tirsdag 28. januar 2014

Grødet (684 moh)

Tirsdag 28.01. Stjerneklart. Friskt. Fint. Nytt fjell (for meg i alle fall). Hovudlykt-mafiaen la i veg mot Vatne og Grødet. Det var ikkje heilt enkelt å finne vegen gjennom byggefeltet. Det er nokre hus på Vatne. Ikkje reint få faktisk. I mørket er no det eine byggefeltet mykje likt det andre. Heldigvis er vi betre på å navigere i terrenget enn i byggefelt.
Dagens teambilde!

Ettersom Synnøve var med, så vart kveldsøkta straks å sjå på som grunnkurs "Nattnavigering" i "Synnøve Lundes uteskole"

I Haram må dei ha grueleg flinke folk til å merke stiar. Perfekt plasserte trepinnar, ca ein halv meter høge, markerte stien godt nok til at vi fann fram. Vi tok runden over heile fjellet, og det var ein skikkeleg fin tur. Her vil eg gjerne oppatt i dagslys. Hovsetsætra såg til å ligge vannvittig fint til med utsikt i øyane og havet. Stien ned derifra var skikkeleg koseleg gjennom kronglete gammalskog. Litt bratt, men artig.  

På toppen - 684 moh. Smal og høg varde på Grødet.

Ned gjennom eventyrskogen

Det er så godt å komme seg ut om kveldane, sjølv om det er mørkt. Eg er veldig glad for å ha kjekt turfølgje som vert med på nye og dels ukjende stiar med godt humør. 

Fin runde - egna kveldstur med lykt. 
Ca 600 høgdemeter kvar veg, og 6,5 km rundt.

Grødet sett frå Breivika tidlegare på dagen

Turskildringar finst på fleire av fjellturnettsidene, min favoritt blant dei er 

1 kommentar:

  1. Ååååå! Fekk så innmari lyst til å gå denne turen eg også! Kvifor må eg bo litt for langt unna?? Legge meg på hytte i området og leige deg inn som guide for ei helg?? Du inspirere meg i allefall Lene :))

    SvarSlett