som er tyngst.

Mot Godøya og Alnes. 

Veldig fine, men alt for korte ettermiddagar. Vi kom oss på sjøen og det var skikkeleg austavind. Det var på grensa til handterleg i kasta. Planane om "øya rundt" vart droppa, vi kjende litt på kreftene, padla litt i motsjø og surfa innatt. Det var no tross alt januar-rullinga som var det viktigaste i dag. 


video
Sygni rullar glatt....

video
...og det gjer eg og!

Om ikkje verdas beste ruller så kjem vi oss fint rundt eit par gonger kvar. Oppdrag utført! Januar er i boks. Lengre og lysare dagar i vente!

4 kommentarer:

  1. Tøffe damer! Det var no litt liv i sjøen ser det ut som. Klar for anna vindretning enn austa, eg og..

    SvarSlett
  2. Flott gjennomført dokke 2! :-) ikkje berre berre med været vi har for tiden, masse vind....

    SvarSlett
  3. Dere rakk det ja. Jeg moter meg opp for februarvarianten for tiden, men heldigvis (he he) har det vært såpass med vind de to turene jeg har vært, at det har ikke passet ennå… ;)

    Fint å ha noen som pusher på vil jeg tro - jeg har bare meg selv som pusher og jeg er litt dårlig på det… Flinkere på unnskyldninger for å la være, egentlig. ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tja, du er no tøffare enn meg der du fer ut aleine :) Vi må no ha som mål å klare februar-rulla alle mann* (Dvs Sygni, Mildrid, Lidun, deg og meg?) Og om det er press som manglar så kan vi no sikkert fikse det ;)

      Slett